Behandling
DD-behandling
Behandlinga er til pasientar med hudsjukdommar (som handeksem, nevrodermatitt, psoriasis og pustulosis palmoplantaris), der ein ønsker auka effekt av kortison. Duoderm aukar effekten av Dermovat samtidig som den beskyttar huda mot irritasjon.
Tilvising og vurdering
Behandlinga blir føreskrive av hudlege.
Før
Behandlingsområdet og huda rundt må gjerast reint og tørke.
Under
- Behandlingsområdet og huda rundt må vere reint, tørt og fritt for feitt.
- Dermovatoppløysning blir pensla tynt på det aktuelle området med bomullspinne. Dette blir gjort i to omgangar. La oppløysninga tørke mellom kvar påføring.
- Behandlingsområdet blir dekt med Duoderm når oppløysninga har tørka. Både tynn Duoderm eller Duoderm E kan nyttast. Tynn Duoderm blir ofte brukt der ein ønsker ei fleksibel plate, for eksempel til fingrar. Duoderm E er tjukkare og nyttast ofte under føtene. Duodermplata blir klipt til slik at den dekker cirka to centimeter utanfor behandlingsområdet.
- Duodermplata kan eventuelt dekkast med plaster, til dømes Mefix, slik at den sit betre.
- Plata skal sitje i ei veke før den blir skifta. Behandlinga blir gjentatt. Det er vanleg å bli behandla i fire til seks veker.
Gode råd
Dersom byte av duodermplater skal skje ved poliklinikk, kan du fjerne plata kvelden før neste behandling, slik at du får vaska området. Unngå å smørje dette feltet med salve eller krem.
Duoderm toler vatn, men vi tilrår ikkje dusj eller bad.
Ver merksam
Det er få biverknader knytt til behandlinga. Eit fåtal utviklar kontaktallergi mot duodermplatene og/eller mot dermovatoppløysninga.