Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
EVAR

Endovaskulær aortaoperasjon

Aortaaneurisme er ein relativt vanleg tilstand der hovudpulsåra i magen blir utvida. Dette kan skje både fort og over ein lang periode på fleire år. Av og til sluttar utvidinga å vekse, men andre gonger held ho fram. Når utvidinga blir over ein viss storleik aukar faren for at ho skal sprekke og gi ei livstruande bløding. For å unngå dette vel vi å behandle utvidinga av hovudpulsåra når ho blir faretruande stor.

Utvidinga av hovedpulseåren blir ikkje behandla før den gir ein stor risiko. Dette er fordi behandlinga er komplisert.

Open aorta operasjon (Open vascular aneurysm repair – OVAR)

Dette er metoden ein har brukt i veldig mange år. Forenkla går den ut på at ein blir lagd i narkose, får bedøving i ryggen, opnar buken og frilegg hovedpulåren som ligg på bakre bukvegg. Deretter stenger ein blodstraumen over og under utposinga, skjer bort utposinga og syr inn eit vasstett gore-tex røyr. Deretter opnar ein blodtilførselen igjen.

Positive

  • Det er ei definitiv behandling. Det vil seia at når ein har gjort dette så er ein ferdigbehandla og treng knapt noko oppfølging. Det gir eit varig result.
  • Det er ein metode som har blitt brukt i lang tid, som betyr at ein har god kjennskap til heile forløpet, og potensielle fallgruver. 

Negative

  • Det krev narkose og open tung kirurgi med midtlinjesnitt på magen.
  • Inngrepet er knytt til betydeleg fare for komplikasjonar.
  • Det tek minst 6 veker å kome seg heilt etter eit slikt inngrep.
  • Det krev cirka ei veke på sjukehus viss alt går slik det skal.

Endovaskulær stentgraft (Endovascular aneurysm repair – EVAR)

For å redusere ulempene ved behandling av utviding på hovudpulsåra, vart det mot slutten av 1990-talet utvikla ein ny behandlingsmetode.

Denne går ut på å behandle utposinga frå innsida. Enkelt forklart går ein inn i hovudpulsårane i lyskane (anten ved open operasjon eller berre med «nålestikk» tilgang), og så fører ein deretter opp eit «stentgraft» i hovudpulsåra. Denne legg seg som ei forsterkning på innsida av den utvida hovudpulsåra, slik at denne delen av blodåra blir ekskludert heilt og fult frå blodomløpet. Ein legg altså eit «røyr inni eit anna røyr». På denne måten blir trykket fjerna frå utvidinga, og slik blir ruptur førebygd. "Stentgraft" er ein metallstent som er dekt med ein duk.

Positive

  • Skånsomt inngrep med berre innstikk eller operasjonssår i begge lyskane.
  • Mindre belastning for pasienten. Det tek svært kort tid «å kome seg» etter eit slikt inngrep.
  • Sjølv om det er nokre komplikasjonar assosierte med inngrepet, er det langt færre enn ved open operasjon.

Negative

  • Eit «stentgraft» må følgast årleg med biletundersøking. Anten med ein CT eller med ultralyd og røntgen.
  • Sidan det må takast mykje bilete i potensielt mange år så finst det pasientar som har fått mykje stråling.
  • Det må av og til gjerast ekstra intervensjonar (oftast berre med skånsam nålpunksjon i lysken) for å korrigere på stentgraftet litt.
  • Av og til må ein bli behandla med open teknikk i neste runde dersom den endovaskulære metoden sviktar.
  • Det er alltid ein (svært liten) fare for at ein startar eit inngrep på endovaskulær metode, men må konvertere til open operasjon.

 

Tilvising og vurdering

Det finst unntak for alle reglar, men vi ønsker å behandle pasientar med endovaskulær metode som har følgjande føresetnader:

  • Utposinga har eigna anatomi (altså utsjånad) for eit «stentgraft», der også lyskepulsårane ser greie ut (for tilgangen av utstyret).
  • Pasienten er eldre enn ca 70 år, eller yngre med andre store sjukdommar/tilstandar. Denne pasientgruppa vil tole operasjon dårlegare.

Alle pasientar som anten er yngre, elles svært vitale (yngre enn alderen tilseier), og pasientar der forholda ikkje ligg til rette for endovaskulær metode, blir framleis behandla med open metode.

Vi anslår i dag av ca 50% av pasientane får open metode og 50% får endovaskulær metode. Yngre pasientar bør behandlast med open teknikk sidan det blir veldig mange kontrollar resten av livet med potensiell stråling. I tillegg er det slik at jo lengre ein har eit slikt stentgraft, jo meir sannsynleg er det at ein må «korrigere» på det.

Før

Les innkallingsbrevet for eventuelle førebuingar.

Vanlege spørsmål om endovaskulær behandling

Kor lenge blir du innlagd?

Vanlegvis må ein rekne med eit 2-5 dagars opphald på sjukehus viss alt går som planlagt

Kor mykje smerter må ein rekne med?

Under inngrepet får du anten bedøving i ryggen eller bedøving i lyskane. Dette er stikk som kjennast som tannlegebedøving. Etter det er det lite smerter å kjenne. Det er ikkje uvanleg å få ein reaksjon på at ein har fått sett inn ein framandlekam i kroppen i nokre dagar i etterkant. Dette kan kjennast litt som ei forkjøling med kroppsverk etc.

Kor lang tid tek det før eg kan vere fullt fysisk aktiv igjen?

Dette varierer veldig frå pasient til pasient. Du kan forvente å kunne gå korte turar når du kjem heim, men det vil ta noko tid før ein er heilt «seg sjølv igjen». Du kan rekne med ei sjukmelding på ca 1-3 veker. 

Er det risiko for komplikasjonar med inngrepet?

Ja, det finst ein viss fare for komplikasjonar som det er ved alle type inngrep. Kirurgen/Intervensjonsradiologen vil gi utdjupande informasjon om dette i forkant av inngrepet. 

Kor lang tid tek inngrepet og korleis går dette føre seg?

Ein blir lagd på eit bord der vi bruker eit mobilt røntgen-apparat til å ta kontinuerlege bilete under inngrepet. På stova vil det vere personell frå operasjonsstova, røntgenavdelinga, i tillegg til kirurg, røntgenlege og anestesilege. Du vil få bedøving, blir vaska grundig, og deretter startar ein ved å anten stikke nål i lyskepulsåra for tilgang, eller opne begge lyskane kirurgisk for å få ein open tilgang til pulsåra. Vidare vil ein introdusere stentgraftet i begge lyskane og frigjere det under kontrollerte forhold i hovudpulsåra i magen. Når ein er ferdig lukkar ein holet ein har laga i lyskepulsåra, og lukkar eventuelle sår i lyskane.

Du vil vere vaken, og vil oppleve at det blir prata ein del på stova. Dette er fordi kirurgien og røntgenlegen snakkar saman om inngrepet fortløpande. Du vil ha ein eigen anestesisjukepleiar som kan svare på alle spørsmål du har undervegs.

Det tek ca 2 timar å gjennomføre operasjonen. Det kan både gå lengre og kortare tid avhengig av forholda.

Etter

  • Etter inngrepet blir du flytta over på intensiv avdeling og deretter tilbake på sengepost same ettermiddag/kveld.
  • Sjukepleiarane vil følge med på blodtrykk og puls, sjekke sirkulasjonen i beina og sjekke at operasjonsområdet og bandasjane i lyskane ser bra ut.
  • Du kan opp og gå så snart bedøvinga i beina er ute og ein ikkje mistenker bløding i operasjonsområdet.
  • Du kan ete og drikke same kveld.
  • Smerter blir opplevde veldig individuelt. Du vil få smertestillande i tablettform – informer sjukepleiar og/eller lege dersom du likevel har sterke smerter.

Heimreise

  • Vanlegvis kan du reise heim 2. dag etter inngrepet.
  • Du kan få sjukmelding dersom nødvendig.
  • Eventuelle agraffar/suturar skal fjernast hos eigen fastlege etter 12-14 dagar.
  • Bandasjen etter operasjon blir tilrådd å sitte på i 7 dagar før han blir skifta. Den må skiftast før dersom han er gjennomsiva og/eller har blitt våt. Du kan dusje etter 3 dagar med dusjebandasje og deretter skifte til tørr bandasje. Ha på bandasje så lenge der er agraffar/sting.
  • Du skal skrivast ut med blodfortynnande og kolesterolsenkande medikament (dersom du ikkje allereie står på det).

Kontroll

Etter ei slik behandling tek vi deg tilbake for ei klinisk undersøking etter 1 månad. Deretter blir det ein kontroll med CT og samtale etter 6 mnd, deretter ein årlege kontrollar med biletundersøking og samtale. Bur du langt unna kan bileta takast på lokalsjukehuset og samtalane kan takast på telefon om du ønsker dette.

Ver merksam

Ta kontakt med lege dersom:

  • Såra blir veksande raude og hovne, og du har feber over 38-38.5 grader.
  • Du blør frå såra, slik at du må skifte bandasjane mange gonger dagleg.
  • Du har mykje smerter eller tiltakande smerter som ikkje blir lindra av smertestillande tablettar.
Sist faglig oppdatert 27.04.2026

Kontakt

Ålesund sjukehus Kirurgisk sengepost A Ålesund

Kontakt Kirurgisk sengepost A Ålesund

Oppmøtestad

4. etasje, fløy HØ (høgblokka). 

For pasientar som skal til planlagt innleggelse er oppmøtested på Dageininga i 7.etasje, fløy HØ (høgblokka)).

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.