Behandling

HelseIArbeid - muskel/skjelettplager

HelseIArbeid, individtiltak Sunnmøre gir rask tverrfagleg utgreiing og vurdering av muskel/skjelettplager.

Tilvising og vurdering

Både fastlege, psykolog, manuellterapeut, kiropraktor og tannlege kan sende tilvising.

Det er ønskeleg å kome tidleg inn til utgreiing og avklaring. Du kan få tilvising når det er fare for sjukmelding, hyppige sjukmeldingar eller i ein tidleg fase av sjukmeldinga. Du treng ikkje å ha prøvd behandling i primærhelsetenesta/kommunehelsetenesta før du får tilvising til HelseIArbeid.

Tilvisinga blir vurdert av eit inntaksteam i samsvar med nasjonal prioriteringsrettleiar, innan ti verkedagar. Ved rett til helsehjelp får du innkalling til time. I tida fram til utgreiing, eller ved eventuelle endringar i helsetilstaden, skal du ta kontakt med fastlegen.

Tilvising skal sendast elektronisk til poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi Ålesund. Merk tilvisinga "HelseIArbeid".

Følgande helseopplysningar, i tillegg til vanleg personalia, skal som eit minimum vere med i tilvisinga:

  • Yrke/arbeidsstad, aktuelle sosiale opplysningar (inkl. familie, omsorg for barn, nettverk, eigne ressursar og strategiar for meistring)
  • Aktuelle medisinske opplysningar, kritisk informasjon og oppdatert medisinliste
  • Aktuell problemstilling, med fokus på funksjon, symptomframstilling, varigheit av plager og tilvisar si vurdering
  • Tidlegare undersøkingar, inkl. bildediagnostikk (dato og stad for undersøkinga) og effekt av tidlegare behandling
  • Sivil/familiær status
  • Tolkebehov,og type språk

Før

Du får innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt til time. 

Nokre vil òg motta ein sms om utfylling av skjema i forkant av timen hos oss. Det er ønskeleg at du fyller ut desse skjemaa i forkant slik at vi skal kunne gi deg ein best mogleg vurdering hos oss. Følg rettleiinga som blir gitt i sms.

Under

Individtiltak

Spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering

Du blir undersøkt av ein spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering eller lege i spesialisering, gjerne i lag med ein spesialfysioterapeut. Her får du få tid til å legge fram sjukehistoria di. Det blir gjort ei grundig undersøking for problemstillinga du er tilvist for, samt kartlegging av arbeidsstatus. Undersøkinga bidreg til at vi kan finne faktorane som opprettheld smertene dine, stille diagnose og lage ein vidare behandlingsplan i lag med deg.

Spesialfysioterapeut

Behandling vidare kan vere individuell oppfølging hos spesialfysioterapeut. Tiltaka kan vere fysisk trening i kombinasjon med samtale om mogelege årsaker til smertene. Behandlinga bygger på forsking, retningsliner og etablert praksis på feltet.

Psykiatrisk sjukepleiar

I nokre tilfelle kan det vere relevant med ei utregreiing og avklaring hos psykiatrisk sjukepleiar. Kartlegging rundt emosjonell belasting. Samtalar med kognitiv tilnærming. Råd om vidare behandling.

Arbeidsrådgivar

Du kan få tilbod om ei kartlegging av arbeidssituasjonen din. Arbeidsrådgivar kan vere eit bindeledd mellom deg og NAV.

NAV-rettleiar

Du kan også få tilbod om å snakke med ein NAV-rettleiar. NAV-rettleiaren har rådgivande funksjon og kan gi deg informasjon om korleis NAV kan bidra til at du kan stå i arbeidslivet trass i helseplagene dine.

Gruppetilbod

Bevegelsesgruppe

Bevegelsesgruppa blir leia av spesialfysioterapeut og her er det fokus på balanse, kroppsleg bevisstgjering og avspenning.

Styrkegruppe

Styrkegruppa blir leia av spesialfysioterapeut og her er det fokus på beveging og trening av dei fleste muskelgruppene i kroppen. Du får trening i utholdenheit, styrke og stabilitet.

Temadag

Ein undervisingsdag for muskel- og skjelettplager med tema anatomi, diagnose, smertefysiologi, fysisk aktivitet og kognitiv tilnærming.

Etter

Ut frå ditt behov tilbyr vi:

  • Kontrollar/oppfølgingssamtalar for å kvalitetssikre og bygge opp under dei tiltaka som er iverksett
  • Arbeidsrelatert oppfølging i samarbeid med NAV
  • Samhandling med fastlege og/eller andre deler av helsetenesta for å optimalisere vidare forløp.

Etter oppfølginga har vi som mål at du har fått kunnskap om dine plager og korleis du gjennom informasjon, gode strategiar for meistring og tilpassa aktivitet, kan endre på faktorar som er med på å oppretthalde smerte .

Målet er å klare å halde på eller auke di deltaking i arbeidslivet.