Pasientkurs

Autisme / Asperger syndrom - foreldre - Volda

Kurs for foreldre til born/ungdom som nyleg har fått diagnosen.

Passert
1.
februar
2024
  1. 01. feb. 2024

Tid og stad

Når

  1. 01. feb. 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Pasient/føresette må sjølv melde seg på opplæringa.
Ta kontakt på tlf. 70 05 85 70 eller send påmelding til:

Helse Møre og Romsdal HF,  BUP poliklinikk Volda. Postboks 113, 6101 Volda.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at foreldre/føresette skal få auka kunnskap om kva autisme/asperger syndrom er og korleis ein kan møte barn og unge med autisme/asperger syndrom både i hjemmet og kvardagen. Vi ynskjer å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett.

Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa. Opplæringa går over 3 samlingar.

Innhald

  • Kva er autsimespekterforstyrringar/Asperger syndrom
  • Om autismespekterdiagnosar og samtidige psykiske lidingar.
  • Behandling av psykiske lidingar.
  • Autismeforeininga fylkeslage Møre og Romsdal.
  • Tilrettelegging skule.
  • Samarbeid heim-skule.
  • Interkommunalt PPT
  • Tilrettelegging og meistring av kvardagen.
  • Foreldrerolle, familien

Praktiske opplysningar

Bevertning: Det kostar kr 150kr. pr person pr dag for enkel matservering og kursmateriell. Faktura vert utsendt i etterkant av kurset

Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast innan 24 timar før på telefon 70 05 85 70. Dersom du ikkje avbestiller vert du belasta med eit gebyr.

Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel.

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Autismeforeningen i Norge, Møre og Romsdal fylkeslag

Støtteordningar for familiar i barne- og ungdomspsykiatrien (e-læringskurs frå St.Olavs)

Kontakt

    Psykisk helsevern for born ogm unge (BUP)

    70058570

    Reidun J. T. Øye

Relevante behandlingar