Undersøking, Dopamintransporter scintigrafi

DaTSCAN - nukleærmedisinsk undersøkelse av hjernen ved Ålesund sjukehus

Undersøkinga blir gjort for å kunne vise forandringar i hjernens dopaminaktivitet. Desse forandringane kan oppstå til dømes ved Parkinsons sjukdom. Vi bruker eit sporstoff merka med ei lita mengde radioaktivitet for å kunne seie noko om dopaminaktiviteten i hjernen. Vi bruker eit gammakamera eller ein SPECT/CT for å ta bilda.

Før

Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her blir oppgitt informasjon som er viktig for undersøkinga.

Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har mottatt innkallingsbrevet.

Om du er gravid, kan vere gravid eller om du ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har mottatt innkalling til undersøking. I dei aller fleste tilfella skal då denne undersøkinga ikkje gjennomførast.

Viktige førebuingar

  • Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga
  • Du kan ete og drikke som vanleg
  • Du må kunne ligge stille på ryggen på ein undersøkingsbenk i omtrent 30 minutt mens vi tar bilda

Under

Du vil få sett inn ein kanyle i ein blodåre i armen. Dette er nødvendig for å kunne gi deg dei to stoffa som skal takast opp i kroppen din. Det første stoffet blokkerer opptak i skjoldbruskkjertelen, og det andre er eit sporstoff merka med ei lita mengde radioaktivitet som blir tatt opp i dopamintransportere i hjernen.  Vi tar bilde omtrent 3 timar etter at du har fått sporstoffet.

Når vi tar bilda legg vi deg på benken med hovudet i ein hovudstøtte. Gammakameraet kjem nært hovudet ditt for å få så gode bilde som mogleg. Bildetakinga tar omtrent 30 minutt.


Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Det tar nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din.

Bilda skal etterbehandlast og blir granska av legar ved nukleærmedisin. Svar på undersøkinga blir sendt til legen som har tilvist deg.

Kontakt

Ålesund sjukehus Radiologi Ålesund

Kontakt Radiologi Ålesund

Oppmøtestad

Avdeling for radiologi  finn du i 2. etasje i høgblokka på sjukehuset. 

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengde inngangsparti

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. 

9. september 2024 stenger inngang A ved psykiatribygget (Åsehaugen 7a). Pasientar, pårørande og andre besøkande skal bruke inngang på austsida for å kome til psykiatribygget (punkt 13 på bildet). Tilkomst via gangsti frå hovudinngangen (Åsehaugen 5d) på sjukehuset.  

Kart

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:

  • Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40 70 10 55 41  mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
  • Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27  mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.