Undersøking, Brainstem Evoked Respons, BAER
Hjernestammeaudiometri
Ved hjernestammeaudiometri måler vi av korleis lydimpulsar blir oppfatta i det indre øyret, hørelsnerven og høyrselsbanane i sentralnervesystemet. Slik kan vi påvise eventuell sjukdom eller skade.
Tilvising og vurdering
Undersøkinga blir vanlegvis gjord etter vurdering på sjukehuset eller etter tilvising frå lege i spesialisthelsetenesta.
Før
Du bør vaske håret dagen før undersøkinga, slik at elektrodane festar seg godt på hovudet ditt.
Under
Du ligg eller sit avslappa på ein benk eller stol med lukka auge. Du kan gjerne sove.
Ein elektrode blir festa bak kvart øyre, og to i panna på hovudet. Elektrodane er kopla til eit apparat som registrerer vegen til lyden langs nervebanane i hjernen.
Du får høyretelefonar eller proppar i øyra.
Testen varer i cirka 30–60 minutt og gir ikkje noko ubehag.
Etter
Når undersøkinga er over, kan du reise heim eller tilbake til avdelinga der du er innlagd.
Prøvesvara blir analyserte og vi tek kontakt med deg når resultata er klare.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Høyrselssentralen Ålesund
Oppmøtestad
Du finn oss i 1 etasje i høgblokka. Korridoren til høgre når du kjem frå hovudvestibylen. Følg oransje stripe på veggen, og/eller vanleg skiliting.Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5