Eit forløp i BUP startar vanlegvis med ei utgreiing som blir gjort ferdig innan seks veker frå oppstart. Utgreiinga inneheld ulike kartleggingar med barnet/ungdomen og foreldre/føresette. Kartlegging blir som regel gjort med samtalar, intervju, observasjon eller spørjeskjema. Det er viktig at opplysningar om tidleg utvikling, oppvekst og familieliv kjem fram, i tillegg til å synleggjere korleis barnet eller ungdomen har det i barnehage eller skule.
Nokre gongar blir testing gjennomført for å finne ut om barnet har problem med for eksempel innlæring, konsentrasjon, motorikk, språk eller minne. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle, og familien får presentert ein plan for korleis det blir gjennomført.
Det er viktig å vere merksam på at mange barn med åtferdsforstyrringar samtidig har lærevanskar, ADHD, autisme eller andre utviklingsforstyrringar. Det er også viktig å vere merksam på om barnet har hatt traumatiske opplevingar. Eksempel på slike opplevingar kan vere å ha opplevd eller vore vitne til vald, ha opplevd ei ulykke eller at ein brått har mista ein nær person.
Ved utgreiing av åtferdsforstyrringar vil behandlar på BUP saman med familien prøve å konkretisere den problematiske framferda. Det er viktig å avklare kva som skjer (sjølve problemåtferda), kva som leiar til åtferda (mulege triggarar), kva konsekvensar framferda har (både positive og negative), og kva som gjer at den problematiske åtferda held fram.
Nokre gongar vil det vere ein glidande overgang mellom utgreiing og behandling. For eksempel vil behandlar ofte vere oppteken av å kartlegge positive sider og styrkar hos barnet/ungdomen og familien eller nettverket. Dette er både ein del av utgreiinga og ein viktig del av behandlingsplanlegginga.