Symptom
Dei vanlegaste fødselsmerka er raude eller pigmenterte (brune/svarte). Raude fødselsmerke kjem frå blodårar. Pigmenterte fødselsmerke kjem frå pigmentsceller (melanocytter). Det finst også andre typar, meir sjeldne fødselsmerke.
Raude fødselsmerke som er til stades ved fødselen er oftast flate og blir kalla på fagspråket nevus flammus (portvinflekker). Desse forandringane går vanlegvis ikkje bort av seg sjølve.
Infantilt hemangiom (jordbærhemangiom) kan vere til stades ved fødselen, men oppstår vanlegvis nokre dagar/veker etter fødselen. Det oppstår ein raud kul som veks i nokre månader, deretter stoppar veksten opp. Lesjonen vil oftast gå tilbake og forsvinne heilt i løpet av barnealder.
Pigmentsflekker som er til stades ved fødselen kan ha ein lys eller mørk farge. Lysebrune, flate flekkar blir kalla cafe-au-lait-flekkar, desse er relativt vanlege hos spedbarn. Dersom det er mange lesjonar, kan det tyde på underliggjande sjukdom.
Medfødde pigmentnevi (pigmenterte føflekkar) har oftast ein mørkare farge. Små medfødde pigmentnevi har ikkje vist auka risiko for malignitetsutvikling.