Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at foreldre/føresette og skole- og barnehagetilsette skal få auka kunnskap om kva ADHD er og korleis ein kan møte barn og ungdom med ADHD både i heimen og i skole- og barnehagekvardagen. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett og fagperson.
Vi oppfordrar begge foreldra til å delta på opplæringa.
Innhald
- Brukarhistorier
- Informasjon om ADHD-foreininga
- Om diagnose og diagnosekriteriar
- Medikamentell behandling
- Samtale og refleksjonar kring ADHD
- Rettar og moglegheiter
- Foreldrerettleiing
- Tilrettelegging, tiltak, tilpassing og hjelpemiddel i barnehage, grunnskule og vidaregåande
- Samarbeid heim - skole
- Å vere open om diagnose
Det vil bli moglegheiter for spørsmål, refleksjonar, oppgåver og pausar undervegs i programmet. Med atterhald om endringar.
Praktiske opplysningar
Kurstilbodet er digitalt og går over ein dag, de vil få kurslenke og info tilsendt per e-post.
Rettar, eigenandel og opplæringspengar
Ingen eigenandel.
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn, dersom opplæringa er naudsynt for å kunne følgje opp barnet.
Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med på opplæringa.
Lenke til informasjon om opplæringspengar og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Elisabeth Hovland
70 16 72 00