Undersøking
Diureserenografi, barn - nukleærmedisinsk undersøkelse av nyrene ved Ålesund sjukehus
Ved diureserenografi bruker vi eit radioaktivt merka stoff som blir tatt opp og skilt ut av nyrene. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det tatt opp i og skilt ut igjen av nyrene, og vi kan følge denne prosessen ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT/CT maskin. På denne måten kan vi sjå korleis nyrene til barnet fungerer.
Før
Ta kontakt med oss om barnet nettopp har vore til urografi.
Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her blir oppgitt informasjon som er viktig for undersøkinga. Om de ikkje kan møte til timen, må de gi beskjed om dette så fort som mogleg. Ofte blir innkallinga sendt frå barnepoliklinikken, det er for å førebu barnet til undersøkinga før oppmøte på nukleærmedisin.
Viktige førebuingar
- Vi har behov for informasjon om høgde og vekt til barnet
- Om barnet har behov for kateter for å tømme blæra, må de ta med nok utstyr til dette på undersøkingsdagen. Husk òg å ta med bleiar om barnet bruker det
- Barnet skal drikke godt med vatn (eller saft) før de møter til undersøking. Barnet vil òg bli bedt om å drikke ein gitt mengde når de møter til undersøkinga
- Det er fint om de tar med ein leike/bok/bamse barnet er glad i. De kan vere saman med barnet under heile undersøkinga
Under
Barnet vil først få ein kanyle i armen. Dette blir gjort på barnepoliklinikken viss oppmøtet er der. Vi legg barnet på undersøkingsbenken i gammakameraet eller SPECT/CT maskina. Vi set sporstoffet i kanylen i armen, og startar bildeopptaket.
Sjølve bildeopptaket tar 20-30 minutt, og det er viktig at barnet kan ligge stille denne tida. Vi vil gi eit vassdrivande stoff undervegs i undersøkinga. Ved behov tar vi eit ekstra bilde etter at barnet har tissa/tømt blæra. Dette siste bildet tar berre nokre minutt.
Etter
De kan reise heim når undersøkinga er ferdig.
Bilda skal etterbehandlast og blir granska av legar ved nukleærmedisin. Svar på undersøkinga kjem til legen som har tilvist barnet til undersøkinga.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Radiologi Ålesund
Kontakt Radiologi Ålesund
Oppmøtestad
Avdeling for radiologi finn du i 2. etasje i høgblokka på sjukehuset.
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5