Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Kirurgiske inngrep i huden
Ved nokre tilstandar er det nødvendig for hudlegen å gjere enkle inngrep i huda. Dette kan vere ein biopsi eller eit kirurgisk inngrep for å avklare diagnosen og behandle tilstanden.
Før
Om du bruker medisinen acetylsalisylsyre Albyl-E, kan vi operere.
Om du bruker warfarin (Marevan), kan vi operere dersom INR-verdien er under tre eller lågare. Du må ta kontakt med fastlegen din cirka éi veke før operasjon for INR-måling og justering av Marevandosen. Dersom INR-verdien er over tre, må inngrepet utsettast.
Om du bruker blodfortynnande medisin som apiksaban (Eliquis), dabigatran (Pradaxa) rivaroksaban (Xarelto) edoksaban (Lixiana) eller argatroban (Novastan) skal du ikkje ta den faste dosen din blodfortynnande medisin siste 24 timar før planlagd operasjon.
Under
Du får lokalbedøving. Ein bit av huda blir fjerna. Såret blir sydd igjen med sting som skal fjernast etter nokre dagar. Du får beskjed om kor lenge stinga skal sitte.
Etter
Effekten av bedøvinga varer i éin–to timar. Etter inngrepet kan såret vere ømt. Skulle du ha behov for smertestillande, er Paracetamol anbefalt. Unngå acetylsalicylsyre (for eksempel Albyl- E) fordi dette kan auke faren for bløding i såret.
Plasteret du fekk hos oss, kan sitte på til stinga blir fjerna. Ved bløding, kan du skiftae det tidlegare. Skulle plasteret bli blautt, anbefaler vi at det blir skifta.
Unngå hard fysisk aktivitet som fører til slag mot såret eller strekk i huda dei første to vekene. Når stinga er fjerna, kan det med fordel bruke eit uelastisk plaster (for eksempel Micropore) i éin–tre månader. Dette vil stabilisere huda slik at arret blir finare.
Alle kirurgiske inngrep vil etterlate arr i huda. Råda ovanfor vil hjelpe deg til å få eit finast mogleg resultat.
Ver merksam
Teikn på infeksjon:
Får du aukande smerter etter to–tre dagar, kan det vere teikn på infeksjon. Dette kjem vanlegvis av ei auke av dine eigne hudbakteriar og er som regel lett å behandle.
Symptom:
aukande, bankande smerte
raudfarge og heving rundt sårkant eller rundt nokre sting
Den gamle poliklinikkinngangen er no stengt pga ombygging. Bruk hovudinngangen på sørsida og gå tvers gjennom sjukehuset. Du finn oss i enden forbi skyvedørene.
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid
Poliklinikkinngangen er stengt
20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging.
Inngang A til psykiatribygget er stengt
9. september 2024 stengde vi inngang A ved psykiatribygget (Åsehaugen 7a). Pasientar, pårørande og andre besøkande skal bruke inngang på austsida for å kome til psykiatribygget (punkt 13 på bildet). Tilkomst via gangsti frå hovudinngangen (Åsehaugen 5d) på sjukehuset.
Markerte område på bildet Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande Gul markering: HC-parkering Raud markering: Parkering for blodgivarar Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Inngangen er midlertidig stengt i samband med byggearbeid. Bruk inngang på austsida av bygget. Tilkomst via gangsti ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.
Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.
Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.
Fly
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.
KaffibarSjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.