Flatlus kan påvisast ved undersøking, eventuelt ved å sjå etter lus og egg på hårstråa med forstørringsglas. Egga blir festa til hårstråa tett inntil huda, langt nede mot hårrota som «perler på ei snor». Du kan også ofte sjå små raude prikkar og kloremerke i huda.
Flatlusbehandling
Flatlus (Pthirus pubis) er ein seksuelt overførbar infeksjon. Flatlus kan feste seg til alle slags kroppshår, kjønnshår, skjegg, augevipper og augebryn.
Symptomer og årsaker
Lus er insekt som verken kan fly eller hoppe, og som får næring ved å suge blod. Egga blir klekte éi veke etter at dei er lagde. Det finst tre ulike artar av lus som kan leve på menneske: Hovudlus, flatlus og kroppslus.
Kløe oppstår nokre veker etter smitte og kjem av ein allergisk reaksjon på bita.
Flatlus (Pthirus pubis) er 0,8 til 1,2 mm lang og kan feste seg til alle slags kroppshår, kjønnshår, skjegg, augevipper og augebryn. Lusa blir vanlegvis overført ved seksuell kontakt mellom vaksne og ved kroppskontakt med barn. Flatlus kan også overførast med handkle, sengetøy og klede, men dette er mindre vanleg.
Før
Under
Berre personar som har fått påvist lus, skal ha behandling. Permetrin (Nix-krem) er anbefalt behandling. Den kan du få kjøpt utan resept på apoteket.
Bruksrettleiing Permetrin (Nix-krem)
- Hudområda skal vere reine og tørre.
- Påfør kremen på angripne hudområde, typisk område i underlivet med hår og rundt endetarmsområdet, lår, overkroppen og armholer (ikkje augevipper og augebryn).
- La kremen sitte på i minst 8 timar, men ikkje lenger enn 24 timar, før den blir vaska av.
- Fjern egg med fingernegler, lusekam eller pinsett.
- Ta på reint undertøy og reine klede etter behandlinga.
- Behandlinga bør gjentakast etter 7–10 dagar.
Lus på augevipper eller augebryn kan du fjerne med pinsett, og du kan bruke vaselin på augelokkskanten to gonger dagleg i 7–10 dagar. Sengetøy og klede bør vaskast ved 60 grader. Klede eller anna som ikkje toler vask, kan leggast i frysaren natta over. Utan kroppskontakt døyr lus i løpet av eitt til to døgn. Lus døyr ikkje av såpe og sjampo.
Du bør sjekke med forstørringsglas om behandlinga har verka. Finn du levande lus dagen etter behandlinga tyder det på at behandlinga ikkje har verka. Nokre lus er motstandsdyktige mot permetrin, og det kan derfor trengast ein annan type behandling. Ta i så fall kontakt med legen din.
Etter
Om du oppdagar eller får påvist lus, er det viktig at dei moglege smittekontaktane dine blir undersøkte. For å unngå ny smitte bør alle med påvist lus behandlast samtidig. Om du har fått påvist flatlus, bør du også teste deg for andre seksuelt overførbare infeksjonar, sidan du kan ha blitt smitta med meir enn éin infeksjon.
Kontakt
SNR Kristiansund
Hudpoliklinikken SNR Kristiansund
Oppmøtestad
Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.
Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.

SNR Kristiansund
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

SNR Molde
Byfogd Motzfeldts gate 8



