Undersøking, Fundusfoto
Foto av augebotn, Ålesund
Vi gjer undersøkinga for å leite etter endringar i augebotnen, endringar som uten behandling kan forverre synet. Dei fleste som går til jamleg kontroll, er diabetespasientar.
Før
Det er ikkje anbefalt å sjølv køyre bil til og frå denne undersøkinga. Etter undersøkinga kan du bli svært var for lys fordi pupillen er utvida. Er det sol ute, er det lurt å ta med solbriller.
Når du kjem, dryp vi augene med dropar for å utvide pupillen. Slik får vi betre innsyn i netthinna.
Under
Etter at dropane har fått virka i 20-30 minutt, tek vi bilete av augebotnen (netthinna). Det blir tatt fleire bilete i farge og i svart/kvitt. Blitsen fra kameraet kan for enkelte vere skarp. Undersøkinga varer i 45-60 minutt.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim. Vi vurderer bileta og sender skriftleg svar til fastlegen, eventuelt annan behandlar i tillegg. Svar på resultatet kan variere etter hastegrad, men som regel innan enn 3-4 veker.
Ver merksam
Enkelte opplever at pupillane er utvida resten av dagen, dette er ikkje farleg.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Auge Ålesund
Oppmøtestad
Inngang på nordsida av sjukehuset. Augepoliklinikken er i 6. etasje.Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5