Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

AV-fistel operasjon

Ein AV-fistel er eit samband mellom ein arterie og ein vene under huda. Denne blir laga til hos pasientar med nyresvikt som har behov for langvarig dialyse. Fistelen blir vanlegvis laga til på venstre underarm (den ikkje-dominante armen). Dette gjer at venen utvidar seg, og blir større og sterkare slik at han kan brukast til dialyse.

FØR

Når legen har bestemt at du treng ein AV-fistel, vil du først bli undersøkt av ein karkirurg. Det blir også tatt ein ultralydundersøking for å vurdere kva blodårar som eignar seg best. Du blir så innkalla til operasjon.

Før operasjonen

Dei fleste pasientar blir innkalla til ein preoperativ poliklinikk. Her møter du lege, sjukepleiar og fysioterapeut om aktuelt. Førebuingar til operasjonen (for eksempel blodprøver, urinprøver, EKG) blir gjort denne dagen. Du får eigen innkalling i HelsaMi om dette er aktuelt. 

For å hindre komplikasjonar etter operasjon er det viktig at du ikkje har pågåande infeksjonar. Ta kontakt ved feber eller infeksjon.  

Blodtrykket ditt blir målt ved preoperativ poliklinikk. Dersom blodtrykket er for høgt, over fleire målingar, kan dette krevje at du må til fastlegen din for å utgreiast vidare. Den planlagde operasjonen må då utsetjast til blodtrykket er under kontroll. 

Dersom du brukar blodfortynnande medisinar (for eksempel, Plavix, Marevan, Eliquis, Albyl-E) får du beskjed på preoperativ poliklinikk om korleis du skal bruke desse på operasjonsdagen.  

Ha reseptfrie smertestillande medikament heime, som Paracetamol og Ibux. Treng du sterkare smertestillande medikament, får du dette på resept eller med heim til dei første dagane. 

  • Ta med medisinane du har heime om du er i tvil.  

Før planlagt operasjon er det lurt å førebu heimen slik du har det trygt og praktisk når du kjem heim.  

  • Dersom du vil trenge hjelp av kommunal heimesjukepleie eller hjelpemiddel kan du sjølv melde frå til kommunen din slik at dette er planlagt før du blir innlagd.  
  • Ved behov for oppfølging av kommunal fysioterapeut etter operasjon (for eksempel ved hofte eller knekirurgi), må du sjølv ta kontakt og planlegge dette før operasjonen.  

For pasientar som skal leggast inn på sengepost 

Det er ikkje vanleg å reise på rehabiliteringsopphald, men nokon vil ha behov for heimesjukepleie eller korttidsopphald ved utskriving. Dette hjelper personalet deg med under opphaldet. 

For dagpasientar

Skal du til dagbehandling, må du sjølv avtale behov for heimesjukepleie eller korttidsopphald med kommunen på førehand. 

Ålesund sjukehus

Ønsker du å overnatte før operasjon? Du kan sjå pris og bestille rom ved Åse hotell her:Bestill rom ved Åse hotell - Helse Møre og Romsdal 

SNR Hjelset

Dersom du ønsker overnatting før operasjon kan du kontakte poliklinikken/inntakskontoret for prioritering og bestilling av overnatting ved pasienthotellet på sjukehuset.

For dagpasientar

Om du treng ekstra observasjon etter operasjonen.

Ålesund sjukehus

Dersom det av medisinske grunnar er behov for at vi følgjer deg tett den første natta, kan du bli flytta til eller få plass på pasienthotellet. I slike tilfelle dekker sjukehuset opphaldet.

Sjukehuset Nordmøre og Romdal

Dersom det av medisinske grunnar er behov for at vi følgjer deg tett den første natta vil du bli innlagt på sengepost.

Operasjonsdagen

Om du ikkje har vore på preoperativ poliklinikk får du snakke med turnuslege, sjukepleiar og kirurg på operasjonsdagen.

Alle skal faste om ein ikkje har fått beskjed om anna. Faste betyr at du ikkje skal ete, drikke, røyke, bruke snus, drops eller tyggegummi frå midnatt dagen før operasjonen. Du kan drikke klare væsker som vatn, svart kaffi, te og saft (ikkje drikk mjølk, juice og liknande) inntil 2 timar før oppmøtetid. Du kan pusse tennene som vanleg, sjølv om du skal faste før operasjon.

For å førebygge infeksjon skal du møte utan ringer, smykker og piercing. Du skal ikkje barbere operasjonsområdet sjølv, då barbering kan gi små sår i huda og dermed auke risikoen for infeksjon. Vi bruker klippar og ikkje høvel. 

Du skal møte nydusja, anten dusj kvelden før operasjonen eller operasjonsdagen. Bruk reint, romsleg og ikkje loande tøy etter dusj. Dersom du dusjar kvelden før, skal du også ha reint sengetøy.  Møt utan sminke og ikkje ta på parfyme eller bodylotion operasjonsdagen. All kosmetisk neglebehandling, inkludert neglelakk, gellack og støypte neglar, skal fjernast.  

  • Ved operasjonar i magen eller lyske må du gjere rein navlen. 
  • Dersom du skal til ortopedisk operasjon, skal du bruke våtserviettar med klorheksidin etter dusj. La væska trekke inn i huda før du kler på deg. Du får utdelt våtserviettane på preoperativ poliklinikk.  
  • Er operasjonen i handa eller i foten må neglar klippast og reingjerast. 

Ver venleg å møte presis. Vi må ha tid til å førebu deg til operasjonen. Vi gjer merksam på at oppmøtetid ikkje er det same som operasjonstidspunkt og det kan bli venting. Ta gjerne med lesestoff, iPad, musikk på øyret m. m.

For oppmøtestad, sjå under Kontakt lengre ned på denne sida. 

Uansett om du skal vere dagpasient eller bli innlagt på sengepost, er det lurt å ta med

  • Toalettsaker  
  • Gode, romslege klede 
  • Sko som sit godt på foten, og som er enkle og ta av og på 

Dersom du har fått beskjed om kva for faste medisinar du skal ta operasjonsdagen, følg den beskjeden. Ta med dine faste medisinar til sjukehuset.  

Dersom du ikkje har fått beskjed tek du med deg alle medisinar til sjukehuset operasjonsdagen. Du får da vite kva for medisinar du skal ta. 

Vær oppmerksam på følgjande medisinar 

  • Astmamedisinar
    Ta dei som vanleg, og ta dei med til sjukehuset. Bruker du dei berre ved behov, skal du likevel ta dei med. 
  • Diabetesmedisinar
    Om du skal faste før operasjonen skal du ikkje ta diabetesmedisin operasjonsdagen. Får du ete kan du ta diabetesmedisin som vanleg. Ta med fast og behovsmedisin til sjukehuset.  
  • Blodfortynnande /Vektreduserande /Revmatologiske medisinar
    Om du ikkje har fått informasjon om korleis du skal forholde deg til disse type medisinane, ta kontakt med sentralbordet, som kan sette deg over til aktuelt fagområde.

    Sentralbord Sunnmøre
    70 10 50 00
    Sentralbord Nordmøre og Romsdal
    71 12 00 00

Legg att ringer, smykker og verdisaker heime. Vi tek ikkje ansvar for eigendelar som blir oppbevart i seksjonen.

Før operasjonen vil du få informasjon om kva type bedøving som passar best for deg og inngrepet du skal gjennomføre. Her er ei oversikt over dei ulike formene for bedøving vi brukar, og kva dei inneber for deg som pasient.

Lokalbedøving

Dette er ei bedøving som blir gitt i området der du skal opererast. Du får ei sprøyte som gjer at du ikkje kjenner smerte akkurat der inngrepet skjer. Alle får lokalbedøving, og for nokre mindre operasjonar er dette den einaste bedøvinga som blir brukt. Du er vaken under inngrepet, men området er døyvd og smertefritt. 

Narkose

Narkose betyr at du søv djupt under heile operasjonen og ikkje kjenner noko. Du får medisinar som gjer at heile kroppen blir bedøvd, og du vaknar opp når operasjonen er ferdig. Dei fleste føler seg raskt vakne etterpå, og kan ete og drikke nesten med det same. 

Nerveblokade

Her får du bedøving som verkar på ein bestemt kroppsdel, til dømes handa eller foten. Dette gjer at du ikkje kjenner smerte i det området under og etter operasjonen. Effekten varer vanlegvis i 12–24 timar. I tillegg kan du få medisinar som gjer deg avslappa. 

Spinalbedøving

Denne typen bedøving blir gitt med ei sprøyte i ryggen, og gjer nedre del av kroppen døyvd. Du er vaken, men kjenner ikkje smerte frå området som skal opererast. 

Under

Operasjonen blir som regel utført i plexusblokade dvs. at berre armen blir bedøvd, men i somme tilfelle kan operasjonen utførast i lokalbedøving.

Etter

  • Operasjonen er i utgangspunktet dagkirurgisk.
  • Vanlegvis kjem du direkte tilbake til dagpost/sengepost frå operasjonsstova. I somme tilfelle kan det bli eit par timar på postoperativ avdeling.
  • Etter kort tid kan du få mat og drikke.
  • Det er normalt med litt friskt blod i bandasjen like etter inngrepet. Bandasjen blir skifta ved behov. Vi observerer om det er bløding og om det er ”svirr” i fistelen, noko som er eit teikn på at han fungerer.
  • Det er normalt med litt hevelse i operasjonsområdet og i handa.
  • Det er vanlegvis lite smerter ved dette inngrepet.

Heimreise

  • Du kan bli utskriven same dag dersom inngrepet er utført i lokalbedøving. Dersom du har hatt blokkade blir du vanlegvis innlagd i eit døgn.
  • Det tek 6-8 veker før fistelen er ”moden” og kan takast i bruk.
  • Sjukmelding etter avtale med lege.
  • Stinga blir fjerna hos tilvisande nyrepoliklinikk etter 14 dagar. Bestill time hos sjukepleiar for dette. Om du går i dialyse kan du fjerne stinga der.

Nokre hugsereglar for deg som har fått laga til AV-fistel

  • Ikkje la armen henge rett ned dei første dagane. Hald den som om du har armen i fatle.
  • Hugs å bevege handa og fingrane. Dette stimulerer utviklinga av fistelen.
  • Du kan dusje dagen etter inngrepet, først med vasstette bandasjar og så utan bandasjar etter 3-4 dagar. Legg alltid tørre og reine bandasjar på operasjonssårene etter at du har dusja.
  • Det skal ikkje takast blodprøver eller blodtrykk på fistelarmen!
  • Det er viktig at ikkje noko strammar rundt armen/handa. Flytt klokka til motsett hand og ikkje ber tunge ting rett på fistelen (ved, veskehandtak etc.).
  • Du må ikkje bruke armen til tungt arbeid den første tida.
  • Frå første dag skal du venne deg til å lytte på fistelen. Normalt skal du høyre “bruselyd” når du legg øyret inntil. Du skal også lære deg å kjenne svirr ved å legge motsett hand over fistelen.

Kontroll

  • Du får vidare oppfølging på nyrepoliklinikken.

Ver merksam

Kontakt sjukehus/lege dersom følgjande oppstår:

  • Heile armen hovnar opp (nokon kan oppleve at hand og fingrar hovnar opp. Som oftast skjer dette pga. endra blodsirkulasjon i fistelarmen).
  • Fistelen blir stille (ingen svirr eller følbar puls). Kontakt Medisinsk sengepost 2 (dialysen/nyre) og be om å få snakke med vakthavande lege på medisinsk avdeling.
  • Større bløding, bleik og kald arm/hand og/eller sterke smerter. Kontakt Kirurgisk sengepost A. Ring 113 dersom alvorleg bløding som ikkje stoppar.
  • Ta kontakt med fastlege dersom såret blir veksande raudt og hovent.
Sist faglig oppdatert 20.02.2023

Kontakt

  • Kontakt Kirurgisk sengepost A Ålesund

    Oppmøtestad

    4. etasje, fløy HØ (høgblokka). 

    For pasientar som skal til planlagt innleggelse er oppmøtested på Dageininga i 7.etasje, fløy HØ (høgblokka)).

    Hovudinngangen sett frå utsida.

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Parkering

    Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

    Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

    Betalingsalternativ
    • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
    • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
    • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
    • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
    HC-parkering

    HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

    Oversikt over sjukehusområdet

    Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
    Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

    Kart

    For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

    Finn fram på sjukehuset med Mazemap

    Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

    Hovudinngang Ålesund sjukehus
    Åsehaugen 5D
    Administrasjonsbygget
    Åsehaugen 1b
    Akuttmottak
    Åsehaugen 5C
    Apotek
    Åsehaugen 5A
    Audiopedagogen
    Åsehaugen 9
    Dagkirurgi aust
    Åsehaugen
    Barne- og ungdomsavdelinga
    Åsehaugen 11
    Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
    Geilebergvegen 20
    Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
    Geilebergvegen 16
    Habiliteringsbygget
    Åsehaugen 3
    Kreftavdelinga
    Åsehaugen 17
    Psykiatribygget
    Åsehaugen 7A
    Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
    Geilebergvegen 20
    Åse hotell
    Åsehaugen 7
    Åsebøen 1
    Åsebøen 5

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Pasientreiser

    Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Fly

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    ​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

    Kafé

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Dagpost Ålesund

    Oppmøtestad

    7. etasje, fløy HØ (høgblokka). Dageining. 

    Barselavdelinga ved Ålesund sjukehus, har spisestove med døgnopen buffé. Kvinner og partnarar som er innlagde har dekt måltid, og ordnar mat til seg sjølv. I tilfelle det er behov for hjelp på grunn av helseutfordringar kan personalet hjelpe til med å hente måltid. For innlagde i avdelinga er det ein middag frå Fjordland per dag. Sjå instruksjonar i buffé for reinhald.