Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Elektrokonvertering av hjerteflimmer (atrieflimmer og atrieflutter) ved Ålesund sjukehus
Atrieflimmer eller atrieflutter er ei hjarterytmeforstyrring i hjartets elektriske system som gir uregelmessig og hurtig puls. Elektrokonvertering er ei behandling for å få tilbake normal hjarterytme. Vi utfører alltid behandlinga i lett narkose.
Ved et anfall med atrieflimmer vil pulsen plutselig bli uregelmessig. Vanligvis vil hjertet slå raskt i tillegg. Anfallet kan gå over av seg selv, eller du kan trenge behandling.
Elektrokonvertering er ei behandling for å få tilbake normal hjarterytme. Ved hjelp av ein hjertestartar får du eit elektrisk støt gjennom brystet. Vanlegvis oppnår ein normal hjarterytme, men i enkelte tilfelle vil ikkje atrieflimmeret forsvinne. Det kan då bli nødvendig med endring av medisinar.
Behandling med elektrokonvertering gir nødvendigvis ingen varig effekt, atrieflimmeret kan komme tilbake etter kortare eller lengre tid.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Ved atrieflimmer er det auka fare for danning av blodpropp. Det er derfor viktig at du brukar blodfortynnande medikament.
Det finst ulike alternativ for medikamentell blodfortynning:
Kvar veke må du ta blodprøver (PT-INR) for å vurdere effekten av Marevan. INR-verdien din må vere 2,5–3,5 i minst tre samanhengande veker før vi kan gjennomføre elektrokonvertering. Vanlegvis følger fastlegen opp dette med prøver kvar veke i perioden før planlagt konvertering.
Dersom du bruker eitt av desse preparata, er det viktig at du har tatt medisinen som føreskriven kvar dag i minimum tre veker før konverteringa. Dersom du har gløymt éin eller fleire tablettar, må du gi beskjed om dette. Det kan då bli nødvendig å utsette konverteringa.
Førebuingar
Du skal ta morgonmedisinar som vanleg med litt vatn dersom du ikkje har fått annan beskjed.
Du skal vere fastande i minst seks timar før elektrokonverteringa. Det vil seie at du ikkje skal ete eller drikke. Du skal heller ikkje røyke eller bruke snus, tyggegummi eller ete sukkertøy. Du kan drikke litt (nokre munnfullar) vatn til medisinar.
Du skal snakke med sjukepleiar og lege før elektrokonverteringa.
Vi tar EKG av deg, måler blodtrykk, høgde og vekt.
Vi legg inn venekanyle i ei blodåre i armen, der du får væske og medisinar.
Barbering av brystkassen din blir gjort av sjukepleiar ved behov.
Dersom du bruker Marevan må du ta blodprøve (INR-prøve). Du møter då opp i 1. etasje ved laboratoriet. Blodprøven er alt rekvirert så du treng kun å trekke kølapp og ta prøven.
Under
Anestesilege, lege og sjukepleiar er til stades under elektrokonverteringa. Du får lett narkose før behandlinga.
Ved hjelp av ein hjartestartar (defibrillator) gir vi 1–3 elektriske støyt ved hjelp av elektrodar som er festa på brystkassen. Du kjenner ikkje noko ubehag av dette.
Narkosen er kortvarig, og du vaknar raskt etterpå.
g_72275ec1_cff7_49d0_a402_ec9f918187f5
Etter
Du blir liggande til observasjon i to timar etter behandlinga, og du skal halde senga til du er heilt vaken. Du kan ete og drikke tidlegast ein time etter behandlinga.
Vi tar EKG av deg etter behandlinga. Du skal også saman med legen gå gjennom vidare bruk av medisinar samt eventuell vidare behandling.
På grunn av effekten narkosemiddel kan ha på køyreevna, skal du ikkje køyre motorisert køyretøy etter behandlinga.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Betalingsalternativ
Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk.
Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.