Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Behandling
Fuktbevarande behandling av huda ved Kristiansund sjukehus
Mange hudsjukdommar fører til tørr hud. Hos eldre menneske ser ein ei aukande uttørking av huda. Det er derfor viktig med tilførsel av fukt for å førebygge kløe. Tilførsel av fukt via kremar skadar ikkje evna huda har til å produsere fukt. Tørr hud klør og må bli førebygd og behandla.
Før
Rengjer huda
Bruk lunkent vatn, då varmt vatn kan gi auka kløe. Bruk såpe der det er nødvendig og skyl godt. Bruk parfymefrie såper/sjampoar med låg pH-verdi. Ved bad og dusj kan ein bruke vaskekremar i staden for såpe. Bruk også gjerne olje i badet.
Under
Fuktgivande krem kan du smøre deg med så ofte som du synest det er nødvendig, gjerne fleire gonger om dagen. Eit godt tips er å oppbevare kremen i kjøleskapet. Kald krem lindrar kløe. Påfør gjerne kremen rett etter bad/dusj. Om du skal behandle huda med kortisonkremar/salve, bør du la denne trekke godt inn i huda før du smørar huda med fuktgivande krem.
Kva fuktgivande krem bør ein velje?
Fuktgivande kremar finst i ulike variantar, frå lite feitthaldig lotion til feite salver og kremar. Nokre er tilsett verkestoff som gjer huda mjuk, mens andre er tilsett verkestoff som aukar hudas vassbindande evne.
Vi anbefaler å velje fuktgivande kremar utan tilsette parfymestoff for å unngå allergiske hudreaksjonar.
Spør gjerne hudlege eller sjukepleiar om råd når du skal velje kva fuktgivande krem du skal bruke. Apotektilsette kan også hjelpe med dette.
Det viktigaste er at du finn fram til ein fuktgivande krem som du synest er behageleg å påføre, og som samtidig dekker behovet huda di har for fuktbehandling.
Etter
Du bør fortsette å smøre huda jamleg med fuktgivande krem også etter at plagene har gitt seg.
Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje på sjukehuset. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.
Lysbehandling i Molde finn du i apotekbygninga ved Molde sjukehus, Parkvegen 81. Inngang rundt hjørnet til høgre for apotekinngangen.
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.
Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon f
Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.
Fly Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.
Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Hugs at du ikkje kan besøke nokon på sjukehuset dersom
du dei siste dagane har hatt hatt oppkast, diaré, hoste, sår hals, tungpust eller feber.
Unntak kan innvilgast for pårørende til kritisk sjuke og/eller døyande. Dette avtalar du med oss på avdelinga på førehand slik at du kan følgje våre smittevernråd.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.
Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.
Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.
Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.
Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.