- Ta på ein laus t-skjorte som du kan bruke under heile registreringa. Utstyret blir montert delvis utanpå denne.
- Du skal fortsette å ta medisinane dine som vanleg.
- Om du bruker medisin som regulerer blodtrykket, skal du ta dette som vanleg, om ikkje lege har gitt anna beskjed.
- Det er lurt om du har på deg eit vanleg bukse-belte som utstyret kan bli festa på.
Blodtrykksregistrering i 24 timar
24-timars blodtrykksregistrering er ein metode der blodtrykket ditt blir målt mens du er i normal aktivitet.
Det er på hjartepoliklinikken du får kobla på deg eit 24 timars blodtrykksapparat. Målingane blir utført for å finne ut av kva det daglege blodtrykket ditt er.
Det er ei rekke grunnar til at legen anbefalar å gjere ei slik døgnmåling. Mellom anna:
- Usikkerheit om blodtrykket verkeleg er høgt.
- Blodtrykket målt på legekontoret varierer mykje.
- Legen ønskjer å sjå kor godt blodtrykksmedisinen verkar, og forsikre seg om at medisinen kontrollerar blodtrykket ditt gjennom heile døgnet.
Før
Under
Når du kjem, treng testledaren nokre opplysningar frå deg, som når du pleier å legge deg og når du står opp. Vi fester ein blodtrykksmansjett på din venstre arm. Denne er kopla med ein slange til eit lite apparat (10 x 10 cm) som du ber med deg i ei veske. Apparatet er på førehand programmert til å ta fleire blodtrykksmålingar og måle pulsen gjennom døgnet. Mest vanlege er at blodttrykket blir målt to gonger i timen om dagen/kvelden, og ein gong i timen om natta. Den tida du går med blodtrykksapparatet, skal du ha så normal aktivitet som mogleg.
Etter
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for hjartesjukdommar
Oppmøtestad
Møt på hjartemedisinsk poliklinikk i 1. etasje, ikkje langt frå apoteket.Opningstider poliklinikken
- I dag 08:00 - 16:00

Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5

