Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hjerneristing

Ei hjerneristing er ein lett hovudskade som kan oppstå om du får ein hardt slag eller støyt mot hovudet. Slaget mot kraniet gjer at hjernen bevegar seg inne i skallen. Det kan gi ubalanse i dei kjemiske stoffa og blodforsyninga i hjernen, og dessutan aktivere immunsystemet. Dette gjer at du kan oppleve akutte symptom på hjerneristing. Dei kan oppstå like etter slaget/støyten eller gradvis i løpet av nokre dagar. Dei fleste kjem seg i løpet av nokre veker, men hos nokon kan faktisk symptoma vare i fleire månader.

Ved symptomer på hjernerystelse må du kontakte lege. De kan gi deg råd om observasjon og om det er behov for å dra til legevakt eller sykehus.

Les meir på helsenorge.no

Vanlege symptom ved hjerneristing

Fysiske

  • hovudverk
  • svimmelheit, kvalme
  • lyd- og lyssensibilitet
  • utmatting
  • søvnforstyrringar
  • synsproblem

Kjenslemessige

  • uro
  • tungsinn
  • irritabilitet
  • generelt meir kjenslevar

Kognitive

  • langsamare tenking/hjernetåke
  • konsentrasjonsvanskar
  • minnevanskar

Symptom du bør vere merksam på dei første par dagane

Det første døgnet etter eit kraftig slag mot hovudet er det ein minimal risiko for at det kan oppstå ei bløding i eller rundt hjernen. Det er derfor viktig at ein annan person kan halde auge med deg dei første 24 timane. Ein lege vil avgjere om det er behov for at du blir vekt i løpet av den første natta.

Kontakt lege med ein gong dersom du eller andre opplev nokre av desse tilstandane:

  • at du svimer av, er sløv eller at du er vanskeleg å få kontakt med.
  • konstant sterk eller veksande hovudverk.
  • episodar med oppkast.
  • veksande forvirring, problem med å hugse eller kjenne igjen.
  • vanskar med å stå eller gå.
  • uforståeleg tale.
  • krampar.
  • lammingar eller styringsvanskar av armar eller bein.
  • at det renn væske eller blod frå øyre eller nase.

Tilvising frå sjukehus eller fastlege må sendast elektronisk via journalsystemet til: HMR ADM FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING - ÅLESUND.

Gode råd

Det er vanleg å vere trøytt og ha eit større søvnbehov, men det kan også vere vanskeleg å finne ro og få samanhengande søvn. Kvil deg når du kjenner behov for det, men du kan vere oppe, og du kan gå små lufteturar om du orkar det. Avgrens gjerne skjermtida dei første døgna.

Unngå alkohol.

Bruk gjerne reseptfrie smertestillande medikament om du har sterk hovudverk. Paracetamol blir anbefalt dei to første dagane, deretter kan du gjerne også prøve ibuprofen, og bruke det du synest hjelpar best.

Ta opp att aktivitetar

Ta opp att gradvis dei vanlege aktivitetane dine, også dersom du framleis har symptom. Det er ikkje farleg å kjenne på noko auka symptom under eller etter aktivitet, men prøv å unngå langvarig symptomforverring. Ein tommelfingerregel kan vere at auken i symptom ikkje bør vare til neste dag.

Start med dei vanlege gjeremåla dine heime og daglege, lette gåturar. Deretter kan du gradvis ta opp att arbeid/studiar og trening.

Nokon vil trenge sjukmelding ein periode. Det kan vere lurt å snakke med arbeidsgivaren/studierettleiaren din om kor mykje du kan arbeide/studere, og kva oppgåver som er overkommelege. Det kan vere stressande å vere i denne situasjonen, med tap av kontroll, usikkerheit og kjensle av å ikkje kjenne seg sjølv igjen. Derfor er det vanleg å bli meir trist, engsteleg og irritert. Fortel vennene dine, kollegaer og familie korleis du har det, så dei kan støtte deg.

Balanse mellom aktivitet og kvile

Symptom etter hjerneristing kan stundom vare lenger enn det du forventar, og intensiteten av symptoma kan variere frå dag til dag. Det kan vere vanskeleg å finne eit passande nivå på aktivitetar og stimuli. Det er viktig å venne hjernen til å handtere aktivitet og stimuli igjen, men på ein skånsam måte. Opplever du for eksempel lyd- eller lysskyheit, skal du ikkje skjerme deg heilt, men gradvis utsette deg for meir lydar og lys i kvardagen.

Nokon kan hamne inn i ein vond sirkel med for mykje kvile over tid. Med ny kunnskap veit vi at det er viktig at du ikkje er heilt inaktiv. På den andre sida er det heller ikkje formålstenleg å ha eit altfor høgt aktivitetsnivå, du må ta omsyn til dei behova kroppen har nå.

Eksempelvis kan nokon ha eit høgt aktivitetsnivå på gode dagar og presse seg for hardt, slik at dei får dei etterfølgande dagane med auka symptom og lågare funksjonsnivå. Eit slikt berg-og-dal-banemønster kan føre til forverring av symptoma og funksjonen over tid, og kan gjere dagane uføreseielege.  

Søvn

Det er lurt å ha gode søvnrutinar og ein jamn døgnrytme.

Kosthald

Drikk nok, et sunt og variert, og ha regelmessige måltid.

Fysisk aktivitet

Start på eit nivå du meistrar utan for mykje symptomauke undervegs og etterpå, og øyk gradvis.

Meistring av symptom, stress og andre belastningar

  • ver klar over korleis du handterer symptoma dine, og at du ikkje bruker for mykje tid på å gruble eller bekymre deg over symptoma.

  • ver klar over korleis belastningar og stress elles i livet påverkar deg. Finn ut av om det er noko du kan gjere noko med, og om det er mogleg å be om hjelp i kvardagen.

  • ver klar over at vanskelege kjensler, ubevisste assosiasjonar og negative forventningar kan gi ein stressreaksjon som forsterkar opplevinga av symptoma. Ei forverring av symptoma betyr derfor slett ikkje alltid at du har gjort for mykje, det kan også vere andre ting som påverkar deg negativt.

1 Pausar

Ver i forkant, legg inn både lange og korte pausar der du gjerne bevegar deg litt eller gjer noko heilt anna.

2 Planlegg

å legge ein plan for veka på førehand kan vere nyttig. Legg inn tid til å ha det litt roleg før og etter krevjande oppgåver.

3 Prioritér

vel ut kva du vil bruke kapasiteten din på. Prioriter viktige aktivitetar, det som gir deg glede og meistring, og som du opplever meiningsfullt.

4 Pytt, pytt – det blir ikkje alltid som du har tenkt

Symptoma er svingande og uføreseielege. Ikkje tenk så mykje på det og prøv igjen.  

Søk hjelp

Sist faglig oppdatert 28.01.2025

Kontakt

Ålesund sjukehus Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk Ålesund

Kontakt Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk Ålesund

Oppmøtestad

Etasje U1, fløy KV.

Oppmøte ved ekspedisjon mellom heisene i underetasjen i lågblokka.
Følg merking frå hovudvestibylen.

Adresse

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30
Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.