Fedmebehandling - livsstilsendring

Å endre levevanar skal hjelpe deg med å gå ned i vekt og oppnå varig stabilisering av vekta. Åtferdsbehandling er ein viktig del av dette.

Intensiv livsstilsbehandling er nødvendig for all vektreduserande behandling, inkludert eventuell tilleggsbehandling med medikament eller operasjon. Åtferdsbehandlinga skal hjelpe deg til å gjennomføre endringar i kosthaldet ditt og halde oppe gode levevanar. Målet er varig vektreduksjon.

Før

For å oppnå gode resultat må du vere motivert og klar for å endre levevanar. Enkelte behandlingssenter bruker ein samtaleteknikk som heiter motiverande intervju for å støtte deg i denne prosessen.

Under

Åtferdsbehandling skal hjelpe deg til å endre og halde oppe nye kost- og aktivitetsvanar over tid. Du vil få hyppig oppfølging både individuelt og i gruppe, avhengig av kva som passar best for deg. Saman jobbar vi med strategiar og tiltak i kvardagen og med konkrete mål.

Sett konkrete mål

Det er lurt å sette heilt konkrete mål for ny åtferd. For eksempel kan du bestemme deg for å gå ein rask tur på 30 minutt kvar dag uansett vêr, men ha ei konkret erstatning dersom det blir eit forferdeleg uvêr. Eit anna konkret mål kan vere å ete regelmessige måltid.

Kartlegg vanar og juster inntak

Før dei nye vanane er innarbeidde kan det også vere lurt at du kartlegg matinntak, fysisk aktivitet og kroppsvekt, og at du bruker denne informasjonen som hjelp til å bli bevisst vanane dine. Det er viktig at du veg deg og at du bruker resultata til å justere matinntak og fysisk aktivitet.

Kontroll over freistingar

Det er viktig å forstå kva for nokre ytre faktorar som kan utløyse overeting, som for eksempel det å hoppe over måltid eller å ha snacks eller andre freistingar lett tilgjengeleg. Eit anna eksempel er å gå i butikken når du er svolten.

Prøv å redusere eller fjerne freistingane, eller påskjønne deg sjølv på andre måtar (enn med mat) dersom du klarer å la vere å forsyne deg.

Redusert kaloriinntak

Å redusere kaloriinntaket er den mest effektive metoden for å gå ned i vekt. Det finst mange ulike diettar, som for eksempel lågfeitt-, lågkarbo-, og høgprotein-diettar. Forsking har likevel vist at diettane har nokså lik effekt på varig vekttap (over 2 år). God og varig vektreduksjon (10–20 kg i løpet av eitt år) kan oppnåast ved å redusere kaloriinntaket med 500–1000 kaloriar per dag.

Raskare vektreduksjon kan oppnåast gjennom ein 6–12 vekers lågkaloridiett (800–1200 kcal/dag) etterfølgt av gradvis auke i kaloriinntaket, men ikkje meir enn at vekta blir halden stabil. Uansett kva vektreduksjonsmetode ein vel er det viktig å ha ein langsiktig plan for å halde oppe gode levevanar.

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for varig vekttap. Det kan for eksempel vere å gå eit rask tur på 30 minutt kvar vekedag uavhengig av vêr.

Etter

Å halde vekta nede etter vekttap kan vere vanskeleg. Kroppen har ei rekke innebygde forsvarsmekanismar mot vekttap. Dei som har gått mykje ned i vekt blir meir svoltne, får meir lyst på kaloririk mat og får litt lågare forbrenning. Dette gjer det mykje lettare å legge på seg igjen.

For å motverke dette bør du legge ein god plan for kva som må til for å stabilisere vekta etter ein vellykka vektreduksjon. Det inneber praktisk planlegging, oppfølging hos fastlegen og bruk av sosiale nettverk, venner og familie for å få støtte til helsefremjande vanar.

Å halde oppe gode levevanar etter vektreduksjon er ein livslang krevjande prosess, og du bør førebu deg på at det kan bli vanskeleg. Dersom du får tilbakefall eller nye problem, kan du snakke med fastlegen om svoltdempande medikament.

Slike medikament kan gjere det enklare å gjennomføre og halde oppe endringar i levevanar gjennom redusert svoltkjensla, auka mettheitskjensle, og mindre lyst på kaloririk mat. Om det ikkje lykkast, kan fastlegen din tilvise deg til sjukehuset for ny vurdering.

Kontakt

Ålesund sjukehus Overvektspoliklinikken
Ventetid: 16 uker

Ventetid: 16 uker

Kontakt Overvektspoliklinikken

Oppmøtestad

1. etasje i høgblokka. Vis-à-vis høyrselssentralen

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 

Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid

Poliklinikkinngangen er stengt

20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. 

Inngang A til psykiatribygget er stengt

9. september 2024 stengde vi inngang A ved psykiatribygget (Åsehaugen 7a). Pasientar, pårørande og andre besøkande skal bruke inngang på austsida for å kome til psykiatribygget (punkt 13 på bildet). Tilkomst via gangsti frå hovudinngangen (Åsehaugen 5d) på sjukehuset.  

Kart
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Gul markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Alderspsykiatrisk døgn
Åsehaugen 7C
Alderspsykiatrisk poliklinikk
Åsehaugen 7B
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Inngangen er midlertidig stengt i samband med byggearbeid. Bruk inngang på austsida av bygget. Tilkomst via gangsti ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

16 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.