Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kapselendoskopi av tynntarm

Ved kapselsendoskopi kan vi undersøkje om det er sjukdommar i tynntarmen. Det er vanlegast ved mistanke om bløding der andre undersøkingar ikkje har gitt noka god forklaring. Du svelgjer ein kapsel (11 x 26 mm) med innebygd kamera som tek bilete gjennom tynntarmen. Undersøkinga varer i 12 timar og bileta blir lagra i ei biletboks som du ber på deg.

Før

For å få best mogleg kvalitet på bileta må tynntarmen vere heilt rein. Du må derfor kjøpe tømmingsmiddel som Citrafleet eller Picoprep på apotek. Les informasjonen om korleis du tømmer tarmen nøye.

Dagen før undersøkinga – tøm tarmen

Dagen før undersøkinga kan du ete ein lett lunsj klokka 13. Deretter må du ikkje ete fast føde.

Klokka 18 dagen før undersøkinga skal du bruke tømmemiddelet.

  1. Fyll eit glas med 1 ½ dl vatn.
  2. Hell innhaldet av ein pose tømmingsmiddel i glaset.
  3. Rør om i 2–3 minutt til alt pulveret er fullstendig oppløyst. Blandinga vil vere uklar og kan bli varm. Avkjøl den eventuelt før du drikk den.

Drikk deretter 2 liter fordelte på 5 dl kvar time. Du kan drikke vatn, buljong, saft, brus og mineralvatn, kaffi eller te.

Du må halde deg i nærleiken av eit toalett etter å ha teke tømmingsmiddelet. Det er individuelt kor langt tid det tek før preparatet verkar – det kan gå fleire timar før effekten kjem.

Dagen du skal undersøkjast

Du skal ikkje ete eller drikke noko dei siste åtte timane før undersøkinga. Om du bruker livsviktige medisinar, kan du ta det klokka 06.00 med eit halvt glas vatn. Andre medisinar kan du ta med til sjukehuset og ta når kapselen har komme inn i tynntarmen. Dette får du informasjon om av sjukepleiar.

Har du diabetes og bruker insulin, kan du kontakte oss for å få time tidleg på dagen.

Under

Du blir teken imot av ein sjukepleiar som koplar til utstyret og startar opp undersøkinga. Vi tilrår at du har på deg ei bukse med strikk i livet og T-skjorte. Piercing i navlen må fjernast. Du får eit glas vatn tilsett nokre dropar Minifom for å fjerne luftbobler i tarmen.

Du får eit belte rundt magen. Sensorane i beltet blir kopla til ein opptakar som du ber i ei skulderveske. Det er viktig at du ikkje tek av beltet dei 12 timane opptaket går føre seg. Du får ein kapsel (kamera) som du svelgjer ved å drikke eit glas vatn.

For at kapselen skal flytte seg raskt over frå magesekk til tarmen, er det best at du er i aktivitet dei første to timane. Etter cirka éin time kontrollerer vi posisjonen til kapselen. Dersom han har flytta seg frå magesekken til tarmen, kan du reise heim.

No kan du drikke vatn, men du må vente to timar til til du kan ete.

Det er fint med naturleg aktivitet under heile undersøkinga, men du bør unngå større fysiske anstrengingar. Unngå opphald i nærleiken av sterke elektromagnetiske felt, som til dømes MR-undersøking. Radiosendarar kan også påverke kvaliteten på bileta. Hugs å behandle utstyret forsiktig – det må ikkje utsetjast for vatn, støyt, vibrasjonar eller direkte sollys.

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt.

Kor lenge varer undersøkinga?

Undersøkinga varer i 12 timar.

Etter

Etter 12 timar avsluttar du undersøkinga ved å ta av beltet og skulderveska. Lever alt utstyret samla til sjukehuset etter avtale. Sjølve kapselen kjem ut på naturleg måte med avføringa og skal ikkje leverast tilbake.

Når får eg resultatet?

Bilete frå undersøkinga vil bli behandla i eit biletprogram. Resultatet vil bli sendt til legen som har tilvist deg.

Ver merksam

Det er sjeldan komplikasjonar ved kapselsendoskopi. Er det svært tronge parti i tarmen, kan kapselen stoppe opp og må då fjernast med endoskop eller operasjon.

Sist faglig oppdatert 30.09.2024

Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Ventetid: 10 uker

Ventetid: 10 uker

Kontakt Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Oppmøtestad

4. etasje, fløy KV.

Adresse

Opningstider

  • I dag 08:00 - 16:00
Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

10 uker til undersøkelse

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.