Behandling

Hjerterytmeovervåker (ILR) ved Ålesund sjukehus

Langtids hjarterytmeregistrering blir gjort for å påvise hjarterytmeforstyrring som ikkje blir fanga opp ved å ta vanleg EKG. Ein langtids hjarterytmeregistrator (ILR) blir lagt under huda på brystkassa di der den registrerer og gjer opptak av aktiviteten til hjartet. Du kan òg gjere opptak sjølv ved å bruke ein aktivator når du kjenner symptom på hjarterytmeforstyrring. Hjarterytmeregistratoren sender informasjon til ein trådlaus mottakar som du får med deg heim (heimemonitor). Heimemonitoren sender informasjon vidare til ein sentral på sjukehuset via telenettet.

Før

Vanlegvis skal du ta dei faste medisinane dine på morgonen. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar gjeld eigne retningslinjer. Du vil få beskjed om kva medisinar du ikkje skal ta.

Før du kjem til avtalt time ved sjukehuset skal du dusje og ha på deg reint tøy. Ved behov, barberer sjukepleiar bort hår på brystkassa der vi skal legge inn hjarterytmeregistratoren.


Under

Legen set lokalbedøvelse og lagar eit snitt i huda der hjarterytmeregistratoren skal leggast inn, vanlegvis midt på venstre side av brystkassa.  Lege og sjukepleiar forklarar kva som skjer undervegs.  

Når hjarterytmeregistratoren er på plass, syr eller stripsar vi igjen snittet i huda og legg på ein bandasje.

Innlegging av hjarterytmeregistratoren tar vanlegvis 30 min.



g_182f8fab_1547_4069_abe4_9c5b4014b5eb

Etter

Du kan reise heim same dag som innlegginga av hjarterytmeregistratoren.

Du får utlevert ein aktivator som du sjølv kan bruke når du kjenner symptom på hjarterytmeforstyrring og ein heimemonitor. Heimemonitoren må alltid vere tilkopla straum. Det er vanlegast å plassere den på soverommet i nærleiken av senga. Det er fordi rutineoverføringar av data frå hjarterytmeregistratoren blir gjort i løpet av natta.

Det er individuelt kor lenge ein rytmeregistrator ligg under huda.


Hjarterytmeregistratoren gjer automatisk registrering ved ei hjarterytmeforstyrring. Du kan og registrere sjølv ved å bruke aktivatoren når du kjenner symptom på hjarterytmeforstyrring. Du bør alltid ha med deg aktivatoren og bruke den kvar gong du kjenner symptom.


Slik bruker du aktivatoren når du opplever symptom


  • Legg aktivatoren flatt inntil huda over hjarterytmeregistratoren
  • Hold inne knappen i eit par sekund før du slepp opp knappen
  • Når registreringa er vellukka, vil aktivatoren lyse grønt og gi frå seg ein pipelyd

Når du har gjort ei slik registrering blir den sendt til sjukehuset neste gong du er i nærleiken av heimemonitoren din.


Avlesing av hjarterytmeregistratoren blir gjort etter ein episode med symptom på hjarterytmeforstyrring eller ved ein rutinekontroll. Sjukepleiar eller lege på sjukehuset les av det hjarterytmeregistratoren har lagra og dei registreringane du sjølv har gjort med aktivatoren. Legen kan på bakgrunn av dette avdekke eller avvise om du har ei hjarterytmeforstyrring.

Du må halde bandasjen tørr for å forhindre infeksjon. Du skal ikkje dusje medan bandasjen er på.

Eventuelle sting forsvinn av seg sjølv.

Du kan sjølv ta av bandasjen 7 dagar etter innsetting av hjarterytmeregistratoren.

For at arret skal bli finast mogleg kan du sette på ein tape (anbefalast silikontape) i ytterlegare 14 dagar. Skjerm arret for direkte sollys dei første 3-6 månadane.


Ver merksam

Ver merksam på teikn til infeksjon. Teikna kan vere rødme, at det er ømt, hevelse eller smerte omkring såret. Dersom du opplever noko av dette må du kontakte fastlegen din. 

Dersom du har vedvarande symptom av hjartebank, nærbesviming og/eller besviming, kontaktar du fastlegen. Ved alvorleg hending skal du ringe 113.


Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk for hjartesjukdommar

Kontakt Poliklinikk for hjartesjukdommar

Oppmøtestad

Poliklinikken held til i 2. etasje i lågblokka på sjukehuset. 

Opningstider

  • I dag 08:00 - 16:00
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.