Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Planlagt amputasjon (tå, forfot, legg eller lår)

Amputasjon av ein del av eit bein er i blant nødvendig når andre medisinske tiltak ikkje fører fram.

Før

Dei som kjem til Kirurgisk sengepost A for amputasjon har i utgangspunktet ein alvorleg sirkulasjonssvikt i beina som gjer at dei har sterke smerter og/eller sår som ikkje vil gro. Desse såra vil vere ein inngangsport for bakteriar og kan gi gjentekne infeksjonar som krev sjukehusinnlegging.

Grunnar til sirkulasjonssvikt kan vere diabetes og/eller åreforkalking. 

I nokre tilfelle kan ein gjere inngrep/operasjon for å forbetre blodsirkulasjonen, men i andre tilfelle er det ikkje mogleg. Amputasjon vil då bli diskutert saman med deg og ein blir samd om vegen vidare.

Under

Operasjonen blir som regel utført i ryggbedøving, i tillegg får du noko å slappe godt av på.

Etter

  • Du blir liggande på postoperativ avdeling dei første timane, eventuelt på kirurgisk intensiv til neste dag.
  • Ein ønsker god smertelindring – sei i frå dersom smertene er slik at du ikkje klarer å bevege deg i senga og/eller ikkje får sove.
  • Du skal mobiliserast opp første dag etter operasjonen (individuelle omsyn må takast). Mobilisering er viktig for å førebygge komplikasjonar som lungebetennelse og blodpropp (stimulere blodsirkulasjonen og aktivere musklane). Der er ingen restriksjonar så sant ikkje der er bløding som må takast omsyn til. 
  • Sårskift vil bli utført av sjukepleiar/lege med jamne mellomrom, ikkje nødvendigvis dagleg. 
  • Ver forsiktig og pass på at amputasjonsstumpen/såra ikkje får slag/støyt mot seg ved mobilisering. 

Ved legg- og låramputasjon

  • Du vil ha epidural smertepumpe og urinkateter. Epiduralen vil gradvis trappast ned nokre dagar etter operasjonen. Når epiduralkateteret i ryggen blir fjerna kan ein også fjerne urinkateteret.
  • Av og til legg ein inn eit sårdren – dette blir fjerna 1-2 dagar etter operasjonen.
  • Du vil bli tilvist fysioterapeut og ergoterapeut for tilpassing av rullestol og starte opptrening, lære flyttingsteknikkar.
  • Kvar enkelt pasient blir vurdert for moglegheita for protese. Dersom dette skulle bli aktuelt vil du bli tilvist til fysikalsk-medisinsk avdeling for protese-tilpassing og opptrening. Der er noko avgrensa kapasitet og det er sjeldan at pasientar blir direkte flytta over til fysikalsk-medisinsk avdelinga frå oss. Det vil bli søkt om eit korttids-/opptreningsopphald på sjukeheim i mellomtida.
  • Du kan få ei pute til å ha under amputasjonsstumpen det første døgnet, men etter det skal stumpen ligge flatt for å sikre god sirkulasjon og førebygge avstiving av gjenverande ledd. 
  • Tap av eit bein kan opplevast tungt og vanskeleg – sorg, mismot og sinne er naturlege reaksjonar. Våg å snakk med sjukepleiarane om korleis du har det! 

Vidare etter operasjonen

  • Dersom alt går komplikasjonsfritt er ein klar for heimreise 5-7 dagar etter legg- eller låramputasjon og 1-2 dagar etter forfot- og tå amputasjon.
  • Ved legg- og låramputasjon vil du bli utskriven til sjukeheim.
  • Dersom du er protesekandidat vil du få eit opphald på fysikalsk-medisinsk-avdeling på sjukehuset etter kvart.
  • Det vil i andre tilfelle bli søkte om kommunal hjelp dersom behov. 
  • Suturar ved legg- og låramputasjon skal fjernast etter 3 veker. Ved forfotamputasjon er der ingen suturar. Ved tå amputasjon kan der vere suturar – det blir avtalt ved utskriving kor lenge dei skal stå.
  • Sårskift blir utført som tilrådd av lege ved utskriving.
  • Har du behov for smertestillande og/eller antibiotika vil du få resept på dette ved utskriving.

Kontroll

  • Der er ingen rutinemessige kontrollar. Ved behov blir dette avtalt ved utskriving. 

Ver merksam

Ta kontakt med lege dersom

  • Såret blir veksande raudt og hovent, og du har feber over 38-38.5 grader.
  • Du blør frå såra, slik at du må skifte bandasjane mange gonger dagleg.
  • Du har mykje smerter eller tiltakande smerter som ikkje blir lindra av smertestillande tablettar.
Sist faglig oppdatert 10.11.2025

Kontakt

Ålesund sjukehus Kirurgisk sengepost A Ålesund

Kontakt Kirurgisk sengepost A Ålesund

Oppmøtestad

4. etasje, fløy HØ (høgblokka). 

For pasientar som skal til planlagt innleggelse er oppmøtested på Dageininga i 7.etasje, fløy HØ (høgblokka)).

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.