Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Epidermolysis bullosa (EB) – mild/moderat form

Epidermolysis bullosa (EB) er ei felles nemning på ei gruppe sjeldne arvelege hudsjukdommar som blir kjenneteikna ved at det blir danna blemmer i ulike lag av huda. Slimhinner kan vere ramma ved nokre av sjukdomsformene. Det er store variasjonar med omsyn til symptom, forløp og behandling. EB kan per i dag ikkje kurerast, men mange symptom kan førebyggast og lindrast. Epidermolysis betyr at (over)huda losnar. Bullosa betyr blemmer.

Fire hovudtypar av epidermolysis bullosa

Det er fire hovudtypar av EB basert på kor i hudlaga blemmene oppstår. Alvorsgrada er avhengig av kva hudlag blemmene oppstår i, arvegangen og kva type genfeil som ligg til grunn.

Mild og moderat EB er i denne samanhengen definert til å gjelde EB simplex og dystrofisk EB.

Resten av typane, junksjonal EB, dystrofisk EB recessiv type og Kindler syndrom er definert som alvorlege. Les om dei her.

Utgreiing

Diagnosen blir i første omgang stilt ved å kartlegge sjukehistoria og dessutan ved klinisk undersøking av pasienten. I tillegg kan det vere aktuelt å ta ei hudprøve (biopsi) for spesielle analysar. Gentest med DNA-analyse av ei blodprøve blir nå gjord rutinemessig for å stille ein så eksakt diagnose som mogleg.

Teikn og symptom

Simplex er den vanlegaste typen EB og 75–85 prosent av alle med EB i vestlege land har denne forma. EB simplex blir igjen delt i fleire undertypar, avhengig av utbreiing og alvor. Dei fleste med EB simplex har milde til moderate plager.

Hud

Blemmene kan vere til stades frå fødsel, men vanlegvis debuterer dei seinare. Blemmer og sår oppstår i overhuda, og gir vanlegvis ikkje arr. Blemmene er ofte avgrensa til hender og føter, men kan hos nokon også oppstå andre stader på kroppen. I barnealder kjem blemmer ofte på utsette stader som under føtene når ein lærer å gå, og på knea når barnet krabbar. Hos nokon blir huda under fotsolane veldig fortjukka. Varmt vêr aukar ofte blemmetendensen.

Negler

Hos nokon kan neglene falle av og bli tjukkare når dei veks ut igjen.

Hår

Nokon kan ha hårtap.

Slimhinner

Nokon kan få blemmer i munnhòle og svelg.

Auge

Augeproblem førekjem hos cirka 12 prosent.

Tenner

Tannemaljen er vanlegvis normal, men nokon kan ha milde emaljeforandringar. Auka sårbarheit i dei orale slimhinnene. Danning av blemmer kan komme etter traume eller manipulasjon.

Blemmer

Ved dominant dystrofisk EB har barnet oftast blemmer frå fødselen, især på kne, anklar og føter. Det tilkjem ofte litt tynne arr med små kvite prikkar (milier) der det har vore sår.

Negler

Negleforandringar er relativt vanleg.

Slimhinner

Slimhinneforandringar er uvanlege, men kan førekomme.

Alder

Med alderen kan mange av symptoma betrast.

Behandling

Sårbehandling – hud

Behandlinga består av punktering av blemmer, vernande bandasjering, å førebygge infeksjonar og å behandle komplikasjonar. Målet er at såra skal gro.

Behandlinga må gå føre seg i samarbeid med spesialist i hudsjukdommar. Førebygging av blemmedanning må skje dagleg. God handvask førebygger infeksjonar.

Punkter blemmene raskt med steril nål og tøm varsamt for å unngå at dei blir større. Behald blemmetaket. Bandasjering vil vere nødvendig ved infeksjon eller væskande sår, og av og til for å førebygge blemmedanning. Behandle infiserte sår med salve tilsett antibiotika. Såra kan vere smertefulle.

Utgifter til forbruksmateriell, kremar og salver blir refunderte frå HELFO.

Auge

Det er viktig med tett kontakt med augelege.

Munn/tenner

Sår i munnhòla er ei utfordring ved eting og reinhald. Regelmessige og hyppige kontrollar hos tannlege og tannpleiar er nødvendig. Bruk mjuk tannkost og emaljeforsterkande tannpasta med fluor. På Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet munnhelse finn du meir informasjon om tenner og EB.

Ernæring/eting

For dei fleste med mild/moderat EB vil eit normalt, variert kosthald sikre tilstrekkeleg næringsinntak. Vekt og vekstutvikling bør uansett følgast, og ved avvik kan ernæringstiltak vere nødvendig. Regelmessig måling av vitamin- og mineralstatus blir tilrådd for å vurdere om tilskot er nødvendig. Dersom forstopping eller smerter ved avføring er eit problem, bør væske- og fiberinntak tilpassast.

Fordøyingsplager og blemmer i munnen og matrøyret kan krevje tilpassing av kosten. Blemmer på føtene kan avgrense fysisk aktivitet og vere medverkande til uønskt vektauke. Klinisk ernæringsfysiolog kan, i samråd med lege, vurdere behov for ernæringstiltak og gi råd om individuell kosttilpassing.

Smerter

Kroniske sår kan gi smerter og krevje smertestillande medisinar. Smerter er energikrevjande. Det er viktig å finne fram til rett medikament og dosering i samråd med legen. Dersom ein ikkje finn gode smertemedisinar saman med fastlegen sin eller hudlege, kan ein visast til smerteteam ved enkelte sjukehus for nærare vurdering.

Kløe

Bruk av antihistamin både med og utan roande middel kan vere effektivt mot kløe. Bruk gjerne fuktkrem i og rundt såra (fukt reduserer kløe).

Fysisk aktivitet og fysioterapi

Fysisk aktivitet minkar ved mykje blemmer og sår, og fører til at muskelmassen blir redusert og ledda kan bli stive. Fysioterapi er viktig for å motverke feilstillingar, gangproblem og meir finmotoriske vanskar. Vassgymnastikk og svømming kan passe for nokon.

Kva kan gi blemmer og sår?

Støyt, slag og trykk på huda/slimhinner, kan gi blemmer. Ver merksam på at ein må unngå friksjon ved løfting og bæring, for eksempel av små barn, trykkbelastning i samband med hard klemming og lengre sengeleie. Varme kan bidra til blemmer. Klede med saumar kan gnage/gnisse mot huda. Derfor vrenger mange kleda for å få saumane på utsida. Polstring av seng, bruk av saueskinn på stader ein skal gripe eller sitte kan forhindre hardt trykk.

Blemmer og sår kan i tillegg oppstå spontant.

Aldri bruk plaster!

NB: Plaster og teip må aldri brukast! Huda følger med når plaster blir fjerna. Nyare bandasjemateriell, blant anna silikonteip, kan prøvast veldig varsamt.

Oppfølging

Typen epidermolysis bullosa hos kvar enkelt, innverkar på livskvalitet og levekår. Felles for alle er behovet for informasjon om sjukdommen og korleis ein best kan førebygge og lindre plager i kvardagen.

Det er viktig å ha fysisk kontakt med barnet frå fødselen av, sjølv om huda er skjør.

Informer omgivnadene

Det er viktig å informere omgivnadene om at EB ikkje er smittsamt.

Barnehage, skole og arbeidsstad bør få grundig informasjon slik at ein kan samarbeide om funksjonelle løysingar.

Individuell plan og ansvarsgruppe

Ansvarsgruppe og individuell plan er eigna metodar for samarbeidet mellom kommunen og brukaren/pårørande. Personlege hjelpemiddel og spesiell innreiing av heimen kan vere nødvendig.

Nasjonalt senter

Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar – også kjent som Sjeldensenteret – utviklar og formidlar kompetanse til helse- og omsorgstenesta. Senteret skal bidra til likeverdig tilgang til utgreiing, diagnostikk, behandling og oppfølging for personar med sjeldne diagnosar.

Les meir om diagnose på nettsidene til Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet Gaustad

Nyttige lenker

Debra Norge er ein landsomfattande interesseorganisasjon for personar med epidermolysis bullosa (EB). Organisasjonen er partipolitisk og religiøst nøytral og skal arbeide for å betre situasjonen for personar med EB.

Facebooksida til Debra Norge.

Verdsomspennande nettverk av nasjonale grupper som jobbar på vegner av dei som er ramma av EB:

www.debra-international.org.

Nasjonalt kompetansesenter for oral helse er eit landsdekkande kompetansesenter for oral helse ved sjeldne medisinske tilstandar.

Sist faglig oppdatert 04.04.2022

Kontakt

  • Kontakt Hudpoliklinikken Ålesund

    Oppmøtestad

    1. etasje, fløy DS. 

    Hovudinngangen sett frå utsida.

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Parkering

    Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

    Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

    Betalingsalternativ
    • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
    • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
    • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
    • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
    HC-parkering

    HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

    Oversikt over sjukehusområdet

    Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
    Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

    Kart

    For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

    Finn fram på sjukehuset med Mazemap

     

    Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

    Hovudinngang Ålesund sjukehus
    Åsehaugen 5D
    Administrasjonsbygget
    Åsehaugen 1b
    Akuttmottak
    Åsehaugen 5C
    Apotek
    Åsehaugen 5A
    Audiopedagogen
    Åsehaugen 9
    Dagkirurgi aust
    Åsehaugen
    Barne- og ungdomsavdelinga
    Åsehaugen 11
    Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
    Geilebergvegen 20
    Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
    Geilebergvegen 18
    Habiliteringsbygget
    Åsehaugen 3
    Kreftavdelinga
    Åsehaugen 17
    Psykiatribygget
    Åsehaugen 7A
    Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
    Geilebergvegen 20
    Åse hotell
    Åsehaugen 7
    Åsebøen 1
    Åsebøen 5

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Pasientreiser

    Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Fly

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

     

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

    Kafé

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

    Oppmøtestad

    Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

    Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.  

    Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

    SNR Kristiansund

    Herman Døhlens vei 1

    6508 Kristiansund

    En bygning med biler parkert foran

    SNR Molde

    Byfogd Motzfeldts gate 8

    Transport

    ​​Besøksparkering på tilvist stad.
     
    • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
    • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
    Kart
    Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Vi har reserverte parkeringsplassarplassar rundt Høvdingbygget for pasientar og blodgivarar. Følg skilting på området.  

    Skisse som viser reservert parkering rundt Høvdingbygget.
    Reserverte parkeringsplassar for Helse Møre og Romsdal er spreidd rundt bygget, markert i oransje på bildet over. Følg skilting på området. 

     

    Pasientreiser

    Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

    Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.

    Fly

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    Kvardagar: 07.30–17.30

    Laurdag og søndag: stengt

    Kantina​​​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
    • Helg og høgtid: stengt  

    Kiosk

    Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved SNRKristiansund. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.

    En person som holder et kamera
    Kaffibar
    Et rom med bord og TV og plante
    Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. 

     

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.