Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Brainstem Evoked Respons, BAER
Hjernestammeaudiometri
Ved hjernestammeaudiometri måler vi av korleis lydimpulsar blir oppfatta i det indre øyret, hørelsnerven og høyrselsbanane i sentralnervesystemet. Slik kan vi påvise eventuell sjukdom eller skade.
Tilvising og vurdering
Undersøkinga blir vanlegvis gjord etter vurdering på sjukehuset eller etter tilvising frå lege i spesialisthelsetenesta.
Før
Du bør vaske håret dagen før undersøkinga, slik at elektrodane festar seg godt på hovudet ditt.
Under
Du ligg eller sit avslappa på ein benk eller stol med lukka auge. Du kan gjerne sove.
Ein elektrode blir festa bak kvart øyre, og to i panna på hovudet. Elektrodane er kopla til eit apparat som registrerer vegen til lyden langs nervebanane i hjernen.
Du får høyretelefonar eller proppar i øyra.
Testen varer i cirka 30–60 minutt og gir ikkje noko ubehag.
Etter
Når undersøkinga er over, kan du reise heim eller tilbake til avdelinga der du er innlagd.
Prøvesvara blir analyserte og vi tek kontakt med deg når resultata er klare.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Betalingsalternativ
Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk.
Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.