Undersøking

Kapselendoskopi av tynntarm

Ved kapselendoskopi kan vi undersøke om det er sjukdommar eller blødingar i magesekk eller tynntarm. Då svelger du ein kapsel med innebygd kamera. Den er om lag 11 x 26 mm. Kapselen passerer gjennom heile tynntarmen mens kameraet tar over 50 000 bilde. Undersøkinga tar om lag 12 timar, og bilda blir lagra i ein bildeboks som du ber på deg.

Før

For å få best mogleg kvalitet på bilda må tarmen vere heilt rein. Du må derfor kjøpe tømmingsmiddel som Citrafleet eller Picoprep på apotek. Les nøye informasjonen om korleis du tømmer tarmen.

Dagen før undersøkinga - tømme tarmen

Dagen før undersøkinga kan du ete ein lett lunsj kl. 13. Deretter må du ikkje ete fast føde. 

Klokken 18 dagen før undersøkinga skal du bruke tømmingsmiddelet. 

1. Fyll eit glas med 1 ½ dl vatn. 
2. Hell innhaldet av ein pose tømmingsmiddel i glaset
3. Rør om i 2 – 3 minutter til alt pulveret er fullstendig i oppløysing. Blandinga vil vere uklar og kan bli varm. Avkjøl den eventuelt før du drikker. 

Drikk deretter 2 liter fordelt på 5 dl kvar time. Du kan drikke vatn, buljong, saft, brus og mineralvatn, kaffe eller te. 

Du må halde deg i nærleiken av eit toalett etter å ha tatt tømmingsmiddelet. Det er individuelt kor langt tid det tar før preparatet verkar - det kan gå fleire timar før effekten kjem. 

Dagen du skal til undersøkinga 

Du skal ikkje ete eller drikke noke dei siste åtte timane før undersøkinga. Hvis du bruker livsviktige medisinar kan du ta dei kl. 06.00 med et halvt glas vatn. Andre medisinar kan du ta med til sjukehuset og ta når kapselen har kome inn i tynntarmen. Dette får du informasjon om av sjukepleiar.

Har du diabetes og brukar insulin, kan du kontakte oss for å få time tidleg på dagen. 


Under

Du blir tatt imot av ein sjukepleiar som koplar til utstyret og startar opp undersøkinga. Vi anbefaler at du har på deg ei bukse med strikk i livet og t-skjorte. Piercing i navlen må du fjerne. Du får eit glas vatn tilsett nokre dropar Minifom for å fjerne luftbobler i tarmen. 

Du får eit belte rundt magen. Sensorane i beltet blir kopla til ein opptakar som du ber i ei skulderveske. Det er viktig at du ikkje tar av beltet i løpet av dei 12 timane opptaket pågår. Du får ein kapsel (kamera) som du svelger ved å drikke eit glas vatn. 

For at kapselen skal flytte seg raskt over frå magesekk til tarmen, er det best at du er i aktivitet dei første to timane. Etter om lag ein time kontrollerer vi kapselens posisjon. Har den flytt seg frå magesekk til tarmen, kan du reise heim. 

Nå kan du drikke vatn, men du må vente ytterlegare to timar til du kan ete. 

Det er fint med naturleg aktivitet under heile undersøkinga, men du bør unngå større fysiske aktivitetar. Unngå opphald i nærleiken av sterke elektromagnetiske felt, som til dømes MR-undersøking. Radiosendarar kan også påverke kvaliteten på bileta. Husk å vere forsiktig – utstyret må ikkje bli utsett for vatn, støyt, vibrasjonar eller direkte sollys. 

Gjer det vondt? 

Undersøkinga gjer ikkje vondt. 

Kor lenge varer undersøkinga? 

Undersøkinga varer i om lag tolv timar. 


Etter

Etter tolv timar avsluttar du undersøkinga ved å ta av beltet og skulderveska. Lever alt utstyret samla til sjukehuset etter avtale. Sjølve kapselen kjem ut på naturleg måte med avføringa og skal ikkje bli levert tilbake. Ta kontakt om du ikkje har observert at den har komme ut i løpet av to–fire døgn. 

Når får ein resultatet? 

Bilde frå undersøkinga vil bli behandla i eit bildeprogram. Resultatet vil bli sendt til legen som har tilvist deg. 


Ver merksam

Det er sjeldan komplikasjonar ved kapselendoskopi. Er det svært tronge parti i tarmen, kan kapselen stoppe opp og må då bli fjerna med endoskop eller operasjon. 

Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Kontakt Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Oppmøtestad

Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.

Adresse

Opningstider
  • I dag 08:00 - 16:00
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.