Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

EEG-registrering i 24 timar, Ålesund

Dette er ei undersøking av den elektriske aktiviteten i hjerna. Med EEG-apparatet registrerar vi den elektriske aktiviteten ved å feste små, runde elektrodar til bunnen av hovudet med ein fast og seig salve (elektrodepasta). Frå elektrodane går det ledningar til måleutstyret. Målingane (registreringane) ser vi på dataskjermen som EEG-kurver.

Før

Korleis kan eg forberede meg?

  • Det er lurt å ha på skjorte og/eller jakke med knapping/glidelåsopning framme. Det vert vanskeleg å trekke klede over hovudet med utstyret kopla til.
  • Du bør ete og sove mest mogleg som normalt både før og det døgnet EEG blir registrert.
  • Ta eventuelle faste medisinar som vanleg.
  • Ver vennleg og møt opp med nyvaska hår, utan hårspray, gele eller krem i. Du kan få hjelp til å vaske håret etter undersøkinga.

Gjør det vondt?

EEG-undersøking gjer ikkje vondt. Du treng ikkje bedøving. 


Under

Elektrodar vert festa med ein krem og klistrelapp til hovudbotnen din.
Ei hette/bandasjestrømpe ytst hjelper til med å halde elektrodane på plass i 24 timar.
Elektrodane koplast til ein liten opptakar som kan berast i eit belte rundt livet eller i ein sekk på ryggen.

Undersøkelsen krever at ein klarar å sitte i ro i om lag 20- 30 minuttar i mens elektrodane blir festa. Så lenge ein sitter i ro kan ein halde på med andre ting som å lese eller høyre på musikk, mens utstyret blir kobla på.

Elektrodane kan løsne. Det er derfor fint om du tar hensyn til dette ved å forsøke å unngå kraftige bevegelsar som hopping og dansing og å dra i hetta eller klø deg i hovudet. Du kan ellers leve som vanleg under undersøkelsen. 

Du møter på poliklikken igjen neste dag for å kople i frå utstyret. Tidspunkt avtalast den dagen du får elektrodane påkopla. 

Angåande små barn

Det er avgjerande for undersøkinga at ein ligg heilt i ro medan elektrodane festast på. Det er difor fint om vaksne følger dei minste barna. Ta gjerne med noko som kan hjelpe til å halde barnet roleg: til dømes ei flaske med drikke, smokk, leiker, bøker, video/dvd eller liknande.

Etter

Rester av elektrodekremen blir sittande i håret når utstyret er koblet frå, så du vil ha behov for å vaske håret etter undersøkinga.

Resultatet vert sendt til legen som tilviste deg til undersøkinga.

Kontakt

Ålesund sjukehus Nevrologisk poliklinikk Ålesund

Kontakt Nevrologisk poliklinikk Ålesund

Oppmøtestad

Vi held til i 1. etg. Kjem du inn hovudinngangen, tek du mot høgre, forbi heiser, inn glasdøra rett fram. Då finn du oss i starten av korridoren.
Luka ligg på høgre hand.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og inngang til sjukehuset. 

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

 

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

 

 

 

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.