Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Hofteproteseoperasjon, Kristiansund

Ein hofteproteseoperasjon kan vere aktuelt ved artrose i hofta, hoftebrot, medfødde skadar eller andre forandringar i hofta. Det øydelagde og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese. Ein veljer å setje inn ein hofteprotese etter at annan ikkje-operativ behandling er forsøkt og ikkje har hatt tilstrekkeleg effekt.

Symptom

Når brusken i hofta blir slitne, mister hofta sin naturlege glideflate. Det kan medføre stivleik, redusert bevegelse og svikttendens. Ein får smerter både ved belastning og etter kvert også i kvile og om natta. Nokre gonger oppnår ein ikkje god nok smertelindring med trening og bruk av smertestillande tablettar. Da kan det vere aktuelt å skifte ut hofteskåla og hoftekula med eit kunstig hofteledd, altså ein protese.

Samval

Når du har blitt syk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du samvalsverktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.

Du kan også finne meir informasjon om artrose på helsenorge.no. 

Før

Ved dei fleste sjukehus blir du innkalla til ein førebuingsdag nokre veker før operasjonen. Då gjer vi nødvendige forundersøkingar og du får informasjon om den planlagde behandlinga frå kirurg, fysioterapeut, sykepleiar og anestesilege.

Når operasjonsdatoen er bestemt, tar du kontakt med kommunefysioterapeut/ ergoterapeut med tanke på hjelpemidlar etter operasjonen.

Nyttige hjelpemiddel

  • hjelpemiddel til toalett
  • dusjkrakk
  • strømpepåtrekkar, gripetang og langt skohorn

Hugs å ta med krykker ved innlegging. Det kan også vere lurt å ta med klede som er lette å bevege seg i og sko som er lette å ta på og sit godt på foten.

Bedøving

Operasjonen blir vanlegvis utført i spinalbedøving/ryggbedøving, men kan også bli gjord i narkose. Etter avtale med anestesilege kan du saman med spinalbedøvinga få sovemedisin under inngrepet.

Hofteprotese

Det blir brukt veldokumenterte hofteprotesar. Det kunstige leddet består av ein plastforing (eventuelt keramikk), som blir festa i hofteskåla (bekkenet) og ein metallstamme med hoftekule som blir festa i lårbeinet. Protesedelane kan bli festa i beinet med eller utan bruk av beinsement.

Førebuingar heime

For å førebygge infeksjon i operasjonssåret, må du fjerne ringar, smykke, piercingar, naglelakk og sminke, og vaske deg med bakteriedrepande såpe eller serviettar kvelden før operasjonen. Instruksjon om dette får du på førebuingsdagen.

Faste og medisinar

På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil seie at du ikkje skal ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops etter midnatt. Du må bare ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt at du skal ta. Dette blir avklarat på førebuingsdagen i forkant av operasjonen.

Under

Ved hofteoperasjonar blir bedøving i dei aller fleste tilfella gitt i ryggen, ei såkalla spinalbedøving, og du vil kunne vere vaken. Av og til vel vi narkose i samråd med anestesilegen, og du vil vere bevisstlaus under inngrepet.

Ein anestesisjukepleiar sit ved deg under heile operasjonen. Han eller ho er kontaktpersonen din, og passer på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte, men du vil merke litt bevegelse i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre bankelydar, og andre lydar frå arbeidet til kirurgen.

Du kan høyre på musikk under operasjonen dersom du ønskjer det. Ta med den musikken du ønskjer å høyre på. Dersom du heller vil sove litt, kan du få avslappande medisinar.

Operasjonen blir utført under strenge hygieniske forhold. Hofteoperasjonar blir i dag gjorde i sideleie eller ryggleie. Kirurgen opnar hofteleddet med eit snitt ved hofta. Vi fjernar leddhovudet etter at lårhalsen er kutta. Denne delen blir erstatta av ein protese i rustfritt stål eller titanlegering. Hofteskåla blir erstatta med ei plastskål eller titanskål.

Protesane finst i fleire størrelsar, og ortopeden vel den som passar best for deg. Dei sementfrie komponentane blir banka på plass. Protesane gror så fast til beinet i løpet av veker eller månadar. Nokre protesar blir festa med beinsement som blir blanda og tørkar i løpet av få minutt.

Etter at leddhovudet er montert på, blir hofteprotesen sett i ledd. Kirurgen sjekkar beinlengde og at hofta er stabil ved vanlege bevegelsar så den ikkje seinare "går ut av ledd".

Operasjonstid for hofteprotesar varierer noko, men ligg vanlegvis på 90 minutt.

Etter

Vanlig sjukehusopphald er 1–3 dager med dagleg trening og aktivitet. Du vil få instruksjon i øvingar og krykkegange av fysioterapeut mens du er på sykehuset. Egeninnsats er avgjørande for eit vellukka resultat.

Aktivitet

Det er viktig å komme seg raskt på beina. Allerede 3–5 timar etter operasjonen kan du, med hjelp, komme ut av senga. Fra første dag etter operasjonen skal du gå med 2 krykker eller andre eigna hjelpemiddel.

  • Du kan i regelen belaste den opererte hofta.
  • Du kan komme ut og inn frå seng både på operert og uoperert side.
  • Du kan liggje på uoperert side etter operasjonen med pute mellom beina. Du kan også liggje på magen. Du kan liggje på operert side når såret har grodd (2–3 veker) og det ikkje er smertefullt.

Smerter

Det er vanleg med smerter i dagane og vekene etter operasjonen. Det er ikkje farleg å bruke hofta sjølv om det er litt smertefullt. Du vil få smertestillande tablettar som dempar smertene til et akseptabelt nivå. Medisinane blir trappa gradvis ned etter kvart som smertene avtar. Dei fleste får ei smertefri og velfungerande hofte, men det kan ta tid (hos enkelte inntil 1 år) før smertene er heilt borte og bevegelsen optimal.

Forsiktigheitsreglar

Restriksjonar etter hofteprotesekirurgi varierar noe mellom sjuehusa og avheng også av kva for kirurgisk metode som er nytta. Vanlege restriksjonar kan vere:

  • Unngå å bøye deg framover med knea peikande innover og foten plassert ut til sida, i 3 månadar, «kalvbeint stilling».
  • Unngå å sitje med beina i kryss, og å krysse operert bein over midtlinja, dei første 3 månadene.
Illustrerer punkta over
  • Du kan plukke opp ting frå golvet ved å strekkje operert bein bak når du bøyer deg (se bilde under).
  • Du kan bøye deg fram og la knea falle til sida, «froskestilling», når du ikkje merker stramming/ubehag i operert hofte.
Illustrerer punkta over

Etter utskriving

Hevelse og misfarga bein på operert side er vanleg på grunn av økt væske– og blodansamling. Dette kan du sjå heilt ned i anklane. Det vil gradvis forsvinne av seg sjølv. For å redusere hevelsen kan du liggje med beinet høgt og overkroppen lågt. Lett aktivitet og sirkulasjonsfremmande øvingar kan også bidra til å redusere hevelse.

Sårpleie

Huden blir lukka enten med ein oppløyseleg tråd som ikkje skal bli fjerna, eller med tråd/stiftar som må bli fjerna etter 2–3 veker. Bandasje byttast ved behov. Korleis du skal forhalde deg til både stinga og bandasjen, vil du få informasjon om før utreise. Vi tilrår å unngå bading i basseng/badekar/saltvann dei første 3 vekene.

Trening/krykker

Det er viktig med dagleg aktivitet og trening etter utreise frå sjukehuset. Treninga vil dei fleste klare på eiga hand. Krykkene kan bli avvikla etter 4 veker når du kan gå normalt utan å halte. Avvik kan førekomme i individuelle tilfelle. Du vil få informasjon om og trene på dette under opphaldet.

Aktivitetar

Turgåing og andre lettare aktivitetar blir tilrådd. Du kan ha seksuelt samvær så lenge du overheld gjeldande restriksjonar.

Sjukemelding/reseptar

Vanlegvis treng du sjukmelding i 2–8 veker, avhengig av kva type jobb du har. Du får med deg resept på smertestillande medisinar og blodfortynnande sprøyter.

Bilkøyring

Bilkøyring bør du vente med til du har avvikla bruken av krykker, og beinet kjennest sterkt nok til å klare bilkøyring. Du skal heller ikkje køyre bil om du bruker smertestillande medisinar med raud varseltrekant på. Det er veitrafikkloven som gjeld.

  • Inn og ut av bil som passasjer: still setet langt tilbake og tipp rygglenet godt bakover.

Kontroll på flyplassar

Ein protese kan utløyse alarmen ved sikkerhetskontroll. Det vil vanlegvis vere nok å forklare at du har ei hofteprotese og eventuelt vise fram arret. Du kan også få ein bekreftelse frå sjukehuset om at du har protese, om du ønskjer det.

Etterkontroll

Du vil bli innkalt til kontroll hos lege eller fysioterapeut omlag 3 månader etter operasjonen.

Moglege komplikasjonar

Dei vanlegste komplikasjonane i forbindelse med hofteproteseoperasjon er infeksjon og at hofta går ut av ledd (luksasjon). Begge førekjem hos omlag 1 prosent av pasientane. Det er viktig at du raskt tek kontakt med avdelinga, dersom det oppstår akutte sterke smerter eller tekn til infeksjon (sjå meir under «Faresignal».) Det kan også førekomme nerveskade, men dette er sjeldan og oftast heilt eller delvis forbigåande. Blodpropp skal førebyggjast med rask mobilisering og blodfortynnande sprøyter, eventuelt også med komprimerande strømper. Det er også tilrådd at du unngår lange flyreisar dei første 6 vekene etter operasjonen. Nokre gonger oppstår ein beinlengdeforskjell, oftast ved at det opererte beinet blir lengre. Då kan det vere nødvendig å bruke innleggssåle i motsatt sko.

Informasjon frå fysioterapeut 

Øvingar for hofte etter proteseoperasjon. 

NB! Dei liggjande øvelsane skal ikkje gjerast på golvet, men i einseng, på ein sofa, på ein benk eller liknande.

  1. Stram setemusklane og press begge knea ned i underlaget. Hold i nokre sekund. Slipp opp.
  2. Bøy opp i kne og hofte og trekk hælen langs underlaget. Strekk deretter beinet ut igjen. 
  3. Bøy opp i anklane. Før beina frå kvarandre og deretter roleg inn igjen. Ikkje lyft beina frå underlaget.
  4. Liggande setelyft: Ligg på ryggen med bøyde knær. Knip setemusklane saman og lyft bekkenet og nedre del av ryggen frå underlaget. Senk rolig ned igjen.
  5. Ståande tåhev med støtte: Stå bak ein stol og støtt deg med hendene til stolryggen. Lyft deg opp på tærne med begge beina og senk deg rolig ned igjen.
  6. Støtt deg i en stol eller liknande. Sett opererte bein litt bak det andre – tærne i bakken. Strekk ut ved å føre hælen mot bakken. Kjenn at du bruker lårmusklane og setemusklane når du strekkjer ut.
  7. Støtt deg til en stol, inntil ein vegg eller liknande. Før det opererte beinet ut til sida og før det kontrollert ned igjen. Det kan vere greitt å ikkje ha sko på opererte bein når du gjer denne øvinga.
  8. Støtt deg med begge hendene på ein stolrygg eller liknande. Stå med føtene i skulderbreiddes avstand. Bøy i hofter og knær med lik tyngde på begge bein. Reis deg opp igjen når du har nådd posisjonen på figuren.
  9. Trappegang opp med krykker: Opp med det friske beinet først, deretter operert bein og krykker.
  10. Trappegang ned med krykker: Sett krykkene ned eit trinn, deretter følger operert bein. Det friske beinet til slutt. Krykkene følgjer alltid det opererte beinet.

 Ved utreise blir det avtalt kontrolltime hos ortoped tre månader etter operasjonen. Då skal du også ta røntgen.

Nødvendige papir som sjukemelding, reseptar etc. får du med deg når du dreg heim.

Unngå bøy >90O i hofteleddet. Operert bein skal ikkje krysse kroppen si midtlinje. Bruk to krykker i seks veker etter operasjonen om ikkje anna er avtalt. Du kan køyre bil når styrken i beinet tillet det. Du kan ha seksuell omgang med forsiktigheit. Ta det roleg med huslege aktivitetar. Unngå å stå lenge. Aktivitetar utover dette avklarer du med lege før utreise.

Ver merksam

Teikn til infeksjon er vedvarande siving frå såret, du utvikler feber, aukande smerter, væsking frå operasjonssåret eller raudheit rundt operasjonssåret. Ta kontakt med avdelinga umiddelbart om du mistenkjer infeksjon.

Kontakt

Kristiansund sjukehus 5-døgns post ortopedi Kristiansund

Kontakt 5-døgns post ortopedi Kristiansund

Oppmøtestad

5-døgnsposten ligg på plan 2.

Adresse

Åpningstider
  • I dag
    • 14:00 - 15:00
    • 18:00 - 19:00
  • Måndag
    • 14:00 - 15:00
    • 18:00 - 19:00
  • Tysdag
    • 14:00 - 15:00
    • 18:00 - 19:00
  • Onsdag
    • 14:00 - 15:00
    • 18:00 - 19:00
  • Torsdag
    • 14:00 - 15:00
    • 18:00 - 19:00
  • Fredag
    • 14:00 - 15:00
    • 18:00 - 19:00
  • Laurdag
    • 14:00 - 15:00
    • 18:00 - 19:00
  • Søndag
    • 14:00 - 15:00
    • 18:00 - 19:00
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Transport

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.
 
  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
Kart
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon f

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstida er 17.00-19.00 alle dagar.  ​

Hugs at du ikkj​e kan besøke nokon på sjukehuset ders​om 

  • du dei siste dagane har hatt hatt oppkast, diaré, hoste, sår hals, tungpust eller feber.  
Unntak kan innvilgast for pårørende til kritisk sjuke og/eller døyande. Dette avtalar du med oss på avdelinga på førehand slik at du kan følgje våre smittevernråd.



Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

 

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

 

 

 

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

I tillegg har vi kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Pusterommet i Kristiansund

Pusterommet i Ålesund 

 

Kurs