Digitale helsetenester - HMR Nær
Starta opp digitalt oppfølgingstilbod for pasientar med inflammatorisk tarmsjukdom
- Eitt av måla med tilbodet er at helsepersonell kan kjappare ta tak i problema til pasienten i staden for at dei må vente i fleire veker på neste faste time, seier prosjektleiar og sjukepleiar Nanda Kristin Sæterøy-Hansen.
- Det er behova til pasienten som står sentralt i dette, seier seksjonsleiar ved Medisinske poliklinikkar og prosjekteigar Ann-Helen Tryggestad Arthur.
Slik beskriv ho det nye digitale og behovsstyrte oppfølgingstilbodet for pasientar med inflammatorisk tarmsjukdom (IBD) som nyleg vart starta opp i Helse Møre og Romsdal. Prosjektet fekk tildelt innovasjonsmidlar frå Helse Midt-Norge i 2022, i kategorien overføring av innovasjon, for oppstart i 2023.
Oppfølgingstilbodet er eit av fleire digitale helsetenester som tilbydast i helseføretaket, og gir mellom anna pasientane moglegheit til å gjennomføre delar av oppfølginga si utanfor sjukehuset dersom dei ønskjer det.
Sjå våre digitale helsetenester på HMR Nær si nettside.
Digital eigenregistrering
Det behovsstyrte tilbodet gir pasientar med IBD moglegheit til å vere med å påverke når og korleis oppfølginga av si IBD skal skje gjennom digitale eigenregistreringsskjema.
Skjemaet består av 10 korte spørsmål og 2 fritekstsvar som sendast til pasienten via ei lenke på SMS når det er tid for registrering og fyllast ut gjennom ein sikker nettportal.
EIGENREGISTRERING: Pasientane får tilsendt lenke via SMS når det er tid for eigenregistrering. Biletet viser døme på spørsmål frå skjemaet (Foto: Petter Bjørklund/HMR).
Svara blir så gått gjennom av IBD-sjukepleiar, og ut frå desse blir pasienten etter behov kontakta eller satt opp til time med lege eller sjukepleiar. Slik kan kontrolltimane gjennomførast etter pasientens behov slik at dei kan få hjelp og oppfølging når dei treng det mest.
- Vi tenkjer det er positivt å melde inn symptoma på denne måten for å mellom anna kunne følgje med grafisk på korleis det går med pasienten over lengre tid, fortel Arthur.
- Eitt av måla med tilbodet er at helsepersonell kan kjappare ta tak i problema til pasienten i staden for at dei må vente i fleire veker på neste faste time, legg prosjektleiar og sjukepleiar Nanda Kristin Sæterøy-Hansen til.
Prosjektgruppa understrekar at pasienten står fritt til å avbryte den digitale oppfølginga og gå tilbake til vanleg oppfølging når enn dei måtte ønskje det.
Fleire gevinstar for pasientar med IBD
Oppfølgingstilbodet kan gi fleire fordelar for pasientar med IBD. Mellom anna kan svara som dei melder inn danne utgangspunkt for framtidige konsultasjonar, noko som gjer at legane og sjukepleiarane kan fange opp eventuelle problem tidleg i oppfølgingsløpet.
- Når vi kallar inn pasienten til ein time eller årskontroll veit vi på førehand kva som er dei størsta problema for dei. Då kan vi peile konsultasjonen inn mot deira behov, seier Arthur.
Ho legg til at digital eigenregistrering gir pasienten større fridom og fleksibilitet til å melde inn behova sine når dei sjølv har best tid.
- Ein har det ofte veldig travelt i løpet av dagen. I staden for å ringe helsesekretær kan pasienten velje å melde inn behova og symptoma sine via skjema på kveldstid eller når enn det skulle passe best for dei sjølve.
- Når vi tar inn pasienten til ein time eller årskontroll veit vi på førehand kva som er dei størsta problema for dei. Då kan vi peile konsultasjonen inn mot deira behov, seier prosjekteigar Ann-Helen Tryggestad Arthur (Illustrasjon: Colourbox).
Saman med sjukepleiar May-Liss Olsen og helsesekretær Camilla Lausund seier Arthur og Sæterøy-Hansen at det er kjekt at tilbodet er igangsett, og at dei drar erfaringar frå andre behovsstyrte oppfølgingstilbod for å levere eit godt tilbod til pasientar med IBD.
I tillegg understrekar dei at tilbodet vil oppdaterast og tilpassast kontinuerlig basert på erfaringane til helsepersonellet og tilbakemeldingar frå pasientane.
- Medisinsk poliklinikk Ålesund har òg behovsstyrt oppfølging for pasientar med diabetes som vi haustar erfaringar frå, samstundes som prosjektgruppa har hatt og vil fortsette å ha jamlege møte for å evaluere og justere tilbodet etter behov.
Behovsstyrt oppfølging av pasientar med IBD er ein av fleire digitale helsetenester ved Helse Møre og Romsdal. Oppfølgingstilbodet er inspirert av liknande tilbod ved andre sjukehus, deriblant Vestre Viken/Bærum sjukehus.
MERK: Dette er ikkje ei løysing for umiddelbar hjelp. Ein skal kontakte legevakt eller ringe 113 viss det hastar.
Om prosjektgruppa
Prosjektgruppa består av Nanda Kristin Sæterøy-Hansen (fagansvarlig sjukepleiar og prosjektleiar), Lina Helle (fagansvarlig lege), May-Liss Olsen (sjukepleiar), Marte Sølsnes Blindheim (sjukepleiar), Elin Kvalsvik (sjukepleiar), Camilla Kristine Lausund (helsesekretær), Ann-Helen Tryggestad Arthur (seksjonsleiar Medisinske Poliklinikkar - prosjekteigar), og Christer Jensen (innovasjonsrådgivar). Gruppa ynskjer også å få med ein brukarrepresentant, og har tatt kontakt med Mage-tarm forbundet Møre og Romsdal.
Prosjektet har også mottatt assistanse frå Unni Arnestad (kvalitetsrådgiver helsetjenesteutvikling), Per Henning Valderhaug (Rådgiver HEMIT) og Merete Røren (seksjonsleiar Kontor Medisin Ålesund).