Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kjempecellearteritt

Kjempecellearteritt (også kalla storkarvaskulitt) er ein revmatisk sjukdom der immunforsvaret lagar betennelse i store blodårer.

Symptom

Ved kjempecellearteritt er det vanleg at ein kjenner seg trøytt og slapp og har feber, nokon går ned i vekt. Dersom det er betennelse i tinningpulsårene (temporalisarteritt) er det vanleg med smerter i hovud og tinning, tyggesmerte og synsforstyrringar (dobbeltsyn, tåkesyn, skugge i synsfeltet eller forbigåande synstap hos opptil 20 prosent). Omkring 5 prosent kan få eit varig synstap.

Mange med kjempecellearteritt har samtidig polymyalgia revmatika, ein betennelsestilstand som blir kjenneteikna av verk i begge skuldrer og/eller hofte og uttalt stivleik om morgonen.

Utgreiing

Fastsetting av diagnose 

Diagnosen kjempecellearteritt blir oftast stilt på bakgrunn av symptom og blodprøver, kombinert med at ein ser betennelse i blodårevegg ved ultralydundersøking eller CT, eller i vevsprøve av tinningpulsåre, ei undersøking ein gjer i nokre tilfelle. 

Typiske trekk ved sjukdommen: 

  • sjukdomsstart etter 50 år
  • nyleg oppstått hovudverk i tinningane
  • akutte synsforstyrringar
  • tyggesmerter
  • feber, allmennsymptom eller nedsett blodprosent som ikkje kan forklarast på annan måte
  • øm tinningpulsåre ved trykk og/eller svakare puls i blodåra
  • høg CRP og senking 

Behandling

Kjempecellearteritt blir behandla med prednisolon. Prednisolondosen blir gradvis redusert over tid, og det er viktig å følge nedtrappinga som legen set opp for å unngå alvorlege biverknadar. Av og til er det behov for å gjere justeringar i nedtrappinga, det kan vere å auke dosen igjen eller å bruke lengre tid på kvart nedtrappingstrinn. 

Det er vanleg at behandlinga varer eitt til to år ved kjempecellearteritt. Nokon treng behandling med låge dosar (5 mg) i fleire år fordi sjukdommen blussar opp når ein stoppar med medisinen. I sjeldne tilfelle er det nødvendig med anna immundempande behandling i tillegg. 

Det er viktig å kontakte lege straks om du får aukande hovudverk eller synsforstyrringar. 

Bruk av Prednisolon over lang tid aukar risikoen for å få beinskjørheit. Det er viktig med dagleg tilskot av kalsium og vitamin D (for eksempel Calcigran Forte). Medisin mot beinskjørheit kan vere nødvendig. Prednisolon kan auke risikoen for diabetes, og blodsukker skal kontrollerast ved høge dosar. 

Ved langtidsbruk av Prednisolon kan kroppen bli dårlegare til å auke produksjonen av hormonet kortisol så mykje som nødvendig i stressituasjonar. 

Om du bruker prednisolon i dosar opp til 10 mg dagleg bør du ta dobbel dose om du får feber og/eller akutt sjukdom. Om du får opp oppkast eller diaré som gjer at du ikkje held på tablettane må du oppsøke lege raskt for å få kortison intravenøst eller anna sprøyteform. Du går tilbake til vanleg dose eit par dagar etter at symptoma på annan sjukdom har gått tilbake. 

Desse medisinane er vanlege ved behandling av kjempecellearteritt, men det kan vere at det er noko ved sjukdommen din som gjer at du skal ha ein annan behandlingsplan enn dette. Følg alltid den planen du har fått av behandlaren din.  

Prednisolon (kombiner 20 og 5 mg tablettar til lågast mogleg talet på tablettar som gir rett dose): 

60 mg dagleg i 1 veke (startdose viss synssymptom)  

50 mg dagleg i 1 veke  

40 mg dagleg i 2 veker (startdose om ikkje synssymptom)  

35 mg dagleg i 2 veker  

30 mg dagleg i 2 veker  

25 dagleg mg i 2 veker  

20 mg dagleg i 2 veker  

17,5 dagleg mg i 3 veker  

15 mg dagleg i 3 veker  

12,5 mg dagleg i 3 veker  

10 mg dagleg i 3 veker  

10 mg og 7,5 mg annankvar dag i 3 veker  

7,5 mg dagleg i 3 veker  

7,5 mg og 5 mg annankvar dag i 3 veker  

5 mg dagleg inntil vidare (i minst eitt år, lenger dersom sjukdommen blussar opp)  

Obs, lista er rettleiande, det kan bli behov for å gjere justeringar hos fastlege eller revmatolog undervegs  

Calcigran fora 1000/800:  

1 tablett kvar kveld. Kalk og D-vitamintilskot som reduserer risiko for utvikling av beinskjørheit.  

Pantoprazol 20 mg:  

1 tablett morgon så lenge prednisolondose er > >15 mg. Magesyredempande. Blir berre gitt viss andre risikofaktorar for magesår  

Alendronat 70 mg veketablett:  

1 tablett morgon 1 dag i veka. Tabletten skal takast på tom mage, minst 30-60 minutt før første måltid og ikkje saman med andre tablettar. Ein må ikkje legge seg ned dei første 30 minutt etter tablett er tatte. Mot beinskjørheit. Blir gitt frå diagnose om du har risikofaktorar for beinbrot (for eksempel foreldre med rygg- eller hoftebrot, eigne brot etter 40 år, røyking m.fl.), elles berre dersom det blir påvist nedsett beintettleik ved beintettleiksmåling. 

  

Om du bruker andre medisinar frå før skal du halde fram med desse med mindre du får ein annan beskjed.   

Sjølvhjelp

Det finst fleire enkle og ufarlege tiltak som ein kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen. Vi anbefaler å følge dei råda for fysisk aktivitet og kost som gjeld for heile befolkninga. Du kan lese meir om kosthaldsråda frå helsedirektoratet på helsenorge.no.

Norsk vaskulittregister

Norsk vaskulittregister er eit nasjonalt kvalitetsregister med målsetting om å sikre kvalitet og einskapeleg utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med systemiske vaskulittar.

Les meir om Norsk vaskulittregister (unn.no)

Oppfølging

Oppfølginga av kjempecellearteritt skjer i samarbeid mellom deg, fastlegen din og revmatologisk avdeling. I starten av sjukdommen vil det vere tett oppfølging, så vil kontrollane bli sjeldnare når sjukdommen har gått over i roleg fase.

Vaksinar

Ved høgdose Prednisolonbehandling anbefaler vi pneumokokkvaksine, og årleg vaksine mot influensa og covid. I tillegg påfyll av barnevaksinar (difteri, stivkrampe, kikhoste og polio) kvart 10. år.

Kontroll

Anbefalt: 

  • første kontroll hos fastlegen etter 2 veker
  • før kvar anna nedtrapping av prednisolondosen 

Kontakt lege dersom du får tilbake symptom eller symptom på høgt blodsukker (auka tørste, hyppig vasslating). Dersom du får synsforstyring må du kontakte lege raskt.  

Personar med revmatisk sjukdom har auka risiko for hjarte-karsjukdom. Vi anbefaler derfor at du ber om undersøking hos fastlege for risikovurdering når diagnosen blir stilt og seinare med den hyppigheita fastlegen tilrår. 

 

Sist faglig oppdatert 16.01.2026

Kontakt

Ålesund sjukehus Revmatologisk poliklinikk

Kontakt Revmatologisk poliklinikk

Oppmøtestad

1. etasje, fløy DS.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.