Diagnose

Irritabel tarm-syndrom (IBS) ved Ålesund sjukehus

IBS er ein tilstand kjenneteikna av magesmerter relatert til endringar i avføringsmønsteret. Nokre pasientar har plagar med forstoppelse, andre plagast med diare, og nokre har eit vekslande og uforutsigbart avføringsmønster. Tilstanden er kronisk, det vil seie at den har vart i over eit halvt år, men alvorlighetsgraden varierer stort frå person til person. Tilstanden er vanleg og rammar omtrent 15 av 100 i befolkninga.

Irritabel tarmsyndrom (IBS) kan gi plager som magesmerter, forstoppelse, oppblåsthet og diaré. Symptomene forverres ofte av stress og enkelte matvarer, men mange opplever god bedring med livsstilsendringer.

Les meir på helsenorge.no

Sjukdomen er i seg sjølv ikkje farleg, men kan vere svært plagsam i dagleglivet og sette grenser for livsutfoldinga.

Tilvising og vurdering

Dei fleste pasientane med IBS kan følgast hos fastlegen og treng ikkje behandling eller utgreiing på sjukehus. Nokre pasientar har uttalte plagar og har derfor behov for vurdering hos spesialist. Før ein blir tilvist, anbefaler vi at grunnleggande utgreiing er utført, og dette bør det opplysast om i tilvisinga frå fastlegen.

Tilvisinga bør innehalde:        
  • Sjukdomsdisposisjon i familien (cøliaki, autoimmun sjukdom, inflammatorisk tarmsjukdom, gastrointestinal og annan kreftsjukdom)
  • Annen sjukdom inklusive autoimmun sjukdom
  • Symptombilde og symptomvarigheit
  • Resultat frå relevant utgreiing (til dømes endoskopi med histologi, cøliakiprøver, fekal kalprotektin og andre avføringsprøver og aktuelle blodprøver)
  • Behandlingsforsøk til no
        

Utredning

Irritabel tarm syndrom kan vanlegvis utgreiast i regi av fastlegen. Diagnosen blir stilt på bakgrunn av klassiske symptom, og ved å utelukke enkelte andre sjukdommar som kan ha liknande symptom. Slike tilstandar kan vere cøliaki, inflammatorisk tarmsjukdom (som Crohns sjukdom og ulcerøs kolitt) og tarmkreft. Ofte er det tilstrekkeleg å ta blodprøver og avføringsprøver for å utelukke desse tilstandane, men nokre gonger er det nødvendig med tilvisning til spesialisthelsetenesten for endeleg avklaring.  

Det kan vere aktuelt å undersøke mage- og tarmkanalen ved til dømes gastroskopi og koloskopi. Andre gongar er det behov for til dømes ultralyd, CT eller MR-undersøkingar. Dette gjerast etter individuell vurdering av pasienten sin fastlege.

Behandling

Irritabel tarmsyndrom er ein kronisk tilstand som kan endre seg over tid gjennom livet. I nokre periodar kan pasienten være veldig hardt ramma, mens det i andre periodar er mindre symptom. Enkelte pasientar fortel og at symptombiletet endrar seg over tid, ein kan til dømes plages med forstoppelse i ein periode, medan det seinare kan vere diaré som er hovudproblemet.  

Eit hovudprinsipp i behandlinga av IBS er at ein identifiserer kva som er den eller dei største utfordringane for pasienten, og startar behandlinga retta mot det problemet. Der er fleire tiltak som kan vere relevante, alt frå avspenningsteknikkar og pusteøvingar, til diettbehandling, til medisinar som rettar seg mot smerter, forstoppelse eller diare. Under vil vi gå gjennom nokre av råda som kan hjelpe mange pasientar med IBS.

Generelle råd ved irritabel tarm-syndrom (IBS)

Mange opplever symptomlindring ved å følge noen generelle råd og det anbefales derfor å starte med disse. De generelle rådene baserer seg på NICE guidelines og anbefales som førstelinjebehandling

Les mer om generelle råd ved irritabel tarm-syndrom (IBS)
Foto: Havregrøt med bær

IBS-skolen

Fleire helseforetak arrangerer kurs for pasientar med IBS. Det er gjerne lagt opp til  fysisk oppmøte og undervisning i grupper. Kursa går gjerne over eit par dagar. Sjekk med fastlegen din kva tilbod som er tilgjengeleg i ditt område. 

Oppfølging

Vanlegvis sender sjukehuset rapport til fastlegen din, der resultatet av undersøkingane og vurderingar blir gitt.
 


 

 

Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Kontakt Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Oppmøtestad

Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.

Adresse

Opningstider
  • I dag 08:00 - 16:00
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

 

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

 

 

 

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.