Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Frysebehandling av kjønnsvorter (kondylomer)

Frysebehandling, også kalla kryobehandling eller kryokirurgi, er mykje brukt for behandling av kjønnsvorter (kondylomer). Både kjønnsvorter og ein del andre vorter og hudforandringar kan ofte behandlast med godt resultat.

Om metoden

Legen vil vurdere om frysebehandling er eigna i ditt tilfelle, eller om det er anna behandling som er meir aktuell.

Målet med frysebehandlinga er å fjerne uønskt hudvev ved ei kontrollert nedfrysing av huda med flytande nitrogen. Prinsippet ved behandlinga er at vevet blir frose ned så sterkt at cellene døyr.

Det er lite smerte og få biverknader med frysebehandling.

Utgifter til behandling av kjønnsvorter (kondylomer) er ikkje dekt av smittevernlova. Derfor må du sjølv dekke utgifter for eigendel og bandasjemateriell om du får konsultasjon eller blir behandla.

Før

Ingen spesielle førebuingar er nødvendige før frysebehandling. Det er viktig med god hygiene før du skal behandle huda rundt kjønnsorgan eller anus.

Under

Det øvste laget i huda blir frose med ein flytande nitrogenspray. Kvar vorte blir berre frosen i nokre sekund, men ofte blir behandlinga repetert ein til to gonger etter at huda er tint igjen.

Behandlingsvarigheita er altså kort, men avhengig av kor mange vorter som skal frysast. I ein del tilfelle vil behandlinga gjentakast éin eller fleire gonger med nokre vekers mellomrom.

Nedfrysinga medfører ei kortvarig stikkande smerte.

Etter

Reaksjonen etter behandlinga er avhengig av kor kraftig det blir frose. Kortvarig frysing gir vanlegvis berre raude, eventuelt lett væsking og danning av skorpe. Huda blir oftast heila innan 7–10 dagar.

Ved kraftigare frysebehandling kan det oppstå hevelse, blemme, lokal smerte, væsking i nokre dagar og noko lengre tid for å hele. Sår(a) gror innan få veker og forandringa i huda blir erstatta av ny hud.

Frysebehandling er ikkje 100 prosent effektiv, og ofte er det behov for gjentekne behandlingar.

Ver merksam

Ved smerter kan du sjølv skaffe vanlege reseptfrie midlar som Paracetamol. Tørre skorper bør sitje på til dei fell av. Ope sår kan dekkjast med plaster, om det ligg til rette for det.

Mekaniske inngrep på huda, som frysebehandling, gir ein viss risiko for infeksjon, men det er nokså sjeldan.

Væske frå såra, raude og/eller smerte etter den første fasen på 2–3 døgn, kan vere teikn på infeksjon i såret. Dette bør du behandle med forsiktig vask av såret med reseptfri antiseptisk oppløysing og bakteriedempande krem, eit par gonger dagleg. Bruk gjerne ein tørr kompress for å dekkje såret.

Får du kraftig raude, hevelse, smerte eller sekresjon bør du kontakte lege, fordi du kan ha fått ein meir alvorleg infeksjon som krev behandling med antibiotika.

Hos personar med lys hudtype vil ofte det behandla området vere litt lysare etter behandlinga, medan personar med mørkare hudtype kan få ein mørkare flekk ein periode.

Gradvis, over veker og månader, kjem den normale fargen til huda tilbake. Ved kraftig frysebehandling kan det likevel oppstå varige endringar i fargen på huda på grunn av tap av pigment.

Det er sjeldan at det blir arr. Endå sjeldnare er det å oppleve ei lett form for kjensleløyse i hudområdet som er behandla.

Sist faglig oppdatert 30.04.2024

Kontakt

  • Kontakt Hudpoliklinikken Ålesund

    Oppmøtestad

    1. etasje, fløy DS. 

    Hovudinngangen sett frå utsida.

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Parkering

    Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

    Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

    Betalingsalternativ
    • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
    • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
    • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
    • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
    HC-parkering

    HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

    Oversikt over sjukehusområdet

    Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
    Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

    Kart

    For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

    Finn fram på sjukehuset med Mazemap

     

    Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

    Hovudinngang Ålesund sjukehus
    Åsehaugen 5D
    Administrasjonsbygget
    Åsehaugen 1b
    Akuttmottak
    Åsehaugen 5C
    Apotek
    Åsehaugen 5A
    Audiopedagogen
    Åsehaugen 9
    Dagkirurgi aust
    Åsehaugen
    Barne- og ungdomsavdelinga
    Åsehaugen 11
    Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
    Geilebergvegen 20
    Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
    Geilebergvegen 18
    Habiliteringsbygget
    Åsehaugen 3
    Kreftavdelinga
    Åsehaugen 17
    Psykiatribygget
    Åsehaugen 7A
    Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
    Geilebergvegen 20
    Åse hotell
    Åsehaugen 7
    Åsebøen 1
    Åsebøen 5

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Pasientreiser

    Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Fly

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

     

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

    Kafé

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

    Oppmøtestad

    Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

    Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.  

    Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

    SNR Kristiansund

    Herman Døhlens vei 1

    6508 Kristiansund

    En bygning med biler parkert foran

    SNR Molde

    Byfogd Motzfeldts gate 8

    Transport

    ​​Besøksparkering på tilvist stad.
     
    • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
    • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
    Kart
    Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Vi har reserverte parkeringsplassarplassar rundt Høvdingbygget for pasientar og blodgivarar. Følg skilting på området.  

    Skisse som viser reservert parkering rundt Høvdingbygget.
    Reserverte parkeringsplassar for Helse Møre og Romsdal er spreidd rundt bygget, markert i oransje på bildet over. Følg skilting på området. 

     

    Pasientreiser

    Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

    Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.

    Fly

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    Kvardagar: 07.30–17.30

    Laurdag og søndag: stengt

    Kantina​​​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
    • Helg og høgtid: stengt  

    Kiosk

    Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved SNRKristiansund. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.

    En person som holder et kamera
    Kaffibar
    Et rom med bord og TV og plante
    Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. 

     

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.