Brukertest på hud ved allergi
Undersøkinga blir nytta der det er mistanke om kontaktallergi mot produkt som kosmetikk, kremar og legemiddel til bruk på huda. Brukartest kan berre bli utført med produkt som er meint å ligge på huda over tid. Dersom du testar produkt som ikkje er meint å ligge på huda over tid, kan det oppstå hudirritasjon og eventuelt etseskade.
Før
Du kan ikkje gjere testen på hud der du har utslett frå før, tatoveringar eller andre sår/hudskadar.
Du kan ikkje gjere testen på hud der du har smurt kortisonkrem dei siste 7 dagane.
Nokre produkter kan sette farge på hud eller klede.
Under
- Eit område på 3x3 cm utan utslett (helst på underarmen) blir avmerkt med «skinmarker»/hudpenn. Området skal vere fritt for eksem eller anna hudutslett.
- Området blir smurt med det produktet det er mistanke om allergi for. Dette blir gjort to gonger dagleg i inntil ei veke. Dette må du gjere heime, anten sjølv eller med hjelp frå ein i familien.
- Dersom det oppstår ein reaksjon, skal du avslutte testen. Ein reaksjon vil vise seg som kløe og raud hud.
- Du skal ikkje dekke til testområdet.

Biletet viser korleis du skal merke av hudområdet.
Avlesing kan du gjere sjølv, eller du kan avtale ein rask kontroll hos fastlege eller få hjelp frå heimesjukepleiar å vurdere huda.
Positiv test:
Kløe og raud hud på området som er smurt: Sannsynlegvis allergi mot produktet.
Negativ test:
Ingen utslett på området som er smurt: Sannsynlegvis ingen allergi mot produktet.
Etter
Får du reaksjon i huda, bør du unngå produktet i framtida. Er du usikker på resultatet kan du gjere testen på nytt etter nokre uker for å sjå om du får same reaksjon.
Ver merksam
Brukartest kan berre bli utført med produkt som er meint å ligge på huda over tid. Dersom du testar produkt som ikkje er meint å ligge på huda over tid, kan det oppstå hudirritasjon og eventuelt etseskade.
Sist faglig oppdatert 27.03.2025







