Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

AMD (Aldersrelatert makula degenerasjon) - Ålesund

Kurs for deg med Aldersrelatert makula degenerasjon (AMD) og dine pårørande

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Augeavdelinga/ Augepoliklinikk i samarbeid med Norges Blindeforbund og NAV Hjelpemiddelsentralen

Kvar

Ålesund sjukehus
Kreftavdelinga sine lokaler ved Ålesund sjukehus (inngang østsida 1. etg)

Elektronisk tilvising sendast til Augepoliklinikk ved Ålesund sjukehus

Er du pasient ved Augepoliklinikk kan du melde deg på kurset i Augepoliklinikk sin resepsjon, info under kontaktinformasjon. 

Kvifor delta på kurs

Kurstilbod for personar med Aldersrelatert makula degenerasjon (AMD). Der du får kunnskap og informasjon om diagnosen og dele erfaringar. Pårørande vert også oppmoda om å delta.

På kurset får du moglegheit for dialog med helsepersonell frå ulike faggrupper og treffe andre som er i same situasjon som deg sjølv.

Innhald

Kurset vil kunne omhandle fylgjande tema:

  • Om diagnose og behandling
  • Om sprøytebehandlinga
  • Pasienterfaring
  • Informasjon frå Blindeforbundet
  • Informasjon frå NAV Hjelpemiddelsentralen
  • Spørsmål/diskusjon

Praktiske opplysningar   

Oppgi i tilvisinga om du har med nokon som ledsagar eller pårørande. Det same gjeld ved behov for drosje.

Kaffi og lunsj vert dekka av avdelinga.

Det er bindande påmelding.
Om du likevel ikkje kan møte på opplæringa må du ta kontakt med augepoliklinikken snarast og seinast innan 24 timar før på telefon. 

Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Du betaler ingen eigenandel, og kurset er gratis bode for deg som pasient og om du vil ha med ledsager.

Lenke til informasjon om dine rettar finn du her

Nyttige lenker

Norges Blindeforbund

NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal

Kontakt