Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Granulomatose med polyangiitt

Granulomatose med polyangiitt er ein sjeldan sjukdom som kjem av betennelse i små blodkar. Sjukdommen vart tidlegare kalla Wegeners Granulomatose. Granulomatose med polyangiitt er ein såkalla autoimmun sjukdom, det vil seie at immunforsvaret til kroppen er overaktivt og angrip eige vev.

Utbreiing og årsak

Granulomatose med polyangiitt er ein sjeldan sjukdom som rammar mellom 2 og 12 personar per million menneske per år. Sjukdommen er langt vanlegare i Nord-Europa enn i Sør-Europa.

Årsaka til sjukdommen er ikkje fullstendig kartlagd, men ein reknar med at fleire ulike faktorar har ein innverknad.

Utgreiing

Symptom og teikn på sjukdom

Granulomatose med polyangiitt kan gi symptom frå mange ulike organsystem. Dei vanlegaste er:

  • tett eller rennande nase
  • til tider sekresjon blanda med blod
  • betennelse i bihòler
  • hoste
  • ulik grad av pustevanskar
  • funn av blod og eggekvitestoff i urinen

Ein kan også kjenne seg hås og sår i nasen eller munnhòla, og få betennelse i auget. Smerter i øyra og høyrselstap kan oppstå, og ein kan til tider sjå raudlilla forandringar i huda. Dei fleste har generelle symptom som feber, smerter frå ledd, trøyttleik og vekttap. Dei fleste som har diagnosen Granulomatose med polyangiitt har også bestemde antistoff i blodet (Anti-nøytrofilt cytoplasma antistoff, forkorta ANCA).

Fastsetje diagnose

Diagnosen blir fastsett på bakgrunn av symptom og funn ved samtale og undersøking, blodprøvar og biletundersøkingar. Ved blodprøvar kan ein til dømes sjå antistoff, og dessutan høg senking og hurtigsenking (CRP). Røntgen eller CT-bilete av lunger kan avdekkje lungeforandringar, medan ein ved CT-undersøking av bihòlene kan finne betennelse. Ofte er det også nødvendig å ta prøve (biopsi) frå eit påverka organ for å kunne fastsetje diagnosen. Det vanlegaste er å ta prøve frå nyre, nase, hud eller lunge.

Behandling

Når diagnosen er fastsett, blir det som oftast starta behandling med immundempande medisinar, ofte rituximab saman med relativt høge dosar med Prednisolon. Prednisolondosen blir etter kvart gradvis redusert. Behandlinga har til hensikt å stoppe sjukdomsaktiviteten og etterpå redusere risikoen for at han blussar opp igjen.

Oppfølging

Alle pasientar med Granulomatose med polyangiitt blir følgde opp ved revmatologisk avdeling og fastlegen, eventuelt i samarbeid med nyreavdelinga. I starten etter at diagnosen er sett, er det vanleg med hyppige kontrollar. Når sjukdommen er godt behandla, held det med kontrollar.

Sist faglig oppdatert 19.12.2022

Kontakt

Ålesund sjukehus Revmatologisk poliklinikk

Kontakt Revmatologisk poliklinikk

Oppmøtestad

1. etasje, fløy DS.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.