Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Eit fylkesdekkande tilbod

Fleirfamiliegruppe i psykisk helsevern for barn og unge

Strevar du eller ein i familien din med ein spiseforstyrring? Fleirfamilieterapi er eit fylkesdekkande behandlingstilbod for familiar med ungdom med spiseforstyrring, og som framleis bur heime.

Illustrasjonsbilde måltid. Colourbox.com

Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

Familiane samlast 9 heile dagar i løpet av ca ein firemånedersperiode. Den første samlinga varer i 3 dagar, deretter er det to-dagerssamlingar med nokre veker imellom. 

6 - 8 familiar deltek i kvar flerfamiliegruppe. 

Tilvising og vurdering

Alle familiar som strevar med spiseforstyrring og får behandling for det i BUP Helse Møre og Romsdal, vil så langt det er mogleg få tilbod om fleirfamilieterapi.  Fleirfamiliegruppen blir sett på som ein del av den ordinære behandlinga. 
 
Behandlaren din i poliklinikken vil gi deg informasjon om tilbodet og kan svare på spørsmål du har. Han/ho vil melde deg som interessert / sende tilvising til gruppeleiarane. 
 
Behandlar ved BUP vil framleis vere behandlingsansvarleg for deg.

Før

Foreldre søker ofte om opplæringspengar for desse dagane, og behandlinga tel også som gyldig fråver av helsemessige årsaker på vidaregåande skule. 
 
Det er viktig for gruppa at familien så langt det lèt seg gjere forpliktar seg til å delta på alle samlingane. 
 
For familiar som er interesserte, men usikre på om dette er aktuelt for dykk, kan de få meir informasjon av behandlar ved poliklinikken. 

Under

Kvifor ei gruppe med fleire familiar saman? 

Familiar med ungdom med spiseforstyrring opplev ofte å stå åleine i ein vanskeleg situasjon. Ei spiseforstyrring er ein skremmande sjukdom, og både familie og den unge sjølv kan bli handlingslamma og redde for å gjere noko som forverrar situasjonen. Dette gjer at det er lett å mista trua på eigen kompetanse som foreldre.  
 
Flerfamilietilbudet består først og fremst av eit program som er basert på den kunnskapen vi har om korleis spiseforstyrrelser påverkar ikkje berre ungdommane, men heile den konteksten dei lever i.  
 
Eit anna viktig mål med fleirfamilieterapi er å støtte dykk som familie til igjen å stole på og vidareutvikle tryggheita på dykk sjølv. Når familiar kjem saman blir det mogleg å utveksle erfaringar, drøfte felles problemstillingar, diskutere handlingsalternativ og korleis ein kan forstå kva ei spiseforstyrring gjer både med enkeltpersonar og familiar. For dei fleste vil det vere ei god støtte å treffe andre familiar med liknande erfaringar, både i forhold til å kjenne igjen situasjonar, bekrefte opplevinga og støtte kvarandre og styrke kvarandre i kampen mot sjukdommen. I tillegg er sjølvsagt fagpersonane som deltar òg ein ressurs i dette arbeidet. 

Oppstart

Vi inviterer først til felles informasjonsmøte, dette er for alle i familien. Hit kjem ein familie som sjølv har deltatt på fleirfamiliegruppe og vil dele erfaringane sine. 

 

Etter

5-6 månader etter 4. samling blir dykk invitert tilbake for ei siste samling. 

Familiar som har delteke i fleirfamiliegrupper har gitt tilbakemelding om at terapiforma har hjulpet dei til å samarbeide betre og stole meir på seg sjølv når det gjeld sjukdommen. 


Ver merksam

Kva om barnet eller ungdommen med den psykiske lidinga - eller søskena deira -  ikkje vil vera med?

Mange ungdommar som slit er skeptiske til å delta i behandling. Dette kan vere ein konsekvens av sjukdommen. Denne skepsisen pleier å gå over etter første samling. Det er viktig at søsken blir ein del av prosessen når familien skal gjere endringar. Søsken får som regel ei eiga søskengruppe der dei kan snakka om det dei er opptatt av.


Sist faglig oppdatert 20.07.2026

Kontakt

Geilebergvegen 20 BUP poliklinikk Ålesund

Kontakt BUP poliklinikk Ålesund

Oppmøtestad

Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund.
BUP ligg ca 500 meter aust for sjukehuset.
Innkøyring til Geilebergvegen enten frå Borgundvegen (nord) eller Borgundfjordvegen (sør).

Gule blomster i forgrunn og lyst, stort bygg med delvis glassfasade i bakgrunn.

Geilebergvegen 20

Geilebergvegen 20, Ålesund.

Transport

Du finn parkering for besøkande på nedsida av døgnseksjonen. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

 

Kart over BUP Ålesund som viser parkeringsområde rundt bygget. Besøkandeparkering med betalingsplassar er markert med grønt langs sørsida. HC-parkering er markert med grønt og rullestolsymbol ved begge inngangsområda.

Illustrasjon: Mazemap

Besøkandeparkering med betalingsplassar er markert med grønt langs sørsida. HC-parkering er markert med grønt og rullestolsymbol ved begge inngangsområda.

 

Praktisk informasjon

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Då kan andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje møter, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du har frikort eller er fritatt for eigendel.