Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Atrieflimmer - SNR Kristiansund

Kurs for deg som har atrieflimmer. Pårørande er også velkomne til å delta.

7.
oktober
2025
  1. 07. okt. 2025

Tid og stad

Når

  1. 07. okt. 2025

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret og seksjon for kliniske støttefunksjoner

Kvar

SNR Kristiansund
Auditoriet

Påmelding

Frist for påmelding: 23. sep. 2025

Kontakt fastlege eller behandlar for tilvising til kurset. Tilvising skal sendast elektronisk til medisinsk poliklinikk, SNR Kristiansund.

Oppgi om pårørande skal delta, pårørande treng ikkje eiga tilvising.

KVIFOR DELTA PÅ KURS

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om atrieflimmer, skape tryggleik, forståelse og mestring i det å leve med atrieflimmer. Du vil få møte andre med same diagnose og utveksle erfaringer. 

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

INNHALD

  • Om atrieflimmer og medisinar
  • Å leve med atrieflimmer. Kva er viktig for deg?
  • Trening og atrieflimmer
  • Psykiske reaksjonar ved atrieflimmer
  • Kosthald og helse

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Kontakt medisinsk poliklinikk for påmelding.

Det serveres enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset. Gi beskjed dersom du ikke ønsker bevertning.

Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f. eks allergiar, hørsel etc.

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.
 

RETTAR OG EIGENANDEL

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendast etter kurset.

Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. 

Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du på Helsenorge sine sider.

Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no


NYTTIGE NETTSIDER

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)

 

Kontakt