Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Femoro-popliteal bypass
Operasjon for tett eller nesten tett blodåre med femoro-popliteal bypass
Ved operasjon femoro-popliteal bypass er målet med operasjonen å gjenopprette/betre sirkulasjonen i beinet under det nivået der blodåra er tett eller nesten tett.
Under
Ved operasjon femoro-popliteal bypass blir det laga til ein omvegsåre (anten kunstig eller ved bruk av vene/samleåre) forbi tronge parti i ei pulsåre.
Målet med operasjonen er å gjenopprette/betre sirkulasjonen i beinet under det nivået der blodåra er tett eller nesten tett.
Femoro-popliteal bypass blir vanlegvis gjord i epiduralbedøving. Då blir bedøvinga sett i ryggkanalen.
Etter
Du blir liggande på intensivavdelinga eller postoperativ avdeling til same kveld eller dagen etter inngrepet.
Når du vaknar har du eit urinkateter, og dren frå operasjonssåra. Drena blir vanlegvis fjerna dagen etter inngrepet.
I tillegg har du epiduralkateter som går inn i ryggen. Dette sørger for jamn smertelindring. Epidural smertelindringa vil gradvis bli trappa ned i styrke og ut. Når epiduralkateteret blir fjerna, kan også urinkateteret fjernast.
Du får stå opp av senga dagen etter inngrepet. Det er viktig å halde seg litt i bevegelse etter inngrepet. Dette betrar sirkulasjonen og reduserer faren for blodpropp.
Hevelse i det opererte beinet er vanleg. Dette kjem av ødem og er vanlegvis eit teikn på at sirkulasjonen er betra. Hevelsen går som regel tilbake etter eit par månader.
Du vil trenge smertestillande tablettar nokre dagar, og vil få med resept når du blir utskriven dersom behov.
Du kan dusje etter eit par dagar, først med vasstette bandasjar og så utan bandasjar etter 3-4 dagar. Legg alltid tørre og reine bandasjar på operasjonssåra etter at du har dusja.
Nokre kunstige blodåreerstatningar kan gi visse avgrensingar ved bøying av kneleddet. Ikkje sit på huk!
Heimreise
Vanlegvis blir ein utskriven etter 3-4 dagar.
Du vil få sjukmelding dersom du treng det – kor lenge kjem an på kva jobb du har.
Du vil få resept på blodfortynnande medikament og kolesterolsenkande medikament, med mindre du står på dette frå før av.
Stinga skal fjernast hos eigen lege etter 14 dagar.
Korleis førebygge
Røykestopp betrar utviklinga av åreforkalking i pulsårane til beina, og gjer at åra eller den kunstige åra held seg lenger opne. Røykestopp er meir effektivt enn medikamentell behandling!
Spis sunt.
Ver fysisk aktiv.
Medikamentell behandling: Albyl-E og kolesterolsenkande medikament.
Kontroll
Du skal til kontroll på poliklinikken etter ca 4-6 veker.
Ver merksam
Ta kontakt med eigen lege dersom:
Såret blir veksande raudt og hovent, og du har feber over 38-38.5 grader.
Du blør frå såra, slik at du må skifte bandasjane mange gonger dagleg.
Du har mykje smerter eller tiltakande smerter som ikkje blir lindra av smertestillande tablettar.
Temperatur og hudfarge i beinet blir forandra. Foten blir kald, bleik og tiltakande smertefull ved tilstopping.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.