Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kjønnsvorter - medikamentell behandling

Kjønnsvorter (kondylom) er ein ufarleg tilstand forårsaka av vorteviruset humant papillomavirus (HPV), hovudsakleg undertype 6 og 11. Synlege vorter kan oppstå på hud og slimhinne på og rundt kjønnsorgan og i endetarmsområdet. Medikamentell behandling heime er den vanlegaste behandlingsforma.

Utgifter til behandling av kjønnsvorter (kondylomer) er ikkje dekt av smittevernlova. Derfor må du sjølv dekke utgifter for eigendel og bandasjemateriell.

Før

Diagnosen blir stilt ved undersøking hos legen din. Behandlinga som blir vald er avhengig av kvar kjønnsvortene er, kor lenge du har hatt dei og om du er gravid eller ammar.

Det er ingen førebuingar som er nødvendige for å starte medikamentell heimebehandling av kjønnsvorter, anna enn ein legetime og ein resept.

Treng du at legen skal behandle deg på legekontoret må du ha timeavtale for dette. Eventuelt må du ha ei tilvising frå fastlegen din til ein spesialist som utfører behandlinga.

Vanlegvis vil legen byrje den medikamentelle behandlinga med å skrive ut ein resept på eit middel eller ein krem du kan bruke heime:

Podofyllotoksin-middel (Condyline)

Dette er eit middel med cellegift som hemmar celledeling og medfører celledød. I Noreg finst det under namnet Condyline. Podofyllotoksin skal ikkje brukast av gravide og ammande. Er du kvinne i fruktbar alder må du derfor bruke sikker prevensjon med kondom eller unngå vaginalt samleie når du blir behandla med dette middelet. Podofyllotoksin skal ikkje brukast på opne sår etter kirurgisk inngrep og er ikkje godkjent til behandling hos barn under 12 år.

Imiquimod-krem (Aldara)

Dette er ein krem er eit lokalt immunstimulerande middel. Kremen stimulerer immunforsvaret i hudområdet til å få bukt med viruset. Denne kremen er ikkje utprøvd for gravide eller ammande. Sjekk med den behandlande legen din dersom du er usikker om du kan bruke denne kremen.

Etter

Sjølv etter ei vellykka behandling med kremar og middel kan vortene komme tilbake. Jo lengre tid vortene er borte, jo betre er sjansane for at infeksjonen er borte.

Opptil ein tredel får kjønnsvortene tilbake etter behandling, anten på same stad eller på nye stader.

Dersom vortene kjem tilbake, kan du og legen din vurdere ein annan type behandling.

Ver merksam

Ver merksam på at visse typar medisinar og middel mot kjønnsvorter ikkje skal brukast av deg som er gravid eller ammar.

Sårdanningar og lokal irritasjon er vanleg under behandling med imiquimod (Aldara). Nokre få får også influensaliknande symptom av dette.

Lokale hudreaksjonar som ømheit, svie, raude og overflatesår er vanlege biverknader av podofyllotoksin (Condyline).

Sist faglig oppdatert 30.04.2024

Kontakt

SNR Kristiansund Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

Kontakt Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

Oppmøtestad

Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.  

Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

SNR Kristiansund

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

En bygning med biler parkert foran

SNR Molde

Byfogd Motzfeldts gate 8

Transport

​​Besøksparkering på tilvist stad.
 
  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Vi har reserverte parkeringsplassarplassar rundt Høvdingbygget for pasientar og blodgivarar. Følg skilting på området.  

Skisse som viser reservert parkering rundt Høvdingbygget.
Reserverte parkeringsplassar for Helse Møre og Romsdal er spreidd rundt bygget, markert i oransje på bildet over. Følg skilting på området. 

 

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.

Fly

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved SNRKristiansund. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.

En person som holder et kamera
Kaffibar
Et rom med bord og TV og plante
Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. 

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.