Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kneproteseoperasjon ved Ålesund sjukehus

Ein kneproteseoperasjon kan vere aktuelt ved slitasjegikt (artrose) i kneet, brotskadar, medfødde skadar eller andre forandringar i kneet. Det øydelagde og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese.

Kneprotese

Kneprotesar finst som delprotesar (unikondylære proteser) og totalprotesar. Ved totalprotesar blir heile enden av lårbeinet (femur) og leggbeinet (tibia) bytt ut. Ved delprotesar er det berre innsida (medialt) eller kun utsida (lateralt) eller kun leddet mellom kneskåla og lårbeidet som blir erstatta av ein protese.

Ortopeden tar stilling til kva type protese som eignar seg best for deg.

I tilvisingsteksten ønsker vi informasjon om:

  • namn og fødselsdato
  • om pasienten ønsker operativt tilbod
  • vekt og høgd, dersom operasjon kan vere aktuelt
  • akutt skade eller snikande debut
    • symptom og varigheit
    • detaljert angiving av smerter (lokalisering, utstrålande, eventuelle smerter andre stader)
    • eventuelle tidlegare operasjonar
    • funn ved kliniske undersøkingar: Rørsleutslag, svikt, låsing, stabilitet, heving, kraft, nerveutfall?
  • bildediagnostikk:
    • resultat av bildediagnostikk, når og kvar er dette utført?
    • pasientar over 50 år med smerteplager:
      • røntgen med belastning er førsteval
      • artrosevurdering.
    • MR berre hos pasientar med sikre mekaniske plager og/eller yngre med akutte oppståtte plager.
  • behandling utført og effekt av denne (for eksempel fysioterapi)
  • yrke og sjukemeldingsstatus
  • faste medikament
  • andre sjukdommar
  • behov for tolk

Før

Før operasjonen skal du gjennom nokre førebuingar for å redusere risikoen for komplikasjonar.

Vaske kroppen med Hibiscrub

Du skal vaske deg med Hibiscrub på operasjonsdagen. Hibiscrub er bakteriedrepande og reduserer risikoen for infeksjon.  Du treng ikkje vaske håret med Hibiscrub, men ver nøye med kroppsvask. Etter dusjing skal du ikkje bruke parfyme, kremar, sminke, smykke, piercingar eller neglelakk, og du skal ha på deg reine klede. Dersom du skal møte på sjukehuset på operasjonsdagen, skal du ta vasken med Hibiscrub heime.

Faste og medisinar

På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil seie ikkje ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops. Du må berre ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt er sikre å bruke.

Last gjerne ned appen "Patient Journey" for å førebu deg til operasjon.

 


Under

Ved kneoperasjonar set vi i dei aller fleste tilfelle bedøvinga i ryggen. Dette er ei såkalla spinalbedøving der du er vaken. Av og til vel ein narkose i samråd med anestesilegen, og du vil då sove under inngrepet.

Ein anestesisjukepleiar sit ved sida av deg under heile operasjonen. Han eller ho er din kontaktperson og passar på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte.  Derimot vil du merke litt risting i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre hamring, saging og boring.

Dersom du ønsker det, kan du høyre på musikk under operasjonen. Du har anledning til å ta med dette sjølv eller låne hos oss.

Operasjonstid for kneprotesar varierer noko, men ligg vanlegvis på cirka 90 minutt.

 
 



Etter

Start opptreninga

Begynn med sirkulasjonsøvingar i senga så fort du kan bevege beina. Det viktigaste tiltaket for å førebygge blodpropp og få att funksjonen, er å kome seg opp på beina så hurtig som mogleg. Du vil tidleg bli hjelpt opp av senga for å stå og bevege deg litt.

Den viktigaste opptreninga etter proteseoperasjon er å kome i gong med dagleglivets aktivitetar. Eigentrening i form av bevegelse, styrke, balanse og koordinasjon er viktig for resultatet av operasjonen. Du skal følge eigentreningsprogrammet du får av fysioterapeut på sjukehuset.

Du har rett på fysikalsk behandling i inntil 6 månader etter operasjonen. Etter at du kjem heim skal du starte med trening veileda av fysioterapeut. Du må trene med fysioterapeut 2–3 gonger per veke i fleire månader etter operasjonen. Vi anbefaler at du tar kontakt med fysioterapeut og avtaler timer i god tid før operasjonen.

Smerter

Den første tida oppstår det naturleg nok ein del smerter rundt det opererte kneet. Smertene blir lindra med medisinar, og desse skal du ta med jamne mellomrom og til avtalte tider. Du skal ikkje vente til du kjenner auka smerter før du tar smertestillande. Dette for å unngå såkalla smertetoppar. Erfaring viser at det tar lengre tid å få redusert smertene igjen når slike periodar oppstår. Har du mykje smerter trass i at du tar dei medisinane du er beden om, er det viktig at du seier i frå til personalet. Då kan du få andre medisinar i tillegg.

Nokre reiser heim same dag som dei blir operert. Det vanligaste er å reise dagen etterpå, men nokre kan ha behov for å vere innlagt lengre.

 
 


Ver merksam

Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:

  • tung pust
  • bløding i såret
  • væske fra såret
  • aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • aukande hevelse i eitt eller begge bein
  • sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • svimmelheit eller svime
  • ​feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Sist faglig oppdatert 26.07.2024

Kontakt

Ålesund sjukehus Dagpost Ålesund
Ventetid: 10 - 50 uker

Ventetid: 10 - 50 uker

Kontakt Dagpost Ålesund

Oppmøtestad

7. etasje, fløy HØ (høgblokka). Dageining. 

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

10 uker til innleggelse (50 totalt)

40 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.