Diureserenografi, barn - nukleærmedisinsk undersøkelse av nyrene ved Ålesund sjukehus
Ved diureserenografi bruker vi eit radioaktivt merka stoff som blir tatt opp og skilt ut av nyrene. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det tatt opp i og skilt ut igjen av nyrene, og vi kan følge denne prosessen ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT/CT maskin. På denne måten kan vi sjå korleis nyrene til barnet fungerer.
Før
Ta kontakt med oss om barnet nettopp har vore til urografi.
Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her blir oppgitt informasjon som er viktig for undersøkinga. Om de ikkje kan møte til timen, må de gi beskjed om dette så fort som mogleg. Ofte blir innkallinga sendt frå barnepoliklinikken, det er for å førebu barnet til undersøkinga før oppmøte på nukleærmedisin.
Viktige førebuingar
Vi har behov for informasjon om høgde og vekt til barnet
Om barnet har behov for kateter for å tømme blæra, må de ta med nok utstyr til dette på undersøkingsdagen. Husk òg å ta med bleiar om barnet bruker det
Barnet skal drikke godt med vatn (eller saft) før de møter til undersøking. Barnet vil òg bli bedt om å drikke ein gitt mengde når de møter til undersøkinga
Det er fint om de tar med ein leike/bok/bamse barnet er glad i. De kan vere saman med barnet under heile undersøkinga
Under
Barnet vil først få ein kanyle i armen. Dette blir gjort på barnepoliklinikken viss oppmøtet er der. Vi legg barnet på undersøkingsbenken i gammakameraet eller SPECT/CT maskina. Vi set sporstoffet i kanylen i armen, og startar bildeopptaket.
Sjølve bildeopptaket tar 20-30 minutt, og det er viktig at barnet kan ligge stille denne tida. Vi vil gi eit vassdrivande stoff undervegs i undersøkinga. Ved behov tar vi eit ekstra bilde etter at barnet har tissa/tømt blæra. Dette siste bildet tar berre nokre minutt.
Etter
De kan reise heim når undersøkinga er ferdig.
Bilda skal etterbehandlast og blir granska av legar ved nukleærmedisin. Svar på undersøkinga kjem til legen som har tilvist barnet til undersøkinga.
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
Ny tilkomst frå 20. november
20. november stenger Inngang nord (poliklinikkinngangen) ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.
Markerte parkeringsområde aust for sjukehuset. Sone for "kyss og kyr" ved barne- og ungdomsavdelinga. Her finn du også parkering for blodgivarar.
Merk at taxi kan køyre inntil hovudingangen.
Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.
Fly Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.
Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:
Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40/ 70 10 55 41 mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27 mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.
Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.
Passord på SMS Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.