Undersøking, Ultralyd av hjartet
Ekkokardiografi
Ultralyd av hjartet brukast til å vurdere struktur og funksjon på hjartekammera og hjarteklaffane.
Ultralydundersøking er ofte nok til å avgjere om ein pasient bør opererast eller halde fram med kontrollar eller medisinsk behandling.
Før
Ingen spesielle førebuingar er nødvendig.
Prøv å unngå å ta hurtigvirkande vanndrivande dei siste 2 timane før undersøkinga.
Undersøkinga vert gjort med eit ultralydhovude plassert på brystveggen. Det er nødvendig med god kontakt mellom lydhovudet og huda. Du må difor vanlegvis kle av deg på overkroppen. Bruk gjerne klede som er relativt enkle å ta av og på.
Under
Du vert vanlegvis bedt om å legge deg over på venstre side. Hjertet fell då fram mot brystveggen og vert lettare undersøkt.
Når ein trykker med lydhovudet mot ein stad over lengre tid kan det verte litt ømt. Dette er ufarlig, men sei gjerne ifrå viss det skjer.
Under undersøkinga vil lydhovudet bli flytta til ulike stader på brystveggen, og du vert av og til bedt om å endre stilling.
Undersøkinga vil gi opplysningar om korleis dei ulike hjartekammera fungerer, storleik, samanstrekkingsevne og veggtjukkelse.
Ein vil sjå om venstre hjartekammer (hovedpumpa til hjartet) er skada eller til dømes eit hjarteinfarkt. Ein vil få nokså nøyaktige opplysingar om korleis dei fire klaffane i hjartet fungerer, og kjennskap til trykkforholda i hjartet. Ein vil sjå om den første delen av hovedpulsåra er utvida. Når det gjeld medfødde hjartesjukdommar vil ultralydundersøking vanlegvis gi fullstendige opplysningar om kva for feil det dreiar seg om.
Ultralydundersøking er ofte nok til å avgjere om ein pasient bør opererast eller halde fram med kontrollar eller medisinsk behandling.
Hovudbegrensninga ved undersøkinga er at ein ikkje kan sjå forsnevringar på kransearteriane i hjartet, dvs. slike endringar som gir angina. Slike endringar må evt. vurderast ved hjelp av andre typar undersøkingar.
Hos ein del pasientar kan det vere vanskeleg å få tilstrekkeleg innsyn frå brystveggen. I slike høve, og enkelte andre høve, kan det bli aktuelt med andre undersøkingsmetodar.
Etter
Undersøkinga er heilt ufarleg, og det er ikkje naudsynt med særlege tiltak etterpå.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for hjartesjukdommar
Oppmøtestad
Poliklinikken held til i 2. etasje i lågblokka på sjukehuset.
Opningstider
- I dag STENGT
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5