Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Augedrypping
Det er fleire grunnar til at ein må bruke augedråpar, for eksempel grøn stær, dryping etter operasjon, eller infeksjonar. Augedråpar er på lik linje med annan medisin og du skal bruke dei slik legen har gitt deg beskjed om.
Før
Vask hendene
Foto: St. Olavs hospital
Under
Vask vekk eventuelt smuss/sekret frå auget
Legg hovudet bakover
Trekk (forsiktig) ned det nedste augelokket, slik at det dannar ei "lomme"
Hald flaska som ein penn (1-2 cm over auget). For å få bedre støtte kan du la flaska kvile på naseryggen
Trykk ut ein drope slik at den kjem innanfor "lomma"
Hald auget igjen i 1-2 minutter for å få best mogleg effekt
Drypinga kan du gjere sittande, liggande eller ved å sjå deg i spegelen:
Har du problem med å "treffe auget" kan du drype med lukka auge:
Det er best å ligge flatt når du dryper med lukka auge
Støtt flaska med naserota
Dryp ein drope slik at den blir liggjande i augekroken
Når du opnar auget, kjem dropen på plass.
Når du dryper er det viktig at du:
Bruker den drypeteknikken som passar best for deg
Tørker forsiktig med reint papir dersom det kjem augedråpar på huda under auga
Når du skal drype med fleire dropar må det gå minimum 5 minutt mellom dropane
Etter
Det er normalt at det svir etter augedryping.
Ver merksam
Det er normalt at det svir, men får du raude og hovne auge, kan det vere ein allergisk reaksjon. Sei ifrå til legen din!
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.