Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Herpesbehandling (genital)

Herpes er ein virusinfeksjon og finst i ulike typar. Dei vanlegaste er herpes labialis (leppeherpes eller forkjølingssår) og blir herpes genitalis (underlivet), også kalla kjønnsherpes.

Herpes i underlivet (genital herpes) er en seksuelt overførbar infeksjon (kjønnssykdom) som varer livet ut. Den kan gi deg smertefulle blemmer og sår. Kondom reduserer sjansen for å bli smittet.

Les meir på helsenorge.no

Herpesviruset blir verande i kroppen resten av livet etter at ein har blitt smitta. Det ligg «sovande» i nerveceller ved ryggrada. Av og til kan viruset aktiverast og «vandre» ut i nervebanar til hud og slimhinner. Aktivering av viruset kan komme av tilfeldig nedsett immunforsvar som for eksempel ein annan infeksjon, (forkjøling, influensa), menstruasjon, fysisk eller psykisk stress og soling.

Kva symptom har genital herpes? 

Dei fleste som blir smitta får ingen plager. Symptom kan oppstå frå tre dagar til tre veker etter smitte, vanlegvis innan ei veke. Symptoma på førstegongsinfeksjon er små væskefylte blemmer som raskt brest og gir ømme, smertefulle sår. Det kan vere vanskeleg å late vatnet på grunn av smerter og allmenntilstanden kan vere påverka med feber og hovne lymfekjertlar. Menn kan få utflod frå urinrøyret. Hos kvinner kan utfloda frå skjeden auke. Utan behandling forsvinn symptoma i løpet av to til tre veker.

Nye utbrot etter det første blir kalla for residiv, og er som regel mildare enn førstegongsutbrotet.

Kva er årsaka til genital herpes? 

Både herpes simplex virus (HSV) type 1 og type 2 kan forårsake herpes genitalis. Begge virustypane smittar via væske i blemmer og sår, men smitte kan også overførast når det ikkje er synlege teikn på herpes.

Viruset kjem inn i kroppen gjennom hud og/eller slimhinnekontakt. Det er vanleg å bli smitta av ein person som har få eller ingen symptom og ikkje veit at han/ho sjølv har herpes.

Utgreiing

Ved førstegongsutbrotet er det viktig at du kjem under behandling så tidleg som mogleg. Utan behandling kan symptoma var opp til tre veker.

Det krevst ingen førebuingar før denne undersøkinga.

Behandling

For å få ein sikker diagnose må legen ta prøve av eit sår/blemme ved utbrot.

Det finst i dag ingen medisin som fjernar herpesviruset frå kroppen. Ved eit førstegongsutbrot kan medisinane ha god symptomlindrande effekt og forkorte utbrotet. Medisinane kan gjere seinare utbrot mindre besværlege, og kan også førebyggje tilbakefall.

Sjølve såra kan vaskast med vatn, og ved smerter kan ein bruke smertestillande som Ibux eller paracetamol, eventuelt lokalbedøvande krem (lidocain). Ved smertefull vasslating kan det lindre dersom du har moglegheit for å spyle vatn over såra samtidig.

Etter

Vanlegvis opptrer blemmene og såra ved nye utbrot på same stad som førstegongsutbrotet. Herpes type 1 gir sjeldnare utbrot enn herpes type 2.

Det er umogleg å føreseie kor ofte utbrota vil komme, men vanlegvis får ein flest utbrot det første året. Mange opplever at hyppigheita på anfalla søkk med åra, og ein blir dermed også mindre smittsam.

Dersom du har mange og plagsame utbrot, kan du ta kontakt med fastlegen din som kan vurdere om det er behov medisin som kan forbyggje utbrot.

 

Kan eg smitte meg sjølv til andre stadar?
Faren for å overføre viruset til andre stader på kroppen er størst under det første utbrotet, då immunforsvaret enno ikkje har laga antistoff mot viruset. Ein kan då smitte seg sjølv for eksempel til lår, fingre, eller til andre stadar. Det er derfor viktig med god hygiene. Ved seinare utbrot er smitterisiko til andre stadar av kroppen liten. Du treng ikkje vere uroleg for å smitte andre ved vanleg sosial omgang.

Kan behandlinga ha biverknader?
Det er liten risiko for biverknader. Det er ikkje rapportert at behandlinga gjer herpesviruset motstandsdyktig mot antiviral behandling hos elles friske individ.

Kan eg vere blodgivar dersom eg har herpes?
Ja. Herpesvirus kan ikkje overførast via blod.

Påverkar herpes moglegheita for å få barn?
Nei, herpesvirus har ingen innverknad på verken kvinners eller menns evne til å få barn.

Kva hender dersom eg har herpes og blir gravid?
Det er ikkje farleg for barnet at mora har tilbakefallsutbrot av herpes under graviditeten, men under sjølve fødselen kan barnet smittast. Det kan derfor vere aktuelt å ta førebyggjande medisin i slutten av svangerskapet. Informer derfor legen eller jordmora di om at du har herpes. Førstegongsinfeksjon hos mora mot slutten av svangerskapet utgjer den største faren for at det nyfødde barnet skal smittast.

Korleis påverkar herpes sexlivet mitt?
Genital herpes er ein vanleg infeksjon. Nesten kvar tredje nordmann er smitta. Dei fleste har lite eller ingen plagar. Trass i dette er det ikkje uvanleg at sjukdommen vekkjer kjensler av skam og skuld hos den som har symptom. Det kan då hjelpe å snakke med ein som kan noko om herpes, det vere seg lege, sjukepleiar eller ein venn.

Må eg fortelje partnaren min at eg har herpes?
Det er inga plikt å fortelje ein seksuell partnar om herpes, men dei fleste forhold byggjer på openheit og tillit. Det kan vere vanskeleg å fortelje partnaren at ein har genital herpes, særleg i starten av eit forhold, men det kan kjennast endå vanskelegare når har det gått lengre tid.

Kan herpes bli forveksla med andre sjukdommar?
Svie, kløe og ubehag hos kvinner kan komme av andre ting, som til dømes soppinfeksjon eller skjedekatarr. Eksem på kjønnslepper eller på penishovudet kan mistolkast som herpes. Danning av sår kan også komme av meir sjeldne sjukdommar som syfilis. Det er derfor lurt å oppsøkje lege for å stadfeste eller avkrefte ein eventuell mistanke.

Sist faglig oppdatert 25.03.2024

Kontakt

  • Kontakt Hudpoliklinikken Ålesund

    Oppmøtestad

    1. etasje, fløy DS. 

    Hovudinngangen sett frå utsida.

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Parkering

    Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

    Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

    Betalingsalternativ
    • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
    • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
    • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
    • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
    HC-parkering

    HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

    Oversikt over sjukehusområdet

    Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
    Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

    Kart

    For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

    Finn fram på sjukehuset med Mazemap

     

    Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

    Hovudinngang Ålesund sjukehus
    Åsehaugen 5D
    Administrasjonsbygget
    Åsehaugen 1b
    Akuttmottak
    Åsehaugen 5C
    Apotek
    Åsehaugen 5A
    Audiopedagogen
    Åsehaugen 9
    Dagkirurgi aust
    Åsehaugen
    Barne- og ungdomsavdelinga
    Åsehaugen 11
    Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
    Geilebergvegen 20
    Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
    Geilebergvegen 18
    Habiliteringsbygget
    Åsehaugen 3
    Kreftavdelinga
    Åsehaugen 17
    Psykiatribygget
    Åsehaugen 7A
    Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
    Geilebergvegen 20
    Åse hotell
    Åsehaugen 7
    Åsebøen 1
    Åsebøen 5

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Pasientreiser

    Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Fly

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

     

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

    Kafé

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

    Oppmøtestad

    Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

    Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.  

    Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

    SNR Kristiansund

    Herman Døhlens vei 1

    6508 Kristiansund

    En bygning med biler parkert foran

    SNR Molde

    Byfogd Motzfeldts gate 8

    Transport

    ​​Besøksparkering på tilvist stad.
     
    • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
    • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
    Kart
    Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Vi har reserverte parkeringsplassarplassar rundt Høvdingbygget for pasientar og blodgivarar. Følg skilting på området.  

    Skisse som viser reservert parkering rundt Høvdingbygget.
    Reserverte parkeringsplassar for Helse Møre og Romsdal er spreidd rundt bygget, markert i oransje på bildet over. Følg skilting på området. 

     

    Pasientreiser

    Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

    Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.

    Fly

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    Kvardagar: 07.30–17.30

    Laurdag og søndag: stengt

    Kantina​​​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
    • Helg og høgtid: stengt  

    Kiosk

    Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved SNRKristiansund. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.

    En person som holder et kamera
    Kaffibar
    Et rom med bord og TV og plante
    Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. 

     

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.