Kva symptom skal du sjå etter ved kjønnsvorter?
Dei fleste som har infeksjonen, veit ikkje om det fordi det er vanleg å vere smitta utan å ha symptom. Nokre veker til fleire månader etter smitte kan ein likevel utvikle vorter på hud eller slimhinne. Vortene kan sjå ulike ut med tanke på farge og storleik, vere enkeltståande eller danne grupper. Dei kan halde fram med å vere uendra eller vekse og bli større eller fleire. Etter kvart blir dei vanlegvis mindre og færre, fram til dei forsvinn.
Nyoppstått vorter hos ein person i eit stabilt forhold treng ikkje å vere teikn på utruskap fordi ein kan utvikle synlege vorter ei lang tid etter ein har vorte smitta.
Det er viktig å vere merksam på at ikkje alle utvekstar i genital område er vorter. Det finst normalt små utvekstar ved inngangen til skjeden og kanten av penishovudet.
Kva er årsaka til kjønnsvorter?
Alle typar vorter kjem av infeksjon med HPV-viruset. Det finst over 200 ulike typar av HPV i hud og slimhinner, og nokre er kjende for å kunne bli overførte ved seksuell kontakt. HVP-virus i kjønnsorgana, (genital HPV), er svært vanleg. Cirka 80 prosent av alle seksuelt aktive vil ein eller annan gong i løpet av livet ha hatt ein variant av HVP-viruset.
Diagnosen kjønnsvorter blir stilte ved klinisk undersøking. Det vil seie at helsepersonell undersøkjer deg. Ein prøve av vevet eller huda er som oftast unødvendig. Å teste undertypar av HPV-viruset med PCR-test er ikkje tilrådd.





