Behandling

HelseIArbeid - rygg-/nakkeplager

HelseIArbeid, individtiltak Nordmøre og Romsdal gir rask tverrfagleg utgreiing og vurdering av rygg-/nakkeplager.

Tilvising og vurdering

Både fastlege, psykolog, manuellterapeut, kiropraktor og tannlege kan sende tilvising.

Det er ønskeleg å kome tidleg inn til utgreiing og avklaring. Du kan få tilvising når det er fare for sjukmelding, hyppige sjukmeldingar eller i ein tidleg fase av sjukmeldinga. Du treng ikkje å ha prøvd behandling i primærhelsetenesta/kommunehelsetenesta før du får tilvising til HelseIArbeid.

Tilvisinga blir vurdert av eit inntaksteam i samsvar med nasjonal prioriteringsrettleiar, innan ti verkedagar. Ved rett til helsehjelp får du innkalling til time. I tida fram til utgreiing, eller ved eventuelle endringar i helsetilstaden, skal du ta kontakt med fastlegen.

Tilvising for rygg- nakkeplager skal sendast elektronisk til Nevrologisk poliklinikk. Merk tilvisinga "Helse i arbeid".
Følgande helseopplysningar, i tillegg til vanleg personalia, skal som eit minimum vere med i tilvisinga:

  • Sivil/familiær status, yrke/arbeidsstad, aktuelle sosiale opplysningar (inkl. familie, omsorg for barn, nettverk, eigne ressursar og strategiar for meistring)
  • Aktuelle medisinske opplysningar, kritisk informasjon og oppdatert medisinliste
  • Aktuell problemstilling med fokus på funksjon, symptomframstilling, varigheit av plager og tilvisar si vurdering
  • Tidlegare undersøkingar, inkl. bildediagnostikk (dato og stad for undersøkinga) og effekt av tidlegare behandling
  • Rusanamnese
  • Tolkebehov og type språk

Før

Du får innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt, i tillegg til ein skjemapakke du kan fylle ut heime og ta med deg til timen.

Under

Individtiltak

Første vurderingstime

Ut ifrå opplysningane i tilvisinga vil du anten bli undersøkt av ein spesialfysioterapeut, ein psykologspesialist eller eit tverrfagleg team med lege frå nevrologisk avdeling, spesialfysioterapeut og sosionom.

Her får du få tid til å legge fram sjukehistoria di. Det blir gjort ei grundig undersøking for problemstillinga du er tilvist for, samt kartlegging av arbeidsstatus. Undersøkinga bidreg til at vi kan finne faktorane som opprettheld smertene dine, stille diagnose og lage ei vidare behandlingsplan i lag med deg.

Spesialfysioterapeut

Behandling vidare kan vere individuell oppfølging med trening i sal eller basseng med spesialfysioterapeut. Tiltaka kan vere fysisk trening i kombinasjon med samtale om mogelege årsaker til smertene. Behandlinga bygger på forsking, retningsliner og etablert praksis på feltet.

Sosionom

I den tverrfaglege utgreiinga vil sosionomen vår gjere ei kartlegging av korleis plagene dine påverkar den generelle livs- og arbeidssituasjonen din. 

NAV-rettleiar

Du kan også få tilbod om å snakke med ein NAV-rettleiar. NAV-rettleiaren har rådgivande funksjon og kan gi deg informasjon om korleis NAV kan bidra til at du kan stå i arbeidslivet trass i helseplagene dine.

Gruppetilbod

Treningsgruppe i sal og eller basseng

Dette er bevegelsesgrupper som blir leia av spesialfysioterapeut. Her har vi fokus på bevisstgjering av naturlege bevegelsar, øvingar for styrke, stabilitet, bevegelegheit og avspenning.

Undervisning

Vi vil ha undervisningsbolkar med forskjellige tema som rettar og plikter som sjukmeldt, smerte, mestring og arbeid. 

Etter

Ut frå ditt behov tilbyr vi:

  • Kontrollar/oppfølgingssamtalar for å kvalitetssikre og bygge opp under dei tiltaka som er iverksett
  • Arbeidsrelatert oppfølging i samarbeid med NAV
  • Samhandling med fastlege og/eller andre deler av helsetenesta for å optimalisere vidare forløp.

Etter oppfølginga har vi som mål at du har fått kunnskap om dine plager og korleis du gjennom informasjon, gode strategiar for meistring og tilpassa aktivitet, kan endre på faktorar som er med på å oppretthalde smerte.
Målet er å klare å halde på eller auke di deltaking i arbeidslivet.

Kontakt

Moldehallen Tverrfagleg ryggpoliklinikk

Kontakt Tverrfagleg ryggpoliklinikk

Oppmøtestad

Vi held til i Moldehallen, Verftsgata 10 i Molde på Bolsønesområdet, i 2. etasje inngang A (på sjøsida av bygninga). Kjem du med bil, er det gratis parkering utanfor. Ta av frå Fannestrandsvegen mot fjorden i lyskrysset ved Glamox. Kjem du med buss, er det busstopp like ved – 2-3 minutt å gå. Det er god bussforbindelse med Timeekspressen til/frå Kristiansund og Ålesund.

Adresse

Åpningstider
  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Moldehallen

Moldehallen

Verftsgata 10