Eksponering med responsprevensjon (ERP)

Eksponering med responsprevensjon inneber å gradvis bli utsett for ubehagelege situasjonar. Gjennom ei slik eksponering kan ein lære seg å tolerere angst, kombinert med at den rituelle åtferda ikkje blir utført.

Eksempelvis kan ein person med smittetvang trene ved først å ta på noko dei vurderer som "litt skitent". Det kan vere eit tørkepapir, som så vidt har vore borti eit anna tørkepapir, som igjen har vore i kontakt med enden på ein tannpirkar, og denne har vore borti ei bok på ein stad personen opplever som skitent. Dette er "eksponeringa". "Responsprevensjonen" består i at ein ikkje skal vaske seg etterpå.

Eit anna eksempel er å forlate huset og sjekke låsen berre éin gong (eksponering) utan å gå tilbake og sjekke igjen (responsprevensjon). Personen ven seg ganske raskt til den situasjonen som gir angst, og oppdagar at angstnivået har gått betydeleg ned. Vedkomande kan gå vidare til å ta borti noko som er meir "forureinsa", eller ikkje sjekke låsen i det heile, utan å utføre den rituelle åtferda (vasking eller sjekking).

Det fins rikeleg dokumentasjon som viser at eksponering og responsprevensjon (ERP) er ein effektiv metode. Generelt er dette rekna å vere den mest effektive behandlinga for tvangslidingar (OCD).

Før

Etter krava skal vi i spesialisthelsetenesta bruke evidensbaserte (kunnskapsbaserte) metodar. Det kan som pasient vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker behandling for, og allereie når du blir søkt inn begynne å sjå for deg mål for behandlinga. Klarer du å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt. 

Under

I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir einig om måla. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og det fins mange ulike behandlingsstrategiar.

Eksponering med responsprevensjon inneber som nemnt å gradvis bli eksponert for/utsett for ubehagelege situasjonar, og gjennom dette lære seg å tolerere angst, kombinert med at den rituelle åtferda ikkje blir utført. 

Etter

Å halde fram med å bruke det du har lært i behandling er viktig. Det er også vanleg å snakke om korleis redusere fare for tilbakefall i slutten av terapi.