Diagnose

Irritabel tarm-syndrom (IBS) ved Ålesund sjukehus

Irritabel tarm er ein sjukdom som oftast kan greiast fullt ut hos fastlegen. Viss fastlegen finn spesiell grunn til å sjå bort frå annan sjukdom som årsak til symptoma dine, kan han/ho velje å tilvise til utgreiing.

Irritabel tarmsyndrom (IBS) kan gi plager som magesmerter, forstoppelse, oppblåsthet og diaré. Symptomene forverres ofte av stress og enkelte matvarer, men mange opplever god bedring med livsstilsendringer.

Les meir på helsenorge.no

Irritabel tarm er ein folkesjukdom, og særleg er det mange unge som har ubehag knytt til ulike matslag og endra avføringsmønster. Irritabel tarm er i seg sjølv ikkje farleg, men kan vere svært plagsam i dagleglivet og setje grenser for livsutfaldinga.

Tilvising og vurdering

Irritabel tarm kan som hovudregel bli utgreidd og behandla hos fastlegen. Særleg hos unge menneske under 45 år er det oftast ikkje nødvendig med undersøkingar hos spesialist.

Oppfølging skal alltid skje hos fastlegen, som kjenner pasienten best. 

Ved uvisse om der ligg andre tarmsjukdommar føre, kan fastlegen velje å tilvise til spesielle undersøkingar hos spesialist, på sjukehus eller ved spesialistsenter. Ventetida for slik utgreiing kan vere lang, sidan ein sjeldan mistenkjer kreft eller annan svært alvorleg sjukdom.

Tilvisinga bør innehalde:        
  • Sjukdomsdisposisjon i familien (cøliaki, autoimmun sjukdom, inflammatorisk tarmsjukdom, gastrointestinal og annan cancer)
  • Annen sjukdom inklusive autoimmun sjukdom
  • Symptomsvarighet
  • Symptombilde inklusive tilleggssymptom
  • Utgreiingshistorie som endoskopifunn med prøvesvar (fecal calprotectin? Thyroideaprøver? Cøliakiprøver? Evt. histologisvar)
  • Behandlingsforsøk til no
        

Utredning

Utgreiing hos spesialist har som mål å sjå bort frå annan tarmsjukdom, som betennelse i tarmveggen «kolitt», eller  cøliaki. Viss vanleg behandling hos fastlegen ikkje hjelper tilstrekkeleg, kan han/ho også velje å tilvise for vurdering av behandlingstiltak hos spesialist.

Det vanlegaste er at fastlegen tilviser for gastroskopi med prøvetaking frå tynntarmen eller til koloskopi med prøvetaking frå tjukktarmen. 

Ved sjukehuset gjer vi målretta utgreiing og det er først og fremst gastroskopi og kolonoskopi som blir gjort som rutine. Vi tek ofte blodprøver og avføringsprøver. Nokre gonger blir det også gjort røntgenundersøkingar eller magnet-resonans-tomografi (MR).  

Dei fleste pasientane vil kunne utgreiast poliklinisk. Ofte er det tilstrekkeleg med ein beskriving av sjukdomsbiletet, klinisk undersøking, avføringsprøvar og blodprøvar .

IBS er en sykdom som gjerne blir forverra under stress eller andre påkjenningar. Hos ein del pasientar er det derfor aktuelt å bli tilvist til psykosomatisk vurdering, til sosionom eller smerteklinikk.   
  



Det kan og vere aktuelt med lactulose pusteprøve og avføringsprøve til kalprotektin-undersøkelse og/eller elastase/lipase-undersøkelse.
g_61d4a5d3_f712_4955_a5b5_b42d20bd176f



Behandling

Pasienter med IBS må i hovudsak lære å leve med og ta hensyn til sin diagnose.  Det er likevel tiltak som kan bidra til betre kvardag for mange.  

IBS er ein sjukdom som kan gi langvarige helseplagar. Gjennom meir kunnskap både om eigen sjukdom og tiltak som kan bidra til å redusere plagane, kan mange pasientar oppnå betre livskvalitet. Det er viktig at tiltaka skjer i samråd med eigen lege og blir tilpassa den enkelte pasient.

Kostråd

Nokre pasientar kan ha nytte av å følge dietten FODMAP-redusert kost. Den er utvikla av ernæringsfysiologar med god kjennskap til IBS. Men dietten lav FODMAP-kost er ikkje anbefalt for alle pasienter med IBS. Det er derfor viktig at alle endringer av kostvanar/dietter skjer i samråd med helsepersonell som kjenner din situasjon og sjukehistorie. 

Oppfølging

Vanlegvis sender sjukehuset rapport til fastlegen din, der resultatet av undersøkingane og vurderingar blir gitt.
 

Viss fleire undersøkingar er gjorde ved sjukehuset, vil vi nokre gonger kalle inn til ein avsluttande samtale om diagnosen og gi deg råd om vidare behandling. Den vidare oppfølginga vil skje hos fastlegen.

Nasjonal kompetansetjeneste for funksjonelle tarmsykdommer har utvikla tiltak som har vist seg å vere gunstig for pasientar med IBS.

Mage- tarmskole  

Dette er eit e-læringskurs utarbeida av Nasjonal kompetansetjeneste for funksjonelle mage-tarmsykdommer (NKFM). Spørreundersøkingar blant dei som har tatt kurset viser betring av plagane og auka livskvalitet. 
 
Mage- tarm skolen gjer deg innføring i ulike tiltak som kan vere til hjelp for deg som må leve med IBS. I kursperioden vil det vere mogeleg å sende spørsmål som blir svara av ernæringsfysiologar med kjennskap til IBS.   
 
Den digitale mage- og tarmskolen er open for: 
  • Pasientar i Helse Vest med IBS diagnose 
  • Du må vere over 18 år
  • Beherske norsk  
  • Ha mogeligheit til å logge deg inn med digital identitet (eks. Bank-ID). Du vil få tilgang via ein eigen innloggingskode. 
For å delta på mage -tarm skolen må din lege eller din spesialist tilvise deg.  
 
Les meir om  mage-tarmskolen . 
 


 

 

Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Kontakt Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Oppmøtestad

Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.

Adresse

Opningstider
  • I dag 08:00 - 16:00
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Kurs