Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
UTE-PDT
Behandling av solskada hud
Dagslys-PDT (fotodynamisk behandling) er ei ikkje-kirurgisk behandling av solskada hud. Målet med behandlinga er å øydelegge solskada hudceller.
Før
Atterhald om ver
Når det er dårleg vêr kan ikkje UTE-PDT blir gjennomført.
Forbehandling heime med Locobase Renew
Veka før behandlinga: Huda på behandlingsstaden smør du med Locobase Renew. Smør kvar kveld den siste veka før behandling, men la ver å smørje dei to siste kveldane før behandling. Ikkje bruk krem eller sminke i behandlingsområdet den dagen du skal behandlast.
Kva gjer du om du bruker faste medisinar? Bruker du faste medisinar tek du med ei liste over desse. Viss du nyttar blodfortynnande medikament, rådfører du deg med fastlegen din om du kan la vere å ta dette medikamentet dagen før behandlinga og behandlingsdagen.
Før du kjem til timen: Smør deg med solkremen faktor 30 eller høgare minst ein ½ time før du kjem til behandling.
Under
Behandling (to-delt):
Del 1: Første del av behandlinga skjer på legekontoret. Lege eller sjukepleiar skrapar lett på hudområdet som skal behandlast. Deretter blir behandlingskremen påført. Behandlingskremen gjer dei solskada hudcellene lysømfintlege.
Del 2: Andre del av behandlinga blir gjort ved hjelp av naturleg dagslys. Etter at du har fått påført behandlingskremen, må du gå utandørs innan det har gått 30 min.
Du må no opphalde deg samanhengande utandørs i dagslys i 2 timar. Du kan bruka toalett innandørs ved behov.
Dei solskada hudcellene er no lysømfintlege og blir øydelagde når dei blir utsette for dagslys.
Etter
Du skal vanlegvis ikkje tilbake til hudavdelinga etter opphaldet i dagslys er ferdig.
Kva gjer du når opphaldet i dagslys er ferdig? Overflødig krem vaskast/tørkast av. Resten av dagen anbefaler vi at du unngår soleksponering og at du oppheld deg innandørs. Unngå sollys også gjennom vindauge. Om du likevel må opphalde deg utandørs etter behandling, rår vi deg til å bruke høg solfaktor (faktor 50).
Korleis skal hudområdet behandlast i dagane etterpå? Det kan oppstå raudleg farge og irritasjon i behandlingsområdet i etterkant av behandlinga. Behandlingsområdet kan med fordel smørast med fuktgivande krem i dagane etter behandlinga. Dette held huda smidig.
Bruk alltid krem med høg solfaktor 30 eller høgare. Det er spesielt viktig dei første to – tre vekene etter behandlinga.
Ver merksam
Dagslys-PDT er rekna for å vere mindre smertefull enn vanleg belysning med PDT-lampe, men noko smerte må forventast.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Betalingsalternativ
Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk.
Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.
Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.
Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.
Fly
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.
KaffibarSjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.