Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Møre og Romsdal i gang med to store digitale satsingar innan psykisk helse og rus

Frå 1. oktober 2026 tilbyr Helse Møre og Romsdal eBehandling og Starthjelp som ein del av vårt behandlingstilbod.

Publisert 01.10.2026
Sist oppdatert 02.10.2026
Fire personar frå det regionale samarbeidet som står forran ein presentasjon om eBehandling.
F.v. Anja Bjørkavåg, Drilona Ibrahimi, Stig Roar Aune og Liv Engvik.

Frå passiv til aktiv ventetid med Starthjelp

Psykiske helseutfordringar er ein av vår tids største utfordringar. No tek Helse Midt-Noreg grep for å støtta pasientane allereie før første møte i spesialisthelsetenesta. 

Å venta på den første timen i psykisk helsevern kan vera krevjande. Mange pasientar opplever ventetida som prega av uvisse, spørsmål og bekymringar. Kva skal skje på den første timen? Kva behandlingsmoglegheiter finst? Og kva er venta av meg som pasient? 

Utvikla saman med brukarar 

Eit grunnleggjande prinsipp i utviklinga av Starthjelp har vore samskaping. Programmet er utvikla i tett samarbeid mellom pasientar, brukarrepresentantar og fagpersonar. 

Denne tilnærminga har bidrege til at innhaldet tek utgangspunkt i det pasientane sjølv etterspør når dei ventar på første time i psykisk helsevern: tydeleg informasjon, realistiske forventningar og praktiske råd som kan gjera oppstarten tryggare og meir føreseieleg.

Kva får pasientane tilgang til? 

Gjennom Starthjelp får pasientane informasjon om mellom anna pasientrettar, kva som skjer i utgreiings- og behandlingsforløpet, praktiske forhold knytt til oppstart og råd for meistring i ventetida. 

Programmet gir også innsikt i ulike behandlingsformer som kan vera aktuelle, mellom anna gruppeterapi, videokonsultasjonar, eBehandling og andre relevante tilbod i psykisk helsevern. 

Målet er å styrke rolla til pasienten i eige behandlingsforløp og legge til rette for ein tryggare og meir pasientsentrert oppstart av behandlinga.

Fleksibel oppfølging med eBehandling 

Pasientar kan få tilbod om eBehandling etter tilvising frå fastlege eller spesialisthelsetenesta. Behandlinga byggjer på dokumentert kunnskap og anerkjende metodar, og gir pasientane tilgang til behandling via mobil, nettbrett eller PC. Dagens ebehandlingstilbud er basert på kognitiv åtferdsterapi, ein metode som har vist seg å vere effektiv ved behandling av depresjon og angstlidingar. Pasientane får ei vurdering og utgreiing av ein behandlar før oppstart av eBehandling.

I eBehandling jobbar pasienten digitalt med eit behandlingsprogram og får samtidig oppfølging av ein behandlar undervegs i behandlinga. Kommunikasjonen går hovudsakleg føre seg via skriftlege meldingar, i ein meldingsfunksjon i programmet. Det er også mogleg å kombinere eBehandling med fysiske – og/eller videokonsultasjonar ved behov. Innhaldet i behandlinga er mykje det same som ved ordinær ansikts-ansikt behandling, men pasientane kan jobbe med behandlinga når og kvar det passar kvar enkelt, og innhaldet kan repeterast ved behov. Dette gir pasientane større fleksibilitet.  

Slik fungerer eBehandling

Gjennom eBehandling får pasientane tilgang på nyttige og kvalitetssikra verktøy og ressursar som er tilgjengeleg til kvar tid. I programmet kan pasientane lese tekst, sjå filmar, svare på oppgåver, gjennomføre øvingar, og fylle ut kartleggingar. Pasientane kan sende direktemeldingar til behandlaren sin og har tilgang på behandlaren sin gjennom heile behandlingsforløpet. Materialet i behandlingsprogrammet er også tilgjengeleg for pasienten 6 månader etter at behandlinga er avslutta, men då utan støtte av terapeut.  

Etableringsteamet i Helse Møre og Romsdal

Innføringen av eBehandling i Helse Møre og Romsdal (HMR) er leda av seksjonsleiar Anja Bjørkavåg, i tett samarbeid med teamet i HMR Nær og Digiteam psykisk helse og rus. Gjennom arbeidet er det bygd opp eit nytt behandlingstilbod som skal gjere digitale helsetenester meir tilgjengelege for pasientane i regionen. St. Olavs hospital og Helse Nord-Trøndelag har bidrege med kompetanse og opplæring av dei nye eBehandlarane i Helse Møre og Romsdal.

– Etablering av eBehandling er eit viktig steg i arbeidet med å gjere psykiske helsetenester meir tilgjengelege og fleksible for pasientane våre. Gjennom godt samarbeid på tvers av helseføretaka har vi fått tilgang til erfaringar og kompetanse som har gjort det mogleg å byggje opp eit trygt og kvalitetssikra digitalt tilbod i Helse Møre og Romsdal, fortel innføringsleiar Anja Bjørkavåg.   

Først innan psykisk helse og rus

eBehandling blir i dag tilbode innan vaksenpsykiatrien og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) for panikkliding, sosial fobi, depresjon og alkoholproblem. Fleire behandlingsprogram er under utvikling, også på barnefeltet. 

Alle helseregionane i Noreg har over tid samarbeidd godt rundt utvikling og deling av behandlingsprogram, og det er etablert eit eige interregionalt kompetansenettverk for eBehandling (IRK).  

Les meir om eBehandling i Helse Møre og Romsdal