Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eit fylkesdekkande tilbod

Fleirfamiliegruppe i psykisk helsevern for barn og unge

Strevar du eller ein i familien din med ein spiseforstyrring? Fleirfamilieterapi er eit fylkesdekkande behandlingstilbod for familiar med ungdom med spiseforstyrring, og som framleis bur heime.

Illustrasjonsbilde måltid. Colourbox.com

Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

Familiane samlast 9 heile dagar i løpet av ca ein firemånedersperiode. Den første samlinga varer i 3 dagar, deretter er det to-dagerssamlingar med nokre veker imellom. 

6 - 8 familiar deltek i kvar flerfamiliegruppe. 

Tilvising og vurdering

Alle familiar som strevar med spiseforstyrring og får behandling for det i BUP Helse Møre og Romsdal vil så langt det er mogleg få tilbod om fleirfamilieterapi. Det er eit fylkesdekkande tilbod med fysisk oppmøte ved BUP Molde. Fleirfamiliegruppen blir sett på som ein del av den ordinære behandlinga. 

Behandlaren din i poliklinikken vil gi deg informasjon om tilbodet og kan svare på spørsmål du har. Han/ho vil melde deg som interessert / sende tilvising til gruppeleiarane. 

Behandlar ved BUP vil framleis vere behandlingsansvarleg for deg.

Før

Under

Etter

Ver merksam

Kva om barnet eller ungdommen med den psykiske lidinga - eller søskena deira -  ikkje vil vera med?

Mange ungdommar som slit er skeptiske til å delta i behandling. Dette kan vere ein konsekvens av sjukdommen. Denne skepsisen pleier å gå over etter første samling. Det er viktig at søsken blir ein del av prosessen når familien skal gjere endringar. Søsken får som regel ei eiga søskengruppe der dei kan snakka om det dei er opptatt av.


Kontakt

Knausensenteret BUP poliklinikk Molde

Kontakt BUP poliklinikk Molde

Oppmøtestad

Knausensenteret
Nøisomhedsvg. 12, Molde.

En bygning med biler parkert foran

Knausensenteret

Nøisomhedvegen 12

6416 Molde

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ ved hovudinngangen på Knausen. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag - fredag: 11.00 - 14.00
  • Laurdag og søndag: stengt

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.